Eg føler eg kanskje var vel streng og mutt i går morges. Den teen fekk ufortjent tyn.
I dag stod eg opp tidlig, dusja og tok på meg fjeset heilt uten å skape meg. For klokka ni kom nemlig Sanna - kunstnarvenninne av Bent, (fantastiske bilder, sjå berre her: http://www.susannakajermo.se/) for å avlevere hunden sin Kompis, som eg skulle passe. Kompis er ein dansk-svensk gårdshund, berre kvalpen. Så dagen har vore prega av intens hopping, springing, litt biting og masse kos. Eg ønsker meg også ein Kompis!
Og, ja, planen var å sei noko bra om te i dag. For å veie opp for gårsdagen, liksom. Pukka-te er min favoritt, eg elsker alle smakane, noko som begynte å by på finansielle problemer ettersom at dei koster omtrent 70 kr i butikk. Det må jo seiast å vere i overkant råflott pris om ein har tenkt å drikke mykje (og det hadde eg tenkt). Så før jul sjekka eg heilt for moro skyld om det var mulig å bestille på nettet. Og sannelig! På pukkaherbs.com plukka eg alt eg kunne få for tohundre kroner i handlekurven. Nokre dagar seinare kunne eg hente ein gigantpakke i posten, og holdt på å le meg i hel når eg tok alle eskene utover kjøkkenbordet. Ikkje mindre enn 11 esker! Snittprisen blei dermed ein god del lavare enn i butikken. Eg følte meg ekstremt lur og veldig heldig. No er det snart på tide å bestille på nytt.
Så moralen er - te er godt, Trine er lur. Snakkas!
mandag, mai 24, 2010
søndag, mai 23, 2010
Eg har ikkje lyst på te.
Eg gidder ikkje å dusje. Eg vil ikkje ha sjokolade. Eg vil ikkje at Bent sin genser skal få meg til å sjå så kort ut. Eg vil ha lange bein. Eg vil at håret mitt skal tørke superfort, at sminken legg seg på av seg sjølv, og at eg ikkje har krøller lenger. Eg veit at eg ønska meg det når eg var liten og hadde hår stritt som strikkepinner, men eg angrer no. Eg vil ikkje gå ut og vite at alle ser lang vei at eg var lettere kanakkas i går. Eg må ha, eg må ha, solbriller på. Og da kreves det faktisk sol. For eg vil ikkje vere ei av dei som går med solbriller i overskya vær. Og eg vil iallefall ikkje vere ei sånn som går med solbriller inne.
Eg skulle egentlig ønske meg ei meir positiv innstilling i dag. Får dusje, føne håret, glatte det (eller faktisk drite i det), ta ein kopp te mens eg sminker meg (berre litt), ta på meg noko anna enn Bent sin genser, spise ein sjokoladebit, ta solbrillene i veska og stikke på 7/11 og sjå om dei har velvilje og godt humør til salgs. Tar kanskje til takke med Ben&Jerry-is om førstnevnte er utsolgt.
lørdag, mai 01, 2010
Liste to;
Mindre elskbare ting, heller hatbare, men det ordet fins ikkje, og eg syns ikkje ein skal hate særlig mange ting. Men dei eg liker veldig dårlig, da:
Allergi (Eg har ingen, men det er jo frekt at nokon må ha det. Kan ikkje alle berre få vere i fred?)
Betakaroten (Folk med gulrotfarga hud burde tenke seg om neste gang)
Chips med eddiksmak (Det må nokon ha funne på berre på tull. Det går jo ikkje an å spise)
Dustefaensfolk (Det er jo heilt logisk. Ingen liker sånne)
Elg i vegen der ein skal kjøre (Etter så mange år burde elgen ha lært)
Fjell som er altfor høge (Det er berre dumt å klatre i sånne. Du dør når du har hengt fast for lenge, eller så er det altfor langt ned viss du løsner)
Grumleren (Han er fremdeles marerittmateriale)
Hikke (Alle trur at du er full, sjøl om det er midt på dagen og du er på jobb)
Indigo (Det er ikkje sant at det går an å bu i eit bosspann)
Jegerfolk (Viss dyr vil bli spist, kjem dei på døra og gir beskjed)
Kaldsvette (Æh! Det må bli utrydda!)
