søndag, desember 31, 2006

Maja, min Majsa, mitt favorittbarn og favorittfolk blir TO år i dag! Hurra! Heile verden skal feire!
BUTTETÅÅL!!!!:D

fredag, desember 29, 2006

Sidan eg jobba seinvakt 2. juledag, og skulle opp tidlig dagen etter for å jobbe meir, "slapp eg" å gå ut. Årets største utedag er ikkje heilt det store for en Trine, egentlig. Gå i kø heile kvelden, snakke med folk ein eigentleg ikkje er så interessert i å snakke med om kva dei gjer, kvar dei bur, om dei framleis er saman med Lars-Brynjar frå D-klassen (neivel, ikkje det, nei) og andre ting som ein garantert har gløymd dagen etter uansett - det utgår. Men det som inngikk dagen etter, var å leike med Frode. Vi drakk bøttevis med øl på Pikant før vi gjekk videre til Skumle Treskeværket, der Frode (han er lur) kun hadde vore èin gong i sitt liv før. Der var det tiårsjubileum for kullet som gjekk over meg på ungdomsskulen, så det vart kun spelt musikk frå seint nittitall. Til vår store glede. Det seier seg vel sjølv kven som rula dansegolvet til 2unlimited og Scatman. (Det var vi) Ellers har jula vore slapp og deilig, har vore mest heime med sustrene og Maja. Av nyttige og intelligente ting eg har lært Majsa i jula, er blant anna å sei "bustetroll" (buttetål) og rufse kvarandre på håret, i tillegg til at vi blei enige om at den nye pysjbuksa hennar var klovnepants - "Ja, lovnepæts". Ho har også lært tante eit par ting ho ikkje visste, nemlig at "Juba Juba" er ein av dei viktigste julesongane, og at den alltid er obligatorisk å synge etter "På låven sitter nissen". No har dei dratt, og det er tomt i huset.

mandag, desember 25, 2006

søndag, desember 24, 2006

God jul til alle mine trufaste lesarar og kommenterarar og kjære, kjære venner! Eg vil i dag, som alle andre dagar ønske dykk alt det beste, og i tillegg at alle får varme klemmar, god mat, får pønte seg, har fyr i peisen eller lys på treet, får minst ein skatt i ein pakke og mange smil frå gode menneske. Og eg vil berre minne på at mobilen min framleis er sjuk etter overdosen med kvitvin ein sein kveld, så eg har til tider store problem med å tolke meldingar som kjem inn. Begeistra klemmar frå Trine, som no skal spise ekte frokost etter tre timar med sjokolade:)

