Er det dette som er den ekte skattekista mi?
Neste helg skal Cecilie komme på besøk til meg. Det gleder eg meg masse til! I samband med dèt, ville ho ha ein oversikt over kva vi kunne gjere her når ho kjem. Søkte på bilder frå førde, men det var ikkje mange eg fann, gitt! Dette fann eg, veit ikkje kva det er, men vi kan definitivt fikse noko liknande. Trur det går ut på å stå midt i ein foss og pirke med ein pinne. Gjerne i høljeregn. Så ta med deg den oransje regndressen og forbered deg på ei kjempekjekk helg!
Ellers har vi eit kulturtilbod utanom det vanlige; her vil eg spesielt trekke fram terapibassenget, der ein kan sitte i boblebad berre fem minutt og ha kroppen full av blåmerke.
Dette frista kanskje ikkje så heilt voldsomt, men det er jo samme kva vi gjer - berre vi er saman!
Oi, for en bra lørdag!
Etter å ha plukka opp Jeanette i Vadheim, ankom vi Høyanger - klare som påskeegg til fest og fjas av den perfekte feminine sorten.
Sasi satt allerede i klippestolen då vi kom, og vart fort forandra til ein herlig blanding av Audrey Hepburn og Margaret Berger. Kristine var brun og lekker etter ei veke på Lanzarote, fantastisk kjekt å sjå ho igjen, så altfor lenge sidan sist. Ho var like produktiv som vanlig, og klippa både Jeanette, Sasi og meg som perler på ei snor. Det kjendes fantastisk å endelig ha sin heilt eigne stylist igjen, etter å ha klippa meg sjøl dei siste månadane.
Etter at alle hadde blitt frisert, kledde vi oss om, sminka og dolla oss. Det er fantastisk kor lykkeleg ein kan bli av å stå foran ein spegel saman med tre gode venninner, litt vin innabords, rouge og lipgloss. Ingen kan kalle det kravstort!
Den videre oppskrifta på ein perfekt kveld, er ein god dose fantastisk mat (såpass at knappen i buksa fell av), meir vin, smågodt sirlig delt i to med brødkniv (ingen bitar slapp unna), ostepop spist med gaffel, meir vin, klipping av pannelugg (Kristine sin første fylleklipp - på meg - fantastisk resultat!), plystring av sound of music-songar (hallo, det tok berre aldri slutt heller), fotosessions, meir vin.
Då det lei mot midnatt, gjekk vi ut og skulle då sjølvsagt ta Høyanger med storm. Om det var så mykje å ta med storm, er et heilt anna spørsmål. Vi velta inn, i ein sky av hårspray, fnis og støvelettar og kva møtte oss? Seks svært diffust utsjåande mannfolk rundt eit bord på ein svært suspekt utestad. Ingen doddisbartenderar så langt auget kunne sjå, ingen fancy fototrykk på veggane, italienske tekstilar eller danske designlamper der i gården, for å sei det slik. Mennene hadde skinnjakker/vestar, kaps og omtrent tøflar på beina, og interiøret bar preg av å ha vore poppis ein gong tidleg på nittitallet (les vinraude og mørkegrøne veggar - allergianfall!!!!) Dette underheldt meg naturlig nok i omlag eit kvarter, men då var grensa mi nådd. Eg klarte rett og slett ikkje å vere vaken lengre. Så eg tok eit par supar av ein Irish Coffee, rigga meg godt til på sofaen og la meg til å sove.
Etter ei stund blinka lysa, og vi skulle gå. Då hadde dei andre fått vite av ein svært deprimerande kar at livet faktisk er over når ein får born og giftar seg. Kjærleiken til partneren din tek slutt, alt er kjedelig, ungane har ingenting anna å by på enn ein ørliten underholdningsverdi og kona di vert kjedeleg og mildt sagt uuthaldeleg å snakke med. Dette var nytt for oss, og litt dårlege nyheter eigentleg. Men pyttsann, det kom vi fort over!
Heime hos Kristine venta verdas beste seng, pysjamas, tannkrem og sminkefjernar.
