fredag, desember 31, 2010

Til totusenogti;

Eg smilte meg inn i deg, 2010. Med bobler i kroppen og høge hæler på lett skjelvande bein. På toppen av taket ønska vi deg velkommen medan det small og blinka rødt, grønt og kvitt over heile Bergens himmel. Alt vi ikkje visste. Eg veit det no.

At i 2010 skulle eg utfordres. To tusen og ti kasta hansken og tøffa seg. Skremte vettet av meg. Ga meg fysisk vondt og mental filleristing. Gjorde meg meir letta og takknemlig enn eg har kjend meg nokon gong. Lurte meg, gjorde du, 2010. At vi plutselig skulle sitte på Tønsberg sjukehus med mamma på respirator uten å vite kva slags veg året, livet og kroppen hennar ville gå - kven skulle tru det på taket der med stjerneskot i handa? Ikkje eg. Men det hadde uansett vore umogleg å forberede seg på. Men det gikk bra. Det gjekk riktig veg. Og når vi hadde rista av oss intensiv-avdeling-tåka etter nesten to skumle veker ved mamma si sjukeseng var det nærast ubegripelig kor heldige vi var. Det var så nære på. Og det var nesten som å få nye briller - noko eg riktignok ikkje veit noko om, brillelaus som eg er. Men det var deilig å kjenne seg svevande og glad og framleis ha ei lys levande mamma. Herlighet kor fantastisk, 2010. Du har jammen vore eit år med store kjensler.

Eg har øvd på å vere ærlig. Med vekslande hell. Eg har prøvd å tenke på andre. Med ca like vekslande hell. Tenkt litt på meg sjølv har eg også. Til dels med svært dårlige resultat. Og så nokre gode.

Nokre dager har vore så fine at dei bør leggast på fløyel i skattekister av glass. Så dei beheld glansen men likevel kan beundres når enn eg har lyst. Andre dagar burde gått i bosset lenge før sola stod opp. Dei fleste dagane kunne like gjerne blitt bunta saman og solgt med pakkepris. 4 for 2. Dei var så like, mange av dei. "Hald det i handa og kjenn på det litt, så må du blås det bort", sa Oldemor. Det har eg gjort med mange. Nokre dager venta eg kanskje for lenge før eg blåste dei bort. Andre slapp eg for fort. Dei aller aller beste putta eg i hjartelomma og skal ha der alltid. Eit par av dei verste også, forresten. Men berre slik at eg alltid kan kjenne på skilnaden om eg vil.

Det har vore hyggelig å halde deg med selskap, 2010! Men no er eg ferdig med deg og lukker døra.

Sights and sounds
Pull me back down
Another year

I was here

torsdag, desember 09, 2010

Ups, glemte nokre av dei nye vennene mine!

Desse to begynner også å bety mykje for meg. Like spennande kvar dag å sjå kva slags kostyme Mrs. Dog skviser monsterpuppane sine ned i. Freakshowlykke!

Sjukdom

Eg har tydeligvis slengt for mykje med leppa i det siste. Om at eg nesten aldri blir sjuk og at ingenting bit på meg etter influensaen i 2007. For no har eg min andre dag på sofaen under dyna med ein hals som kjennes som om den har svelgt piggtråd. Sikkert vel fortjent etter å ha vore eplekjekk. Jaja. I går fekk eg kjøpt tre julegaver på ein time på nettet, så eg får likevel brukt tida på eit vis.

Men det skal nevnast at det blir ein del tv. Og eg merker dømmekrafta mi vert svakare for kvart minutt som går. Eg vurderer å kjøpe samme ansiktsrens som Katy Perry. Muskelmaskina som trener musklane for deg, og som på eit blunk gir deg v-fasongen eg "alltid har drømt om" virker merkelig appellerande. Og desse tre har blitt mine beste venner:



Og det er jo litt spesielt. Eit par dagar til på sofaen, så trur eg nesten "Days of our lives" vil blir interessant også. Eg såg faktisk ein halv episode i dag, og det er merkverdig kor lett ein kjem inn i handlinga! Dialogen er heilt fantastisk elendig og skuespillerane burde skytes, men likevel! Spanande! I dag var det ei dame som skulle lure ei anna dame til å tru at nokon skulle lage tv-program om henne - noko som sjølvsagt var toppen for ho som blei lurt, sidan ho trudde det var sant. Og grunnen til at ho som skulle bli lurt skulle bli det (dette er forresten ho som er programleder i "The biggest looser"), ifølge ho som setter i gang denne frekke planen, er at "she is a lying bitch who stole my son". Så luredama er altså svigermora til ho som skal utsettes. It makes sense.

