
Eg forstår ikkje heilt kva som skjer her. Skulle jo legge ut alle bildene frå besøk hos AnneMi på Geilo, men så blei alt bare kryptisk. Og det trur eg dette bildet er også. Litt sånn på halv åtte.
Jaja, får ta det i morgon, heller.
Det var tydelegvis ei stund sidan eg skreiv lista over ting som utgår. Eg måtte redigere litt. Men her er den - nærast komplett. Eg er åpen for innspel, såklart, for eg vil tru det er ein del andre ting i verda som også utgår.
Det må forresten nevnast at sustrene mine har deltatt litt i utarbeidinga av denne lista, så alt er ikkje nødvendigvis sjølvopplevd.
Appelsinhud
Brokkoli med orm i
Buffalosko (men det veit vel alle)
Damebart
Diverse tresortar
Ekstrem svangerskapskvalme
Elveblest
Ett øyenbryn
Fyllesjuke
Gnagsår
Halsbetennelse
Heisblikk
Heismann Hå
Hermegåser
Hulken
"Hvilken størrelse vil du være?"
Jenter som syns det er kult å ligge med dei samme som vennane sine
Kebab
Kjærlighetssorg og massiv grining over dustefolk
Klovnebarten
Klovner generelt
Korpsmusikk (bortsett frå når Netty og Synna er med, for då inngår korpsmusikk kjempehardt..:))
Kvite bukser
Lakksko (jenter har sjølvsagt lov)
Lisseslips
Mandarin med stein
Middagspølse
Midtskill (på feil hode)
Mood
Mule
"Nesen"
Opptattsignal
Paris Hilton
Pia Haraldsen
Piercing i brynet
Ribbestrikkgenser (sånn med litt forskjellige fargenyansa, gjerne (ikkje) med mønster)
Ringorm
Russegenser fra alle andre år enn året en befinner seg i
Sjokolade med lakris inni
Sludd
SMS-språk
Smuler i BH`en (spesielt knekkebrødsmuler)
Snerk
Størkna fett
Sukat
Sylteagurk
Oppringninger klokka fire på natta etter et one night stand pålydande: "JÆI SCHAVNER DEG!"
Trekkspillmusikk
Tvangsdrikking av tequila
Ulvedebatt på TV
Vekkerklokker
Øresus
Kanskje på tide at eg publiserer den O`heilage Lista Over Ting Som Inngår. Sånn på generell basis, ting som er bra og hurra for meg, som gjer meg glad, lykkelig og . Den har vore ein anna stad på veven lenge, men no er det på tide at alle mine skattar får sjå den også. Tataa!
Sjølvsagt alfabetisk, så eg ikkje frike ut av u-systematikk og sånt.
Akrylmaling i store mengder
Anna Sui rouge
Avbitertang
Bent - inngår veldig
Brownies
Cerazette
Concealer
Dromedar og Hot Chili-kaffe (faktisk kaffe - tenk)
Dulling i håret mitt
Dusje
Elliot Erwitt
Fabelaktige foto - generelt
Fine kjoler
Fine kåper
Fine og perfekte jeans
Fjas
Fløyen i regnet
Folk som Blir
Garage
Gode penner
Guacamole
Handskrevne kort
Havet
Hennes&Mauritz
Høghælte sko
Høst
Hårkur
Juicy tubes
Julaften
Kakao
Katter
Kirsebær og alle ting med deilig, syntetisk kirsebærsmak
Klining
Kotsasi sitt hus i Kvamsøy
Kyss i nakken
Lage diplomar til folk som har fortjent det
Latterkrampe
Lerret
Maja"soss"
Mango
Musicals i London
Musikk, eh ja!