Kort oppsummert var dette ei tvers igjennom fullkomen helg. Kristine har reist attende til Tromsø, Sasi og Jeanette til Bergen og eg - alt eg sit igjen med er ein fjong pannelugg og saknet etter fjas og tøys med skattane. Men heldigvis gode minner for tjue helger framover! Og eg ser fram til å sjå bileta som Sasi sannsynlegvis snart legg ut på sin blogg. Bildet ovanfor er av oss, framleis aktive med frisering også om femti år.
Eg kan rett og slett ikkje forstå at historia om Jørn Egil ikkje slo betre an. Får ein mistanke om at nokre av mine edelsteinar rett og slett skumles postane mine. Er mors meir eller mindre gode tips meir interessante enn det faktum at eg mishandla kjærasten min på det grovaste og dumpa han neste dag? Han såg faktisk verre ut enn han på bildet. Har vold og rock`n roll slutta å selge, er det slik verda har blitt? Det finn eg meg ikkje i.
Mammas universalreglar for eit bra liv; det vil sei å ikkje vere kald, ikkje trøtt, ikkje påkjørt og så vidare.
- Ha på deg strømpebukse. (sånn tynn - svart i vinterhalvåret, beige ellers.)
- Legg deg før elleve.
- Bruk refleks.
- Spis opp maten din (mange gangar, ikkje berre ein porsjon)
- Ikkje sjå på skumle, slemme, stygge, blodige, voldelege, høglydte ting på tv.
- Legg deg i badekaret.
- Ha på deg "en flis" - les fleecejakke, altfor stor.
- Tøflar hjelp mot det meste.
- Varmeflaske også.
- Og melk.
Dersom absolutt ingenting av dette skulle hjelpe, har ho kun eit råd igjen å gje. Nemlig å sette seg i den beste stolen, ta av sko/sandalar/kloggar/det du eventuelt har på beina (husk å behalde sokkane + strømpebuksa på såklart), skrell en appelsin og bare meld deg ut for fem minutt. Så er du tilbake på plass med eit blunk.
Faren for at bloggen blir ein bursdagsblogg er overhengande. Slik er det når så mange born vert produserte i mars. For i går var det nok eit bursdagsbarn. Dette barnet er ei som ikkje seier noko særlig på bloggen, men eg veit ho er her likevel. Iallefall av og til.
Jenta vi snakker om er mildt sagt fantastisk. Ho er ufatteleg dyktig, ambisiøs og kreativ , men vil vel helst ikkje vere "flink jente" alltid. Ho brenn for at folk skal få fortalt historiene sine, få vist verda kva dei kan og at ingen skal rotne bort i ein krok når dei har kroppen full av gode idear.
Ho er rettferdig, snill, omtenksom, morsom, har ein kjempeflott mann. Om ho vil, har ho ei lysande karriere foran seg i det ho studerer no, men (heldigvis for meg) lurer innimellom på om det er det ho skal bli når ho vert stor - eller noko heilt anna. Ho vil alltid det beste for alle, og gjer alt for at vener og familie skal ha det bra.
Eg vil med dette berre sei at om du finn ut at ankerkvinnejobben ikkje vert som forventa, er eg når som helst klar for å bli kabaretartist saman med deg på Mallorca. Gratulerer så mykje med overstått, min kjære venn!
I dag har eg funne ut kva eg heiter på alvespråk; Eàrànë Falassion. Heidi heiter Nellas, Marte Tàri og pappa Findecàno. Mamma heiter det samme som meg, så eg er på ein måte oppkalt etter ho på alvespråket. Og det er jo litt fint. Maja og Rune er Ireth og Carantir of Dorthonion.
Vårt hobbit-familienamn er Bleecker-Baggins of Fair Downs, eg heiter Polly, storesyster Belba og lillesøster Tigerlily. Pappa heiter Olo. Maja heiter også Tigerlily, men Brandybuck of Buckland til etternamn, saman med Rune som heiter Marrock til fornamn. For en fin familie!
Om nokon vil prøve det samme, er sida http://www.chriswetherell.com/elf/
Enda ein av diamantane bursdag, nemlig Mona! Det er ei stund sidan ho skreiv sin første kommentar her i skattekista, og Mona har enno ikkje fått den velkomsten ho fortener. Den tenkte eg å gi henne no, som eit bursdagskort sendt over verdsveven.