fredag, desember 22, 2006

Akkurat no er det eitt år sidan eg laga denne bloggen. Eg låg på golvet i leiligheten på Sandviken brygge, med klede, julegåver, sko og dill overalt. Fredrik hadde dratt til Haugesund, og eg burde ha lagt meg for lengst, sidan eg skulle på jobb tidleg dagen etter. Så laga eg skattekiste istadenfor. Sprøtt kor mange ting som har skjedd på berre eit år. Eg har budd tre forskjellige stader, i tre ulike roller - først var eg kjæreste, så vart eg plutseleg "minstejenta" i huset, før eg til slutt endte opp med å vere berre Trine. Eg har mista ein kjæreste, men heldigvis beholdt ein venn. Forlatt ein jobb, for ein ny som likevel var velkjend og "gammal". Fått ny skule, med nye menneske - nokre har blitt favorittar, og andre til stor frustrasjon. Eg har blitt betre kjend med mitt aller yngste favorittmenneske, som no for alltid vil kjenne ansiktet mitt og kunne navnet mitt. Eg har vore i andre land, smakt ny mat, lukta nye lukter. Eg har hørt ny musikk og fått nye aha-opplevingar; nesten på linje med Tori (sjølv om ingenting likevel kan måle seg med akkurat ho). Eg har knytta meg til folk eg ikkje burde knytte meg til, blitt kalla alt frå rotte til prinsesse. Tatt avgjerder eg der og då syns var geniale, som seinare viste seg å vere over middels store feilsprang. Bestemt meg for noko, og rett etterpå gjort det heilt motsette. Eg har hosta til eg brista eit ribbein, ledd så eg trudde eg skulle krepere, grått så mykje at ein heil skuleklasse kunne hatt svømmetime i saltvatn. Eg har kjent ei maktesløyse som eg aldri før har kjend, eg har forbanna alle overmakter, samtidig som eg har håpa, hylt og bønnfalt - til ingen nytte. Kjent ei sorg så tung at eg - grinetrine, som gret lett som ingenting - berre ikkje greide å grine. På lenge. Eg har kanskje spist søtti kilo sjokolade, drukke nitti liter øl. Eg har vore full som eit charterfly (sorry mamma), sint som eit troll, sliten som ein trehundreåring, forferdeleg trøtt, uten å klare å sove, trist - så uendeleg trist, men heldigvis også så glad at eg ikkje trudde det var mogeleg. Eg ville ikkje vore det foruten. Som dei fleste andre år. How did it go so fast you'll say as we are looking back and then we'll understand we held gold dust in our hands Sights and Sounds pull me back down another year I WAS HERE
Eg elsker dette bildet.

tirsdag, desember 19, 2006

Ca. så sliten er eg no. Døgna mine er snudd oppned, eg har ingen anelse om kva klokka er til ei kvar tid, om den er sju, tre eller ti er liksom omtrent det samme. Heldigvis (?) har det blitt ein vane å vere femten timar på skulen kvar dag. Alt blir bra til slutt. Eller iallefall bedre, for det har en "vis" mann lova meg ein gong. Nei, forresten, han trakk det igjen etterpå.

mandag, desember 18, 2006

If I kiss you where it's sore If I kiss you where it's sore Will you feel better, better, better Will you feel anything at all Will you feel better, better, better Will you feel anything at all Born like sisters to this world In a town where blood ties are only blood If you never say your name out loud to anyone They can never ever call you by it If I kiss you where it's sore If I kiss you where it's sore Will you feel better, better, better Will you feel anything at all Will you feel better, better, better Will you feel anything at all You're getting sadder, getting sadder, getting sadder, getting sadder And I don't understand, and I don't understand But if I kiss you where it's sore If I kiss you where it's sore Will you feel better, better, better Will you feel anything at all

torsdag, desember 14, 2006

OG FORRESTEN!! I går var det Cecilie sin bursdag! Min bie og tiger og karamell blei endelig 25 år og like gammel som meg. Godt å ha nokon i nakken, no når eg går i klasse med nesten berre fjortisskrepper..:) Dagen vart feira på Garage, med en god del øl, trur eg. Sidan eg var på skulen til halv tolv i går kveld, har eg ikkje heilt oversikt. Men som eg bruke å sei; når dialekta til Cecilie begynne å bli heilt annerledes enn til vanlig - da er det på tide å dra heim. I mårra skal vi heller feire ordentleg, då kan vi få ny dialekt både ho og eg og Velaug. Og danse heilt til vi besvimer.
Vi presenterte den siste oppgava vår i dag, rekkehuset. Gruppa vår har laga modell av huset i målestokk 1:20, med innlagte lys og bittesmå tullemøblar, laga collagar i tonnevis, tegna tekniske belysningsplanar og en drøss med greier - alt dette på litt over ei veke. Eg var veldig fornøgd med denne oppgåva i forhold til den forrige gruppeoppgåva, så det var kjempedeilig å få strålande tilbakemelding frå både læraren vår og resten av klassen. Deiligst av alt, er at rekkehuset skal vere med i mappeinnleveringa til jul, sammen med den første oppgava - soverommet, som eg også fikk god tilbakemelding på og nesten ikkje må endre på noko. Hurra! Må vel nesten også nevne at kompaktboligen også skal inn, den oppgava som eg ikkje akkurat er særlig i mål med. Menmen, eg har iallefall ein god del tid å bruke på den. Og om eg ikkje kjem i mål, og ikkje alt blir perfekt, så blir det nok jul allikevel.