Leamus (Når ein først har fått det i øyet, forsvinner det jo aldri)
Magesjau (Det er berre dumt. Må utryddast helst fra no av)
Narkolepsi (Urettferdig at nokon sovnar i dei mest idiotiske situasjonar. For da må eg le av folk det er synd i, og då framstår eg som eit ganske dårlig menneske, men eg er jo egentlig grei)
Oraklet i Delfi (Er sikkert litt oppskrytt, iallefall no. tusen år seinare)
Pasjesveis (Er ikkje det omtrent det samme som pottesveis, berre med eit litt finare ord? Vil ikkje ha)
Qk (Fremdeles tullebokstav)
Revers (Veldig unødvendig om ein har tenkt seg framover)
Sjukdom (Ca aldri riktig)
Tankeverksemd (Oftast lurt, men nokre gonger berre ei belastning)
Uvær (Veldig dumt med lyn om ein står på ei open slette heilt aleine uten bil)
Velmeinte ord (for det meste bra, men brukt på feil måte - veldig...feil)
Witch-witch (Vi fikk aldri til det der med musical her til lands)
Xylofon (KVEN fann på det pompøse ordet til eit heilt middels instrument?)
Yr (I luggen - absolutt fatalt)
Zebra (Eg lurer på om det er sant at dei har zebramønstra hud under pelsen)
Ækle ting (Stava med Æ blir alt værre)
Øvelse gjør mester (Og liknande gladgeit-utsagn utgår på det sterkaste. Ein har faktisk meir moro enn ein lagar sjølv ganske ofte)
Åre (Der må alle holde seg unna, ellers mister ein prinsessa)
Skriv under på å vere fornøgd med denne også. Hielt klart. No må eg legge meg.

fredag, april 30, 2010
Tusen år siden forrige liste
Og da må eg lage ei. Alfabetisk, dessverre ikkje fargesortert, og på langt nær nyansert. For eg har drukke øl siden krigen. Den tidligare i dag, da. Herlighet, eg levde ikkje under verken 2. verdenskrig, den kalde krigen, eller blitskrigen (handla den om fotografering?), så det er ingen av dei krigane.
Uansett. Her kjem det elskbare;
Apetitt (ellers hadde eg dødd av sinne og sult)
Barfot i sanden
C-vitamin (det er godt med appelsin, og dessuten føler eg at C er ein skikkelig vanskelig bokstav)
Dadler med bacon (djiiiiises)
Epler (dei har fått sin fortjente renessanse den siste tida. Gratulerer!)
Foreldre (ein hadde faktisk ikkje eksistert uten, og dessuten er det bra med foreldre, mine er topp-3)
Grøt (lørdagsgrøten er trendy igjen i mitt hus)
Helsetrøye (dette vil vekke reaksjonar, eg går altså ikkje med det etter den litt mislykka trenden for sikkert altfor kort tid sidan, men han eg bur med kler det merkverdig godt)
Intelligens (det er så miss å vere uten)
Joggesko (det heiter visst løpesko, men mitt språk har ikkje "løping" blandt orda, så sorry, altså)
Kveldsmat (den må vere heime i Førde og bestå av mamma sitt nybakte brød. Ellers gidd eg ikkje)
Lidelse (Her er stikkordet "nyanse" til å berre ha det bra. Konstante ting blir gørr i lengden)
Mat (Eg liker det)
Nyanse (Dette ordet kjem til å bli så brukt opp at det kjem på hatlista etterpå. Men joda)
Oldemødre (Dei er berre så bra å ha når dei lever, og når dei ikkje lever lenger, er ein så takknemlig for at dei fanst så lenge)
Pepper (krydderets versjon av unisex og onesize, sjølv om onesixe aldri passer alle)
Qk (er ein tullebokstav, så da får den tulleord)
Rips (for det er eit skikkelig bær, som faktisk går an å spise, i motsetning til stikkelsbær. Stikkelsbær? Seriøst. Berre navnet seier jo alt)
Spark (Tori Amos - du kan sette ord på alt. She's convinced she could hold back a glacier
But she couldn't keep Baby alive)Tante (å vere tante er å vere elska på ein anna måte enn eg nokonsinne har blitt det)
Uvær (eg elsker torden, å føle at jorda nesten revner, men bare nesten)
Valg (Vonde, lette, gode. Trist-fine)
W (det er tullebokstav, eg gidde ikkje. Whaaat?)
