søndag, februar 26, 2012

HEI VÅR!


No har eg hatt fri i ei veke, og har landa i sofaen etter å ha returnert heimefrå og heim. Det er jo slik det er å liksom alltid vere "ungen" til mor, at når eg er i Bergen kaller eg Førde hos mamma og pappa heime, men når eg skal tilbake er jo Bergen også "heime". Godt å ha hjartet buande både her og der.

I Januar, då det vart klart at Molly og eg skulle ha ferie samme veke, sa eg at eg nekta å komme heim uten at mamma kunne garantere sol. Eit ganske ambisiøst prosjekt, i tidlegare nevnte - gørrtrasige februar. Mamma garanterte ingenting, og det gjorde ho rett i. For det regna noko heilt infernalsk, og det oppå ein meter snø. Men det var egentlig ikkje så nøye, ettersom det omsider vart klart at eg hadde lungebetennelse igjen. Så Molly og eg har ca gjort ingenting, men ledd mykje, kosa oss enda meir og snakka hol i hodet på både kvarandre og våre foreldre. Vi er generelt ekstremt gode på å "kose oss" i familien vår, og det har blitt eit evig mantra denne ferien. "No koooser vi oss", seier vi kvar gong vi putter noko i munnen - og det har vore rimelig ofte dei siste dagane.

Så no seier eg berre "hadet" til februar og fire veker med sjukdom, og så seier eg "HEI!!!!" til vårmåneden mars, og den har å oppføre seg, så eg får joggeformen igjen, kan lufte meg i fjellet og stramma opp vinterferiekoseoverdosen. For den kjente eg når eg tok på meg buksa i dag.

Men kose meg skal eg, også i mars.

Bilde herfra.

1 kommentar:

Molly sa...

Siden det ikkje akkurat e kverdagskost å kose seg så mykje som vi har gjort, syns eg likevel det va så koselig at eg aldri ville trukke det tilbake i mitt liv, sjøl om eg må bruke dei neste vekene på å trimme vekk kosen så eg e klar til å kose meg litt i påsken igjen. Circle of life<3