Måne
Nordlys
Notatbøker
Nybakte ting
Nyvaska sengetøy
Oldemor sin stad på Askøy
P3morgen
Parfyme, type_ deilig
Peis
Perler - som i ikkje-perleøredobb, men skatteperler
Påskeeegg
Rød leppestift og neglelakk
Rødvin
Six feet under
Sjokolade
Skattekister
Skruar med silikontupp - redda bien og plomstens liv da vi var lampechicks på fulltid
Slippe å skrelle appelsinen sjøl
Sminkefjerner som skummer masse og lukter deilig
SMS`ar av typen "Skulle ønske du var her, så eg kunne ha gitt deg en klem"
Snølykter
Sol når eg kan svømme når som helst
Spontan klemming
Stjerneskudd
Støvelettar av type "finast på jord"
Symaskin
Søstre - mine
Tantebarn(et)
Te
Ullsokker
Venner - sånne gode
Øl
Øyekontakt
Øyne som seier tusen millioner ting og får meg til å grine
Å pynte meg
Det var det. I morgon kjem lista over ting som utgår. Den er ganske lang den også.
I dag vil eg hekle, strikke, lage min eigen smykkekolleksjon, bake, male, sy ny kjole, klippe håret, lage fine, fine bursdagskort - alt anna enn å vere på denne teite skulen.
Så vil eg kline.
Takk for meg, no har eg satt ny rekord i blogg-innlegg på ein dag. Då legg eg diplom-laging-til-meg-sjøl på lista over ting eg vil gjere.
Eg ser det igjen. 5 sesongen. Eg må vere med Cecilie, for eg klarte ikkje tanken på at ho skulle gå igjennom dette traumet aleine. Så vi såg den fælaste episoden i går, grein tretten liter. Cecilie fekk ut litt av sin frustrasjon ved å bjeffe "eg håpa megga Maggie dør av klamydia". Jada, det gjer ho nok.
Ellers har vi utvikla et kjempekonsept, har tenkt å delta på "Skaperen" og faktisk vinne. Ein blir full av (dårleg) kreativitet av å sitte for lenge på Pingvinen når det er søndag.
Konseptet går ut på at ein kan blokkere menneske frå livet sitt, kun ved å trykke på ein knapp. Den knappen kan ein feste der ein vil, den kan skaffast i alle verdas fargar, og den verker alltid. Bortsett frå om ein har promille, då får ein beskjed om å prøve igjen seinare.
Når ein har trykka på knappen, forsvinn menneska garantert frå livet ditt, du slutter å tenke på dei, får ingen ubehagelege telefonoppringningar midt på natta, får heller ikkje akutt behov for å ringe dei - faktisk aldri meir.
Men det som er ekstrabonusen med denne knappen, er at du faktisk kan av-blokkere folk igjen. Og då står dei på døra di innan eit kvarter. Dette har vi stor tru på, men merka kanskje vi hadde liiittegrann arbeid igjen med sjølve utføringa av... alt, eigentleg.
Men tanken var god, den skal vi ha.
I forhold (eventuelt " i henhold") til at eg omtrent aldri er sint, er det merkelig kor forbanna eg kan bli innimellom allikevel.
Men sånn ellers, så er eg jo blid og glad og syns det er KJEMPEKJEKT at det er mandag og alt sånt der. Eg er også SVÆRT glad for at eg stod opp sju og gjekk på skulen åtte, kun for å finne ut av læraren vår var sjuk og eg strengt tatt kunne ha sove litt til.
Er ironien død? Nei, det har eg ikkje sett.
Tatarataaaaa:
I dag er det TO bursdagsjenter - begge av aller beste sort. AnneMi og Velaug har bursdag. Gratulerer så masse til begge to, håpar dagen blir perfekt og fortryllande, full av stas, glitter, kake, klemmar og pakkar. Min Kjære og eg skålte for begge i natt (eg kan ikkje garantere at vi ikkje hadde gjort det uansett om det ikkje var bursdag...).
Velaug skal feirast i helga, det gleder eg meg til. Så får eg heller bare sakne og gråte en skvett over at eg ikkje får klemme og susse på Annemi akkurat no. Men det er jo godt å sakne, både mykje og litt, det betyr jo berre at eg er så glad i deg! Og dessuten kan vi feire ein annan dag, vi må berre vente litt, til vi blir rikare og sånt.