X (Eg gidde seriøst ikkje)
Yr (hvis ein kan sjå på det fra riktig side av vinduet, er det heilt greit. På utsida av vinduet er det fullstendig ugreit og ødelegger håret mitt. eg vil ikkje ha afrosveis)
Z (Åh, ikkje gidd, da!)
Æsops fabler (for det fins ingen andre ord på Æ, og den eine fabelen handla om ein fugl som fikk noko i halsen, og det var kansje underhaldande)
Ømhet (nærhet, kjærlighet, eg liker alt det)
Åpne kort ( alle burde spille med det, men det funker visst dårlig i poker)
Eg er fornøgd! Men det er no, da. Det er ikkje sikkert eg syns det i morgon, men eg lover korspåhalsentifingerihjertet å aldri slette dette berre fordi eg var på en snurr når eg skreiv det.

onsdag, april 28, 2010
Ein vis gammal mann sa dette til meg ein gong.
Det er lenge sidan no. Men lure ting kan seiast igjen. Til dei som måtte trenge det. For dei fins sikkert.
"Neida. Alt blir bra. Alt blir ikke som før. Alt blir ikke som du hadde tenkt. Alt blir ikke som du vil det skal være. Men det blir bra. Alt annet utgår."
Eg veit ikkje om det er sant. Men eg velger å tru på det.
Mamma spurte pappa om han kunne beskjære kirsebærtreet. Det kunne han. Det aktuelle kirsebærtreet var det same som vi hadde begravd kattungen Oscar under. Dagen før nyttårsaften. Katten var liten, vi var triste, den var jo tross alt død.
Etter tre begravelsar i familien iløpet av kort tid var dette den første jordfestinga eg såg faren min gråte i. Pappa er ein vaskeekte katteelskar.
Men no var det sommar og pappa henta saga overraskande fort. Han kom attende like fort, stolt og svett. Ville gjerne ha nybakte bollar i belønning. Mamma kunne nesten ikkje tru det. Mannen hennar var jammen flink. Ho gjekk for å sjå.
Pappa syns mamma så tydelig hadde bedt han ”skjære ned treet”. Dette fann han ein smule besynderleg. Treet var jo igrunn ganske ungt og hadde nettopp fått bær.
Men når mamma seier noko, har ho som oftast ikkje berre god grunn, ho har også bestemt seg. Så pappa sagde ned heile treet.
Om dette hadde vore ti år sidan, hadde konsekvensane vore store. Mamma hadde grått hysterisk, ikkje sagt eit ord på fleire dagar og forbanna himmel og jord over evneveike ektemenn. Men no hadde ho hatt kreft, blitt frisk og alt, og uansett så klisjèfylt det kan virke, hadde ho fått perspektiv på skilnad mellom små og store kriser.
Vi lo alle, og skynda oss å ete opp dei siste kirsebæra. Skjønt alle var enige om at ein stubbe er hakket meir stusslig minnesmerke enn eit blømande kirsebærtre.
fredag, april 16, 2010
My debutant-ball
I dag skal eg delta i selskapslivet for første gang på ein månad. Etter å ha vore pjusk og sjuk så lenge, har eg heilt prestasjonsangst. Eg trur ikkje eg husker korleis ein legg aftensminke. Eg veit ikkje korleis ein beveger seg i kjole. Han ingen anelse om eg faktisk greier å gå i høge hæler lenger. Håret mitt kjem til å få panikk om det kjenner antydning til styling. Ingen av leppestiftane mine virker lenger, sikkert.