onsdag, desember 13, 2006

Kan eg få sånn? Til jul?

mandag, desember 11, 2006

Drukna av regn og nær drept av hagl. Kvardagen i Bergen er spanande og livsfarleg. Sidan druknebildet har mottatt sterke reaksjonar, vurderer eg å bytte det ut.
Eg har drukna. Seriøst.

torsdag, desember 07, 2006

Når eg stod opp i dag, var det tørt på bakken ute. Så da nekta eg å ta med meg paraply. No tør eg ikkje å gå heim frå skulen, for det regner så hardt og blæs som faen. Pokker, altså.

onsdag, desember 06, 2006

Ja, kva kan ei kvinne sei? Eg vil iallefall takke Fredrik som ga gode inputs til min ikkje-eksisterande fylleangst i dag tidlig. Det gjorde "godt" å bli mobba og ledd av sånn på morgenkvisten. Siden Ken blei såpass godt mottatt, har eg bedrive litt research, og han har faktisk si eiga myspace-side. Den kan sjølvsagt fåast, men på vår helts eigen måte: By request only. Det skal nevnast at han har blitt vennen min. Det skulle bare mangle. No har eg hengt på skulen heile dagen, bedrive ein god del research og andre kloke, inspirerande og ikkje minst nyttige ting. Og no vil kroppen min berre sove. Og bake brownies etterpå. Deretter sjå på alle dei dårligste tinga som nokon gong er laga på tv. I den anledning vil eg berre nevne dokumentaren "Naive Norge" i samme slengen. Alle som såg den på mandag vil forstå.

søndag, desember 03, 2006

Netty og Trine ser på Deal or no deal. Deltager, mann - 34; "har som mål å bli millionær før han blir 35". Netty: Eg har no faktisk som mål å bli millionær før eg blir 30. I tillegg til å gifte meg med drømmemannen. Trine: Mhm, eg også. Og så skal eg få barn før eg blir 30. Netty: Eg veit det - eg også! Pause. Netty: Vi e i så jævli deep shit. Det kan vel stemme. Eg tar Ken, eg. Det er greit.

onsdag, november 22, 2006

Vegard døydde natt til fredag 17. november. Anne Mari kom til Florø mandag kveld, så eg henta ho der. Godt å sjå ho igjen, og få snakke med ho om Vegard - ho som har kjent han alltid. I går hadde Vegard fylt 25 år, så vi var hos familien hans på besøk om kvelden. Alle søskena hans var heime, nokre andre av vennane hans. Det var fint å sjå dei alle saman, rart å sjå kor mykje det er av han i alle saman. Samtidig forferdeleg tungt å vere i hans heim, der eg alltid før har vore for å leike med Vegard. Så er han berre ikkje der lenger. Og vil heller aldri meir vere det. Begravelsen er på fredag. Det blir ein tung dag. Men eg trur det vil bli tydeleg kor mykje han betydde for så forferdeleg mange. Kor mykje han fekk gjort for folk. Men samtidig var det ikkje - no - vi skulle ta avskjed med Vegard. Det ville ha kome for tidleg uansett.

tirsdag, november 07, 2006

Imogen Heap, eg vil berre fortelle deg at du er god å ha om dagen.

