onsdag, mai 16, 2012
tirsdag, mai 15, 2012
Happy hipster?
Eller en litt mer trist en? Eg ler meg iallefall ihel av alle kommentarane til denne bloggposten;
Og endelig fikk eg rett - he surely is a hipster!

onsdag, mai 09, 2012
Living is easy with eyes closed.
Eg har litt hang-up på Beatles om dagen. Ei livsvarig greie, eigentleg, ettersom pappa har lobotomert sine tre døtre med Liverpoolmusikk i oppveksten. Men det gjer ingenting. Det kunne vore verre. Han kunne ha likt trance, for eksempel. Da hadde det vert ute med oss.
I morgon har eg fri(juhu!) og skal begynne å forberede ein av mine yndlingsdagar - 17. mai! Sannelig ikkje kvar dag eg har flytande boblefrokost og dei fleste av mine kjære i hus fra morgon til.. eh, neste morgon. Men i år gidd eg ikkje stresse så veldig, dermed starter eg stressforebygging allerede ei veke i forkant. Lurt, eller hur? Og litt voksent, om eg får sei det sjøl. Så eg krysser faktisk fingrane for gørrstygt vær, så eg ikkje på noko tidspunkt får lyst til å forlate huset, men held meg inne over bakebollen på skikkelig husmorvis.
På øyret vil eg ha Strawberry Fields Forever, den er passe fin, passe trist og passe psykedelisk for ein fritorsdag med deig på hendene.
Forresten, så anbefaler eg alle å sjå Across the Universe. Ein fantastisk film med nokre av dei aller vakraste Beatles-covera eg har høyrt nokonsinne.
Denne, for eksempel.
Reglane for 17. mai her i huset 2012 er enkle og følgande:
* Skjenk deg sjølv når du er tørst/har tomt glass/vil bli fullare/mindre full (på sistnevnte alternativ er det da helst vatn ein bør gå for).
* Husk å spise.
* Ver glad, ikkje sur.
* Alle som vil får sukkerspinn.
* IKKJE DETT I TRAPPA!
Det trur eg faktisk var det heile.

tirsdag, mai 01, 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)