Den aller første gongen eg var på Living, fekk eg rundtur av "Haien". Eg hadde vore på kontoret og skrive kontrakt, men skulle ikkje begynne før ei veke seinare. Eg hilste på dei fleste, huska ganske få fjes etterpå, og enda færre navn. Mona derimot, huska eg. Ho med den store, raude munnen, med fleire hundre tenner som smilte blidt og litt hyperaktivt ønska meg velkommen og syns det var kjempekjekt. Er dette mennesket ekte? -Tenkte eg, og lurte på korleis ho var til vanlig.
Mona er slik til vanlig, men er alt utanom det vanlige likevel. Ho har ein utrulig energi (eit mysterium kvar den kjem frå), eit smil, ein dybde og ein humor som tek dei fleste med storm. Eg har sett tøffe ungjyplingar rødme og stamme etter eit minutts samtale med Mona, den mest hardbarka ungkar kan få gifteplanar på eit sekund.
Ingen kan gå upåvirka frå eit møte med Mona. Ho kan drikke kven som helst under bordet, ho kan lytte, fortelle, trøste, grine, le i timesvis, er supermamma og sjørøvar på same tid. Mona har nemlig, til tross for sin elendige smak i menn, fått tre fantastisk vakre barn.
Det er merkelig at ei som fint kunne vore mor mi, kan vere så lik meg i tankar og reaksjonsmønster, og i tillegg vere ein av mine aller kjæraste venner. Mona har svært mange gonger redda dagen min med sitt utrulige humør og merkverdige kommentarar. Veit du liker dårlig å snakke om "savn og triste ting", men eg må likevel få sei at eg savner deg veldig, MYH!
Men, som kjent, eg kjem snart til Bergen på besøk! Ha ein strålande dag og hils masse til dei små!
Sidan alle vi skattekistefolk er åttitallsfolk (unntatt Marte som er nittitalls, men sikkert har sett reprisar), huskar vi vel vår venn Gullars. Eg meiner han oppfant verdas beste kodespråk då han røymde og la att eggeskal og rømme på kjøkkenbenken. Marianne tok den med ein gong. "Eggeskall og rømme?! Eg skal rømme?! Gullars har rømt!"
Heidi og eg hadde Gullars kassett, og eg kan heile utanat den dag i dag. Eg var spesielt fan av songen der han beklaga seg over å vere så liten. Det var vel kanskje fordi eg kjende meg litt att, sidan eg alltid var både yngst og minst i gamle dagar. Her kjem eit utdrag frå songen:
Det er dumt å vere liten, når alle andre er så store
det er dumt å bli så sliten at du sovnar undar bordet
det er dumt å ha så liten kropp
at du nesten ikke rekker opp
Faktisk kan ein jammen kjenne seg igjen litt enda. Sjølv om ein no veks kun i bredden.
I dag er det også nokon andre som har bursdag! Det går an med to på ein gang, sjølv om kanskje Anne Mari har litt problem med å dele dagen..
Min søte, fine, snille, gøye Velaug har bursdag! Ho blir 26 år gammel, og du skulle ikkje tru ho var ein dag over einåtjue! Sidan eg ikkje har bilde av Velaug aleine, kan alle som vil, sjå henne på bilda litt lenger nede på sida. Dei over den tissande elefanten.
Håper du får ein strålande dag, min venn, med gullsko, kake, blomster, fyrverkeri, alle dei fine guttane, skattar, sydenturar, bilar og alt ein kan vinne i Hallvard Flatland-program.
Akkurat når du har lyst, kan du også komme på besøk til meg! Då kan vi danse under månen på altanen vår, vi kan sjå på folk som puttar minibankkortet i feil hol, eller nokre av dei utallige andre turistattraksjonane vi har her i trivselsfylket!
I dag er det Anne Mari sin bursdag! Det er omtrent det beste ho veit, og eg kan tenke meg Charlie har fått svært god info dei siste månadane om kor lenge det er igjen. Kor mange dagar, timar og sekund. Endelig er dagen her, og eg høyrer rykte om god vin, mat, finkjole og prinsessefeiring. Og det skulle berre mangle!