Eg tåler garantert ikkje særleg mykje vin.
Men herlighet, eg gleder meg til å feire Sharin sin bursdag!
Eg tåler garantert ikkje særleg mykje vin.
Men herlighet, eg gleder meg til å feire Sharin sin bursdag!
tirsdag, oktober 27, 2009
Eg er heime i Førde. I går såg eg i fotoalbum frå min barndom. Eg likna ikkje på nokon når eg var baby. Eg var det eg helst vil kalle "brun og fin", men som mamma insisterer på var gulsott, eg hadde ekstremt masse hår, og såg ut som ein eskimo. Naboane sa eg likna på postmannen. Eg veit ikkje om det er sant. I den seinare tid hadde iallefall postmannen lyst hår og pottesveis. Og bart, forresten. Då eg var på leiskule som seksåring, fann eg mitt indre, og hittil framleis blant topp 3 av skjulte talent (ja, dei andre to er brua og spagaten). Dette talentet består i å kunne bøye det øverste leddet på fingeren i 90 graders vinkel. Det ser heilt sjukt ut, og eg kjenner ingen andre enn meg sjølv som kan dette i så ekstrem grad. Iallefall ikkje før eg såg Jahn Teigen på framsida av Se & Hør gjere nettopp dette. Han hadde dette talentet på grunn av leddgikt, men smilte like blid fordiom. Og eg fekk ein støkk i hjartet når eg såg det. Eg lurte lenge på om dette kunne vere tilfeldig, eller om mamma på ein måte hadde vore på konsert omlag ni månader før eg kom til verda. Ein veit aldri med groupies, og det kan jo hende det var fleire grunnar til at Jahn Teigen alltid gjekk på full guffe på platespelaren når mamma vaska huset. Eit stakkars barnehjarte vert lett forvirra over manglande likhetstrekk med sin påståtte far (for eksempel hadde eg verken briller eller bart), når slike mystiske "tilfeldigheter" kjem for ein dag i bladhylla på Rema. Heldigvis fekk vi eit bilde av pappa sin far og alle hans søsken då eg var femten. Likheten mellom pappa si tante og meg sjølv var så slåande at eg nesten vart skremt. På bildet er ho også rundt femten, og sit rakt og alvorlig med blikket rett i kamera og ser heilt ut som meg. Ein ting mindre å bekymre seg over. Likevel, eg har hørt Jahn Teigen såpass mykje på plate at vi har eit band som ikkje slites så lett. Tipper ingen andre ungar har sunge høgare og med meir innleving "Du er en sheeell-stasjon!!!" (Også kjend som "Du er en sensasjon" for dei som faktisk kan norsk og høyrer etter på tekstane). Vel, Jahn, det kunne vore du og eg, men beklager - både hjartet og gena mine høyrer til ein John. Men gratulerer med overstått! Du er ikkje så verst du heller!
mandag, oktober 12, 2009
"Rødjakkedamen" har blitt eit fenomen på jobben min. Dama har, som de sikkert allereie har gjetta, rød jakke. Ho har gyllent hår, klippa i ein fasong totalt annleis enn alt anna eg nokonsinne har sett. Ho har ikkje-eksisterande hår foran øyrene, fordi det er klippa rett av i kant med augebryna. Ein kan kanskje betegne det som ein heilt fullstendig gjennomført skål-klipp.
Rødjakkedama er innom gjennomsnittleg ein gong i månaden. Ho handlar alltid hos meg. Eg trur det er fordi ho har ein tendens til å komme like før stengetid og då er som oftast eg på jobb. Det er nok forresten også fordi eg er den einaste som klarer å vere tolmodig lenge nok til å hjelpe henne.