mandag, november 06, 2006

Ja. I dag har eg bursdag. Eg ønsker meg denne mannen. Greit nok, han snakkar mest spansk og portugisisk, han er kanskje ikkje fullstendig heterofil, i tillegg til at han ser ut som han har vottar (?) på fanget. Men eg vil ha han likevel. Eg skal ha ein fin bursdag, var planen. Eg har allerede fått mange gratulasjonar og pakkar, sjølv om det berre er tidleg på morgonen. Og i kveld skal vi hente Heidi og Maja på flyplassen. Takktakk, alle sammen for fine meldingar og tankar, eg er overstadig heldig som har så mange fine folk som er glade i meg!:)

søndag, november 05, 2006

GRATULERER MED DAGEN, GAMLEMOR JEANETTE! Håpar du får alt du ønsker deg, at dagen din blir kjempefin heime i Kjølsdalen. Så får vi heller feire dobbelt når begge er tilbake i byen, ein anna dag. Då reknar eg med det blir rompedans og samesang dagen lang. PS. Eg vil bare minne deg på den gode gamle Bachelorettesangen som har hjulpe oss gjennom det meste før:) You can turn dust into champagne - bruk det gjerne i dag!

tirsdag, oktober 31, 2006

Vi har brukt nesten eitt år på å innsjå og forstå at det er verkeleg, samtidig som vi har håpa, bedt og innstendig prøvd å innbille oss at det kjem til å gå over - tenkt at det ikkje kan stemme. Men no er det her, nærare og meir verkeleg enn det nokonsinne har vore. Samtidig så mykje meir uverkeleg. Like forbanna urettferdig og meiningslaust. Kva kan ein gjer? Kva kan ein sei? Ingenting. Men eg er glad eg er heime.

onsdag, oktober 25, 2006

Eg møtte en gutt en dag som sa eg var heilt UTRULEG lik på denne dama. Ho er faktisk over 40 og ein rimeleg middels flink skodespelar, visst. Må innrømme at eg er usikker på om det eigentleg var eit bra kompliment. I tillegg, gjekk eg forbi ein mann som samla inn pengar til "barn i afrika" (han sa faktisk akkurat dèt, kanskje ikkje heilprofft, sjølv om han hadde bøsse. Kva slags barn? Kvar i Afrika?). Eg sa at eg dessverre ikkje hadde pengar, som jo faktisk er eit sørgeleg faktum om dagen. Det var heilt greit, sa han, og eg måtte ha ein fin kveld videre. Tusen takk det samme, sa eg, og trudde vi var nesten kompisar. Heilt til han, frekke drittmannen slengte utav seg: Du ser forresten litt sliten ut, har du hatt en lang dag? Når vart det greit for bøssefolk å kommentere utsjånaden til folk? Det var ikkje ein fin kommentar eingong. Kanskje hadde eg hatt ein lang dag, kanskje var eg sliten, men eg vil ikkje at en forbanna bøssemann skal fortelle meg det, NEITAKK, det er ikkje nødvendig å gni det inn!!!! GRRR! Takke meg til min kjære far, som sendte meg melding i dag der det stod (ja, eg siterer): Hei! Såg deg på video i går.. Du så glad og opplagt ut.:. Som vanlig :) Det stod det faktisk. Litt rar tegnsetting der, men ellers heilt perfekt. Tusen hjertelig. For eg er faktisk ikkje over 40 og ser heller ikkje sliten ut. Bare spør pappa. En ting er iallefall sikkert; i dag skal eg på Hollywoodfest med skulen min, eg skal ha fin kjole, høghælte sko, tre meter eyeliner, et halvt kilo rød leppestift og eg skal se vidunderlig ut. Forresten, så er det lov for alle mine skattefolk å fortelle meg at eg ser sliten ut. Men då må dåke vere forberedt på at eg grine på skuldra dåkas etterpå. For eg kunne ikkje akkurat grine på bøssemannen. Han hadde dessuten stygg jakke.