Anne Mari har til og med ikkje ete snop på minst to veker (er det mogeleg?), men i dag får ho nok putte i seg alt ho har lyst på.
GRATULERER SÅ MYKJE MED DAGEN! Min kjære gode, nydelege, morosame, fantastiske Annemi! *hapåsegbunadogblåseifløyteogviftemedflagget*
PS: Skal du snart komme og bu i hybelen din i Førde igjen? Viss du klarer å komme over helga eller noko, så hadde det vore veldig fint. Charlie kan bli med, det er ikkje noko problem.
Det er fint ver i Førde. Det er bra. Mamma, pappa og Marte er snille med meg. Det er bra. Her et eg sunt, til faste tider, det er også bra. Eg har fått ein mjuk start på sjukehuset, klart å smile og svare kort på alle spørsmål. "Jada, eg har komt heim for å jobbe litt, ja kjekt å vere heime hos mamma. Ja. Hade!".
Så, innimellom, kjem eg på at no er dette faktisk den einaste heimen min. Til vanlig seier eg at eg skal heim til førde og så heim til Bergen igjen etterpå. Men no har eg dratt fra den eine heimen. Og ikkje berre det, eg har dratt frå vennane, kollegaene, guten og byen eg er så glad i også. Og når eg tenker på det, blir hjartet mitt til ein kald, våt og slapp klut og må grine litt. Er så mykje å tenke på, avgjerder å ta, minner å passe på å ikkje gløyme.
Eg veit heldigvis at Bergen vil vente på meg om eg kjem attende, det same vil skattejentene og kollegaene som også har blitt mine gode vener. Om ikkje så altfor lenge vil Heidi og fjonet og Rune vere der, og så er alt på plass. Iallefall det meste.
Dilemma som lett dukker opp når ein bur i førde:
Kva skal eg sjå på tv? Nyheter på tegnspråk, ei dame som syng visesong, sånn kvikk, veldig "stilig", eller tragisk og frekk reklame for Plan, der ein anten begynner å grine fordi ein får så dårlig samvit, eller blir forbanna for at det går an å framstille folk som offer for å få fleire kundar.
Eg går meg heller ein tur med lillebolen min. Eller lilleblomen, om du vil.
Gårsdagens soundtrack:
- I give myself away - D`sound
- The other side of the world - KT Tunstall
- Winter - Tori Amos
- So this is goodbye - Moby
- Du e heilt perfekt - Folk og Røvere
- Sorta fairytale - Tori Amos
- Run - Marthe Wulff
- Jeg hadde tenkt - En sørgelig sang som pappa kan spille til meg når eg treng å grine litt. Han kan sikkert sei kven som har laga den.
Berre ta ein titt på dei fine jentene som ville bli med å ta en tår for TeitelilleTrine som dreg frå byen utan å mukke. Jo, mukkar litt, forresten.
Velaug - beekeeper, Sasi, Cecilie og Jeanette i front. Nokre meter bak meg, som er fotograf, sit den svært så myteomspunne broren til Velaug bak ei dør. Han hadde blitt låst inne på rommet sitt, då han skjøna at huset skulle bli invadert av smårips. Og for å oppklare ein del spørsmål her - han måtte gå ut av rommet sitt, forbi oss i stova, for å gå på do. Og sidan han det ikkje gjorde, vart vi særs fascinert av hans evne til å halde seg. Eg for eksempel, eg tissa minst tre gonger i løpet av kvelden.
Vi lurer veldig på om ikkje broren til Velaug må tisse snart. Vi vurderer å gi han ei eske med Lacerol, men trur det hjelp på andre ting enn tissing. Konklusjonen er uklår. Kor lenge kan ein bror sitje på rommet sitt utan å måtte tisse!? No har vi venta i minst tre timar. Ei jente vi har høyrt om, namn ukjend, kunne sitje på rommen sin i minst tre døger utan klåre teikn til å måtje latje vatnjet.
Spenn sikkerhetsbeltene! Slå opp bordene! Ta på flytevestene! Her kommer historien i ditt liv! Hei! Drive du og ringe til ei som heite Trine med brunt hår? - Det har
ingen betydning for meg hvilken hårfarge hon har! Bare ring til han og sei at systra mi har ADHD! Nei, men ho har jo ikkje det! Då kan ho jo bli mistenkt for å ha det. Ring ring, guri malla, kor avansert.