Eg veit etterkvart at Rødjakkedama bur utan andre menneske, men ho har minst to kattar. Ho er veldig glad i desse, det merker eg, samtidig snakker ho alltid litt halvstygt om dei; Dei røyter veldig, er skikkelig snobbete, ho får dei ikkje til å spise vanlig kattemat, dei grin seg til luksusmat frå dyrebutikken. Dessuten har dei eit stort forbruk av fleecepledd, og det er der eg kjem inn i bildet.
Denne dama er eit komplekst menneske (vel, kven er ikkje dèt?) - på den eine sida verkar det som om ho syns det er ei ekstremt stor utfordring å gå til ein butikk og forklare sitt behov ved å ta kontakt med andre menneske. På den andre sida virker ho totalt utsulta på mellommenneskelig kommunikasjon; ho får liksom ikkje nok, samtidig som ho syns det er slitsomt og veldig vanskelig.
Etter å ha hatt Rødjakkedama som kunde mellom tjue og tredve gonger, veit eg handlingsmønsteret til minste detalj. Ho kjem smygande inn, vandrar langs hyllene. Held seg langt unna dersom eg har andre kundar, men beveger seg liksom-tilfeldig ganske raskt i mi retning om eg er aleine. Plutselig er ho der, berre. Og eg kan spørre kva eg kan hjelpe henne med i dag. Ho skal ha fleecepledd. Kvar gong. Ho finn dei på førehand, slik at ho alltid har to stykker og velge mellom. Minst eitt av dei er alltid raudt. Rundt juletider har ho rekord i å ha vanskeligheter med å bestemme seg, då graden av ulike fleecepledd i raudt er høgare enn resten av året, og vi kan risikere at ho må velge mellom fire ulike, røde. Då får til og meg eg min tålmodighet kraftig sett på prøve.
Uansett, Rødjakkedamen ser meg sjeldan i ansiktet, ho mumler, trekker den eine munnviken ofte til side og ser rimelig mutt og oppgitt ut medan ho skal bestemme seg. Choices, choices, liksom. Det eine eller det andre - eller (helst ikkje) det tredje?
Sukk, kattene klorer og biter hull i pledda, men dei må jo liksom ha pledd, sant, for dei må jo ha det koselig, det er jo viktig både for katter og menneske. Jada. Det er jo dét.
Prosessen for avgjerd lakkar og lir, ofte tek det meir enn tjue minutt, og ho vil helst ha meg der heile tida. For å hjelpe henne med å bestemme seg, men eg veit jo at det ikkje er vits uansett. For når ho endelig har bestemt seg, kjøpt teppet, betalt og eg har lagt det i posen. Sagt hadetbra! Da går Rødjakkedamen. Til trappa. Så snur ho, kjem tilbake, og har ombestemt seg. Kvar gong.
Forrige gang ho var i butikken braut Rødjakkedamen mønsteret. Midt i "skal-vi-se-hm-em-det-eller-dèt-ka-skal-eg-velge-eg-vet-ikkje", fortalte ho at ho hadde vore hos frisøren dagen før. Åja, sa eg, ja, det kan eg jo sjå, forresten, at du er nyklipt. Men det var eit problem, nemlig, ho vart ikkje heilt fornøgd, så ho hadde prøvd å rette det litt bak, uten speil og ikkje med spesielt god saks. Jasså? sa eg, og merka at eg begynte å stusse litt på kva som egentlig foregjekk no. Brudd i rutinene, skummelt. -Helt ærlig, er det veldig stygt? sa Rødjakkedamen, såg meg rett i auga og snudde seg rundt. Eg fekk heilt panikk. Det var krise. Det såg heilt forferdelig ut. Og kva skulle eg sei? Nokre tilfelle er for ekstreme til å lyge og sei Neeida, detvar så fint, så. For i bakhovudet hadde ho ei trapp. Ei veldig skeiv og veldig ustrukturert trapp. Nokre stader kunne ein sjå hovudbotnen. Shit.