søndag, oktober 22, 2006

Maja venta i vindauget då eg kom. Ho såg på meg ei stund, der eg stod utanfor og vinka, lo og grein. Så smilte ho, eg var både huska og godkjent - hurra! Ei heil helg med min eldste og min nyaste bestevenn, to av dei jentene på jord eg skattar høgast, var terapi og underhaldning eg kan leve på lenge. Vi har leika, turna, lest bok, Maja klikka fullstendig av Marit Larsen og dansa hyperdans med jublehyl. Vi har spist "bollje" på størrelse med hovudet hennar, som greit vart oppbevart under armen når ho hadde spisepause. Eg har fått fleire av dei berømte "sossane" - svært våte, men akk, så sjarmerande. Vi har kosa masse, verdens beste, varme, lille klump på fanget. Ho insisterte til og med på at eg skulle legge ho - den første som har fått lov bortsett fra Heidi og Rune! I dag bada eg ho før eg dro heim, utruleg kor mykje ein snart-toåring kan le av ei tante med skum i fjeset, og ikkje minst kor mykje ho kan le av å skvette meg klissvåt over alt etterpå. Eg kan nesten ikkje forstå korleis vi greidde oss utan ho før, og er frå meg av lykke over at ho er komen for å bli. Når Majsa sov snakka og snakka sustrene, medan vi strikka og spiste snop. Perfekt kombinasjon. Eg har gjort Heidi ør av lengt etter Bergen, eg gleder meg som ein unge til dei kjem attende hit til sommaren! Då vil eg helst leike med dei kvar dag, omtrent:) I morgon, eller i dag eigentleg, sidan det er natt, har oldemor 101-årsdag! Hurrahurra for veldig gamle og veldig fine oldi! I morgon skal eg til Askøy med finkjole og ballongar og feire!

søndag, oktober 15, 2006

Heime i Førde i helga, her har hausten kome mykje lengre enn i Bergen. Det har vore godt å vere heime. Lufta er klar her, lyset deilig haustdiffust, tempoet rolegare. Og best av alt - eg har sluppe å teikne ein einaste strek! Sidan eg kom litt seint igong med oppgåva mi på skulen, blei det heilt ekstrem innspurt på slutten. Vi budde omtrent på skulen, og eg er så stiv i kroppen at det kjennes som eg har fått ein skikkelig omgang pryl. Menmen, i morgon er det ny veke, ny oppgåve, og mest sannsynlig ein ny vri på eigeninnsatsen... Uansett - eg vart nøgd med teikningane til slutt, og fekk god tilbakemelding, *jippihurrajuble* Neste helg skal eg til Kristiansund og gler meg som ein unge. Maja, Heidi og Trine skal ha jentehelg og berre kose oss og leike i tre dagar til ende. Eg har tenkt å lære Maja nye turntriks, så skal eg høyre på alle dei nye orda ho har lært seg. Ho har faktisk begynt å få nordmørsdialekt, til pappas store stolthet. Har ikkje sett verken Heidi eller Maja sidan i sommar, så det skal bli så kjempekjekt!

onsdag, oktober 11, 2006

OOOO, chris de burgh, chris de burgh, nanana, tell me life is beautiful.

mandag, oktober 09, 2006

Kjære Inge. Eg angrar litt på at eg var streng med deg her den andre dagen. Tusen hjarteleg for bileta, det gledde mitt stakkars fortumla hjarte å sjå di fagre dotter og meg sjølv dokumentert frå Geilo i august. Og du kan hilse Gerd og takke for post-it-lappen og sei at eg tilgjev dykk alt, spesielt det at cd`en vart liggande så lenge. Håper alt er greit no, eg lover å aldri meir mase og ikkje komme med nokre frekke kommentarer om fiskekort og liknande neste gong eg kjem på besøk. Om eg framleis er ønska som gjest i huset dykkar, vel å merke. Varme helsingar frå dykkar favoritt(?)brunette i Bergen.