EIN SKOG AV SAKN
Det har vore mange av dei i vinter. Dagar der eg høyrer deg i alle songane mine, ser deg i alle menneska eg møter på gata, kjenner deg i kvar einaste kjensle. All den nye musikken min, eg vil vise deg alt saman, seie: "Høyr, Vegard, denne vil du elske" - og det hadde ikkje gjort noko om du ikkje likte den eingong, du ville ha hørt, eg veit det. Dei nye menneska eg møter, du skulle ha vore her og møtt dei du også, eller iallefall ha vore her så eg kunne fortalt deg om dei. Du skulle jo ha budd her no, vi skulle ha vore i same byen alltid. Du skulle ha kunna vere med på Pingvinen ein slapp søndag, sett på alle dei fine jentene. Eg såg ei der seinast i går du ville ha vore frå deg av begeistring av.
Det føles så latterlig at eg aldri skal treffe deg igjen, at kvar gong eg tenker på å dra heim til Førde må eg fortelle meg sjølv at - nei, Vegard vil ikkje vere der - for det var alltid ein obligatorisk tanke når eg skulle heim. Og det er det enda, eg greier ikkje å berre slå av den tanken. Vil vel aldri greie det, og det er kanskje like greit. Det er fullstendig meiningslaust at du alltid berre vil forbli 24, nesten 25, og vi berre får, og må, gå videre. Vakre Vegard min, eg saknar deg så grenselaust.
Eg har leika med DOLLY!
Takka vere og saman med Min Kjære (for eg har nemlig en sånn). Det var fantastisk, eg grein og lo og svevde på skya og nye turkise sko:) Ho sang alle dei fine sangane, sa alle dei fine tinga, var så piiiittepittelita, hadde like store puppar som forventa, ho spelte gitar, flygel, munnspel, banjo og gitar - og kvart einaste instrument var like overstrødd av glitter som henne sjølv. Det var ein vakker, vakker kveld på alle vis.
Og det var det eg hadde å sei om den saken.
Radaraparet A/SSå her er stoda første mars i totusenogsjuåret:
Eg tilbringer ferien min i Vennesla hos knotten og Heidi(med den allerminste knotten i magen) og Rune. Sidan H&R må jobbe masse og berre har litt dagmamma, fekk eg den store æra å vere tantepassetrine - eller "Tiiinemoooora", som Maja kallar meg når ho skal smiske ekstra hardt og sjarmere meg i senk. Det greier ho lett!
Så kjekt at alt har gått så greit, at Maja syns eg er kul og grei og sånt, og at det ikkje kom meir enn tre meter snø mens eg var her. Vi leikar heile dagen, går på tur i snø og slaps, syng songar, dansar og har ikkje krangla meir enn ein gong. Det utarta seg riktignok til ei tung sutreleppe og tåresprut - alt på grunn av ein misforståelse angåande pålegg. Skinkeost eller syltetøy, liksom. Og medan eg smurte ny skive, med skinkeost sidan syltetøy var fullstendig feil, spiste ho likegodt opp syltetøyskiva medan ho venta. Akk.
I dag var eg innom legekontoret til Heidi, og fekk høyre på hjartet til knøttet i magen! Det gjekk kjempefort og høyrdes ut som et veldig fint og bra folk som var inni der. Det blir både fint, men veldig rart at dei skal flytte til Bergen om mindre enn eit halvt år, og at det skal komme enda eit medlem i familien deira. Fytti, kor kjekt det skal bli!
Veka har iallefall gått veldig fort, i overimorgon drar eg tilbake til Bergen og berre voksne folk, skule og vanlege ting - slutt på dans og fjas og tiddelibom. Bortsett fra Tobias då, som er langt ifrå voksen, men som eg likevel skal leike med i veka ein gong. Det gledar eg meg til.
Men no er det nok, eg må sjå på barne-tv!:)