Eg sa at eg på ein måte kunne sjå at ho hadde gjort det sjølv, men det var ikkje veldig stygt. Kanskje ho skulle gå innom frisøren igjen og spør om dei kunne fin-klippe det litt? Det kunne dei jo sikkert fikse. Dessuten ville det vel vokse fort ut igjen. Ja, det kunne ho jo. Etterpå bestemte ho seg for pledd. Når ho betalte nevnte ho i forbifarten at ho hadde bursdag. Eg sa Oi, hurra, da må jo du spise kake i dag! Ho likte ikkje kake. Og når ho kom til trappa, snudde ho ikkje. Ombestemte seg ikkje, denne gongen.
Eg håper ho kjem tilbake.
torsdag, oktober 08, 2009
Eg vakna.
Med internettdekning! Det var haust. Gjekk tidlig fra jobb. Forvirra - kva gjer folk midt på ettermiddagen når dei ikkje jobber? Må dermed blogge att. Er nødt. Men kjenner fingrane ikkje heilt veit korleis dei gjer det meir. Var det slik det var, altså. Å skrive på data.
Notatbøkene mine er jo endelause og fulle av merkelege snuttar skrive i raudvinsbris, dei blir ikkje publiserte med det første. Ikkje her iallefall. Dei skal den andre bloggen få. Dykk spesielt utvalde kjenner jo adressa. Den har stått stille i det siste den også, stakkar.
Kva hender i livet mitt, egentlig? Eg husker ikkje korleis eg fekk så mykje utav så lite, egentlig. Ikkje at livet og kvardagane mine er "lite", altså. Men det er ikkje spesielt spanande. Sist gong eg møtte Knut frå vidaregåande sa han at han brukte stikke innom bloggen min (korleis visste han om den?) og han betegna den som "trivelig" eller noko i den duren. Eg føler faktisk livet mitt er noko anna enn "trivelig", men eg veit ikkje kva eg skal kalle det.
Søstrene og eg var i Oslo på Tori Amos-konsert. Det vil eg ikkje karakterisere som "trivelig" heller. Det var faktisk spektakulært og fantastisk. Ho er seg sjølv framleis, like koko-gal-fabelaktig der ho satt i knallgul lizardkjole i verdas fjongaste skyhøge stilettar og spelte tre tangentinstrument samtidig. Det slo lufta utav meg. Vi har hatt mange stunder saman, Tori og eg. Svært på kan kallast trivelige, men bortsett frå dèt, har vi vel vore innom heile spekteret.
Det kan forresten hende han kalla bloggen min småsøt også. Er den det? Småsøt?
onsdag, juli 08, 2009
lørdag, mars 28, 2009
Kalde fakta:
- Eg er for dårlig til å sei ifrå. (Ikkje på den "Sei-i-frå-kampanje-måten", men den andre)
- Eg er for dårlig til å snakke om ting som ein bør snakke om.
- Eg er for dårlig til å halde kontakten med folk som er viktige for meg, og ergo difor også for dårlig til å vise dei som er viktige for meg at dei er nettopp dèt.
- Eg er for dårlig til å takle kritikk og få kjeft.
- Eg er skikkelig, skikkelig dårlig til å vere tålmodig og grei når det er lenge sidan eg har spist.
- Men eg er dritflink til å lage pizzadeig.
fredag, mars 20, 2009
No greier eg visst ikkje å slutte
Er det berre meg, eller er dette bildet til å få magesår av? Ikkje for å vere frekk, altså. Men det er jo ikkje nødvendig å sjå ut som en frosk kryssa med whats-his-name-Iglesias, eller han som er gift med J-LO. Og eg syns ikkje den songen er spesielt forferdelig, det kan godt hende den vinn heile sulamitten - og eg kjem til å heie med heile min kropp og mitt hjarte. Det er verkeleg berre ein song som ikkje gjer seg særlig bra i lengden, type a-listing på alle kanalar. Og det fjeset hans ER berre litt irriterande.