torsdag, oktober 05, 2006

Kjære Inge. No syns eg at eg har venta svært tolmodig på å få ein cd med bilder i posten. Eg har oppført meg fint så langt, men eg kjenner på meg at eg kan bli rimelig gretten om ikkje eg snart får den. Om planen din var å vente til bursdagen min og så "overraske" meg, så syns eg eigentleg det er ein litt dårlig plan. Hjarteleg helsing Trine. PS. Hels Anne Mari.

tirsdag, oktober 03, 2006

Ja, riktig observert, mitt liv er ein musical! *jodle*

mandag, oktober 02, 2006

Eg innrømmer alt; JA, eg skulkar i dag. MEN - vi skulkar fordi læraren vår i dag heldt foredrag i strømlinjeform, vi boblar over av energi og kreativitet og var rett og slett heilt fullstendig nøydde til å rømme frå timen. For å gå på kafe, drikke kakao og jobbe med oppgåva vår. Så vi er eigentleg flinke. Og lure. Og slår to fluer i ein smekk, sidan vi både arbeider og har det koselig og sosialt på samme tid. Ergo - to fluer og ein veps. Herlighet, eg er koko i dag.

mandag, september 25, 2006

Forresten så ville våren og sommaren min ha vore så mykje fattigare om eg ikkje hadde oppdaga desse gutane her. The shins. Eg seie som Natalie Portman; It`s gonna change your life. På minst ein måte.
Kanskje, ein vakker dag, skal eg legge inn omlag tusen bilder på denne (litt dårlige) bloggen. Da skal vi ha det kjekt, da. For det meste eg har bedrive tida med sidan eg kom til Bergen har faktisk blitt fotodokumentert. I helga, for eksempel, var vi på James Bond-fest hos søstera til Johanna i klassen min. Ho bur i eit hus som skal rivast om ei stund, så ho kan gjere akkurat det ho vil med kjellaren. Så ho hadde måla 007tegn på veggane, sjakkruter på golvet, glitterspraya veggane og laga bar - proppa full med martini, såklart. Vi skreppene dukka småbrisne opp i diverse tøsete Bondpikeantrekk. Høgt hår, raude lepper og negler, stilettar og korte skjørt. Uklårt kven vi eigentleg skulle forestille, men vi var uansett heilt ubeskriveleg lekre:) Og det var ein veldig gøy fest. Skal prøve å lure bildene frå kvelden ti meg frå Johanna, så alle kan få sjå. I tillegg skal eg oppdatere oftare i tida som kjem. Eg lovar!

fredag, september 22, 2006

Herlighet, altså. Så mange hissige folk. Eg har visst vore grisedårlig til å oppdatere bloggen i det siste. Kvifor? Tja. 1. Naboen sitt nett har vore sørgelig dårlig i det siste, og sidan naboen sitt nett på ein måte også er mitt nett, ligg eg litt dårlig an. 2. Det skjer mykje. På skulen, sosialt, i huset mitt og i hovudet mitt. 3. Eg har vore sjuk (det er ein god grunn!) 4. Og sånt. Men no er eg her. Og eg skriv. Bergen er fin, fytti, eg er så glad for å vere her! Vakre, vene byen. Skulen min er gøy, eg har funne dei beste jentene og gjort dei til mine. Det er perfekt og bra. Vi har det i tillegg heilt pinlig kjekt på skulen, eg føler eigentleg at vi ikkje går på skule, det verkar så ulogisk at alt skal berre vere jippijei. Og tenk; i slutten av september, og eg går med skjørt og flipflops! Tipper alle turistane er rimeleg sjokkerte - dette er nok ikkje det dei hadde venta. Det hadde vel ikkje vi "fastbuande" heller. Men bevaremegvel kor vi set pris på det likevel! I dag har eg hatt fri, og vi har hengt i parken heile dagen. Seinare skal vi nok gjere akkurat det ein gong til. Kva anna kan vi gjere i dette deilige, deilige vêret?! Dette var den eine sida. Her er den andre. Eg saknar familien min. Eg saknar vennene mine som er langt unna og som eg sjeldan får treffe. Eg tenker på Vegard, mykje. Så eg søv merkelig for tida av desse og andre grunnar. Dette er ein merkelig, bittersøt haust. Eg vil nok ikkje gløyme den med det første. Men haustar er til for å merkast og huskast.