Nokre band har lange og avanserte navn, og med ein gong ein høyrer dei overset ein dei automatisk i hovudet. Iallefall gjer eg det. Som "Red hot chilipeppers" (eller "Red hot silly skreppers", som var namnet på russebilen vår.), Rolling Stones, The white stripes & The darkness. Men plutselig ein dag kom eg på at Coldplay blir "kaldspel". Teit kanskje at eg ikkje har tenkt på det før, men eg syns iallefall det var veldig søtt. Og det er jo dessuten måte på alt eg skal drive å tenke på heile tida.
Eg såg dei live på Quart 2001, ei kjempefin oppleving, sol, varme, gode venner, heilt fremst, litt sånn halvberusa. Eg fekk blikkontakt med Chris Martin (ja, sikkert), og la planar om giftarmål på sekundet. Lite visste eg då om at han ville kapre ei av verdas finaste og flinkaste skodespelarar og i tillegg smelle henne på tjukken med eit eple. No er ho gravid igjen. Skulle ikkje forundre meg om det blir ei pære denne gangen.
No har fristen gått ut for påmelding til varme-sol-sjø-fjas-og-fest-turen, og dei som er med er følgande: Sasi, Jeanette, Anne Mari, Heidi(eg er litt usikker på om du ville vere med, eller bare ville at eg skulle få dra..) og Marte. Marte skal sjølvsagt få vere med på alt, og slippe å sitte på hotellet og grine og grine og grine. Husk å pakke, vi treng ikkje meir enn det som er på bildet. Pluss pass. Skal vi sei at vi møter opp på flesland om fire-fem timar?
Når ein jobbe i butikk er det ikkje måte på kor mykje ein må finne seg i.
Kunden har alltid rett, heiter det seg jo, men er no det eigentleg sant?
For eksempel når eg har skifta pære på ei lampe tusen gongar og kunden kjem og insisterar på at den lampa har "speesiaalpeere". Uansett kor mange gonger eg seier at "joda, det både står på utsida at det er vanlig pære med liten sokkel, i tillegg til at eg veit det fordi andre enn deg har lurt på det samme." - Allikevel MÅ eg kvar einaste gong åpne eska for å vise at eg har rett. Gjerne også faktisk skru i ei pære for å vise at det er heilt sant.
Så må eg bare smile og sei "joda, det er lett å sjå feil, den er jo veeeldig spesiell den sokkelen. Jahahahaheheheeeee" *terapismil*.
Så har vi alle dei opplagte spørsmåla, og ikkje minst dei "morsomme" spøkane som kan irritere vettet av den mest hardbarka og tolmodige butikkselgar:
Då eg jobba på fargehandel i Førde for eksempel, kunne eg aldri selge ei flaske rødsprit utan at kunden sa "Ja, der var helga i boks, mohaha". Ikkje spesielt morosamt den sjuhundradeogørtande gongen eg høyrer den, men sannelig lo og smilte eg like tappert kvar gong.
Dumme spørsmål til å få fnatt av, er til dømes:
På fargehandelen: - Har dykk måling? (Nei sjølvsagt ikkje, her har vi kun blomar og porselenshestar.)
På parfymeriet: - Kan gutar bruke denne "Armani for men"? (Eigentleg er den for damer og berre ein lure-parfyme, men okei då).
I barnehagen: - Er min lille godklump Amalie/Robin/Nora/Tobias/Whatever her framleis? (Nei han/ho oppførte seg så jævlig dritt på fjellturen i dag, at vi dumpa han/henne på Ulriken)
På Living: - Har du støvsugarposar?
- Nei, vi har kun lamper av elektriske artiklar.
- Fysøren, dårlig service!
(HÆ?!HÆ?!)
Kva i alle dagar er det som feilar folk? Eg bare spør.
I tillegg har eg lært at det også er dårleg service at folk ikkje får reklamere på lamper dei har kjøpt for sytten år sidan, og gjerne ein heilt annan stad, kanskje i eit anna land ("Har det nåkke å si, då?").
Er det rart eg blir bittelitt sur avogtil?