Men no skal eg altså ete noko, eg er jo totalt uspiselig sjølv. Flaks eg er aleine. Ingen hadde holdt ut i mitt selskap - ikkje eingong Englefjes-Rybak. (Også "Rybak", då. Flott navn, heldig med den")
Helsiken, den tjeneren tok sannelig plass. Sprengte heile bloggen, gitt. Jaja, då håpar eg ho gjer meir nytte for seg framover.
Forresten, er det egentlig nødvendig at han der fele-grand-prix-mannen ligger på spelelista til P3? Eg merker eg blir ein smule irritert, han er jo på alle kanalar konstant. Det er kanskje unødvendig å nevne at det strengt tatt ikkje skal så mykje til å irritere meg no - i og med at eg ikkje har spist middag. Sultne-Trine er som kjent sur som eddik. Men det er ikkje min feil, eg er faktisk arveleg belasta og kan ingenting for det.
På att med jakka, middag aleine.
Kvar er tjeneren min? Altså, no når eg først er i gang. Nettopp, når eg skulle inn igjen på bloggen min, fekk eg beskjed om at sida ikkje kunne visast fordi sida sin tjener var opptatt. - Har eg min eigen tjenar? Kvifor har ingen fortalt med dèt? Og kva i helvete dreiv ho med i stad, når eg trengte henne som mest? Når eg får kloa i tjeneren min, skal ho få passet påskrive.
Middag
I dag skulle eg vere flink make og lage middag til min kjære. Han dro på jobb før åtte i dag morges og har hatt lang dag.
Konklusjon; Synd i mann = Mann få middag.
Etter ein halvtimes research i diverse kokebøker, var planen klar. Magen også, forsåvidt. Så eg tok på meg jakka og skulle gå for å handle. På veg ut fekk eg sms fra Bent. Dei hadde framleis ikkje begynt på det siste bildet, og han var to timar unna. Ergo, ville han ikkje vere heime før ti i kveld.
Konklusjon; Middag = Marsipanbrød.
søndag, mars 15, 2009
No skal vi sjå. Om eg framleis greier blogge
Etter over eitt år. Har eg framleis eit såpass interessant liv at det kan skrivast om det? Ved nærare ettertanke har eg vel som oftast skrive om det, uansett kor uinteressant kvardag eg har.
På over eitt år - har eg lært noko nytt? Har det skjedd noko? Lat meg lage ei liste.
Dette har skjedd:
- Eg har fått ny nevø, som no er over eitt år og kan sei Hei i ein dørstoppar, når han lét som den er ein mobiltelefon.
- Eg har blitt sambuar. Dette var stort, etterlengta og veldig gøy.
- Eg har blitt sjef - plutselig, intenst og hektisk.
- Eg har fått langt hår, klippa lugg, angra, spart den ut igjen, klippa lugg, angra igjen. No får eg den snart i hestehalen, så alt er klart for ein sommar utan svett panne.
- Eg har gifte bort Anne Mari, vore i Göteborg, Helsingborg, København, Valdres og Praha.
- Til sommaren skal eg til New York - eit resultat av ein overveldande premie eg vart tildelt under forrige jobbsamling.
Dette var berre eit assortert utdrag. Det har strengt tatt skjedd ein heil del meir.
Dette har eg lært:
- At kvardagar er deilige, sjølv om dei kan sjå kjedelige ut, både nært og på avstand.
- Nokre jenter kjem aldri til å innsjå at dei ikkje skal bruke hudfarga strømpebukse. Det må eg berre lære meg å leve med.
- Eg kan være både streng og sint, utan at verda går under og folk vender ryggen til meg. Dei vert berre lettare sjokkert til å begynne med.
- Det er visst på tide å kjøpe steinvaska jeans igjen. Eg kjem til å nekte ei god stund til. Når eg til slutt ikkje greier la vere lenger, kjem ei viss storesyster til å le så ho tisser på seg om ho nokongong oppdager dette.
Ein mjuk start. Eg skal begynne å blogge igjen. Eg gler meg allereie.
Abonner på:
Innlegg (Atom)