torsdag, august 31, 2006

Eg er i hus i Bergen!!! *Jodlejublehurrahurrahurra* Og vi har så fiiin leilighet!! Alle som kan, må komme på besøk. Snarast! I helga skal vi ha fest, og alle må sjølvsagt komme. Dette gjeld også dei som bur i andre fylke, i utlandet, dei som er gravide og dei som er søstre. Plis!? Uansett, alt som skjer skal fotodokumenterast og leggast ut på akkurat denne bloggen sporenstreks etterpå:)
Se her, alle! Eg har leika med Anne Marien min:) Eg var på Geilo for et par veker sidan, og som vanlig hadde vi det superfint sammen. Eigentleg hadde vi store planar om villmarksweekend med telt og primus. Men for å sei det som det var, vart vi eigentleg skremde av regnet, og la planane på is. Det skal allikevel nevnast at vi fiska (!) og bada på Geilo Beach, til tross for at det var rimelig kaldt og surt. I tillegg rocka vi Geilos uteliv, ei oppgave som eigentleg ikkje krever enorm innsats. Men det var gøy, heilt sikkert. Anne Mari og eg har faktisk ikkje herja saman sidan eg var i Gøteborg i november, så det var kjempegodt å sjå henne igjen etter all den tida. Vi laga god mat, var på hagevandring i mamma Gerds fine urte- og grønnsakshage, gikk på tur og såg film. Gode ting, med den gode, fine jenta. Annemi dro rett fra meg og Geilo til Skiathos med Charlie, så eg vente spent på oppdatering og bilder på annemarisdagbok.blogspot.com. *HINTE*

fredag, august 25, 2006

I denne gata ligg min nye heim. Gata er kanskje litt oppdatert sidan biletet vart teke, men likevel. Omtrent 200 meter forbi Grieghallen, der har du oss. Ring på klokka der det står (logisk nok) "DE VAKRE", gå opp fire trapper og vips - vaflar og kvinneleg varme og kjærleik skal komme til deg på sekundet. Innimellom er det også mogeleg å oppdrive svidde pannekaker som er rå inni. Men det er kun når maskuline krefter rår i huset, har eg hørt. Ellers har eg tenkt mykje i det siste. Funne ut at nokre ting kan ein berre ikkje gjere noko med. Uansett kor sterkt ein vil. Men eg er her jo - om ikkje anna.

lørdag, august 19, 2006

BILDER FRÅ CARLOS & ALEX SITT BRYLLAUP 10. JUNI :)
Skreppa får leike med gutta, hurra! Solbrillemafiaen på veg til bryllaupsfest:)
Tonymakarony og eg har kjent kvarandre sidan vi vart fødde, faktisk. Men har ikkje sett kvarandre på lengst. Gjensynsgleda var altså så stor at vi måtte lage ein fabelaktig, sjarmerande og svært hot fotosession. Eg er forresten svært nøgd med å vere like brun som han, som faktisk er halvt portugisisk. *skryte*
Diverse hunks som dingla rundt i bryllaupet: Frå toppen, Tore, Ørjan - "Gratulerer med dag i dagen", Kristian og Joakim, Bjarte og Terje og nederst forlovar Stein Erik. Som eg altså var vilt forelska i på barneskulen. Vi var faktisk kjærestar i eit halvt år, og kyssa opptil.. eh.. ein gong.
Fine brureparet, søster/forlover/bendik med kjærast, stolte og nøgde brureforeldre og kjøkemeister-Tore.
Ingen kan vel nekte for at Caroline har norges heitaste bror. Alle småchicksa dånar i hans selskap:) Brudevals og posering. Nydelege brura med sin fine mann.