Eg må seriøst få meg tilbake på jobb igjen snart.

mandag, desember 06, 2010

Draumehytte



Eg gleder meg allerede! Til eg blir rik. Og til dei som eig den no blir lei av den.

Det er litt synd i denne bloggen


For det første:

- Den har berre ein følger (Men takk for støtten, Ina!)

For det andre:

- Den får kanskje litt få innlegg for tida. Mogleg årsak til kun den eine følgeren.

For det tredje:

- Innlegga har vore litt gørre. Eg veit det.

Eller, dei to siste tyder iallefall på høg stemning i Gøteborg! Det var fint, deilig og fantastisk. Merkelig kor fort ein kjem ut av det dagleg-kjedelige og inn i feriemodus berre av å krysse grensa til nabolandet. Eg blir så glad av å henge med Anne Mari, min semi-svenske bestis. Og det er luksus å sjå kvarandre to gonger i løpet av eit halvt år. Gøteborg er ein nydelig, nydelig by, og Bent og eg klarte på mystisk vis aleine å snuse oss fram til dei finaste skattebutikkane og den beste kaffebaren mens Annemi og Charlie var på jobb.

A & C har brukt sommaren og hausten på å pusse opp ny leilighet, og har gjort ein fantastisk innsats. Heimen deira er fabelaktig - det gamle råloftet har peis og tusen meter under taket, gjesterommet har vidunderlig tapet dei sjølv har lagt på rund vegg - eg er imponert! Og begeistra.

Ingenting topper ei lang helg fylt av herlig selskap, god mat, masse vin og latter! Engergiboost av ypperste klasse.

No er det desember og kræsjlanding. Men eg har stjerner utanfor stovevinduet. Både over og under. Og det er det ikkje alle som har!

lørdag, november 20, 2010

Kärlek på öget, be good to me

Liste, for dei som treng. Kolon.

Eg er i Sverige og er ikkje smart nok til å skjönne tastatursystemet.
Men her. Liste over dagens bra.

Snö
Vin. Fortrinnsvis rosè. (Sjölv om det er vinter!)
Venner, gamle, gode, beste.
Göteborg
November, på tross av kor vondt det gjer også.
Deig mellom hendene og lukt av tomatsaus på komfyren.
Sia - stop trying
Anne Mari - I looove you!
Nye skjerf. Til og med det eg kjöpte på Weekday som eg ikkje forstår korleis eg bruker. Eller, spesielt det, faktisk.
Pause fra byen, jobben og landet.

søndag, september 19, 2010

Agnes - som levde i hundre år

Nesten som Tornerose, berre vaken. Det er ganske sprøtt å ha kjent nokon som vart så gamle. Enda sprøare at det var oldemora mi, og at ho var ein del av opphavet til det som vart bestemor mi, mamma, søstrene mine, meg. Maja og Leonard. At det nyaste mennesket eg kjenner aldri hadde vore til om det ikkje var for det eldste. Ikkje akkurat avansert matematikk, men det er så rart når ein tenker over det.

Oldemor opplevde og huska begge verdskrigane, det er jo heilt surrealistisk. At mannen hennar var på havet under krigen, at ho fødte tante Grete medan ho ikkje visste kvar han var eller om han eingong var i live. Dei høyrde ingenting frå han på fleire år, trudde han var død. Så plutselig stod han i døra og hadde ein treåring han aldri før hadde møtt. Må ha vore rimeleg høg "Ka farsken"-faktor på den augneblinken der.

Marthe-tremenning og eg overnatta hos oldemor for nokon år sidan, og tok oss den frihet å sjå i nattbordskuffene. Skulle nesten tru oldemor hadde rekna med det, for vi fann eit brev frå kvar av oss - skrivne med ustø barneskrift til Oldi for mange år sidan. Og så fann vi eit brev frå oldemor til oldefar, sendt under krigen. Brevet var igrunn overraskande daglegdags i formen det var skrive, litt sånn "ungan og sauan har det bra". Men likevel, vi kunne lese mellom linjene at ho prøvde å ikkje gjere han uroa over ting heime, og brevet nærast dirra av usagt kjærleik og redsel. Eg føler meg heldig som ikkje kan forstå korleis dei hadde det.

Oldemor var hardtarbeidande mor, husmor og aktiv politikar. Samtidig er ho mest sannsynlig den i familien eg har arva min kjærlighet til sko, vesker og skjerf frå. Vi snakker om ei dame som tok opp lån på åttitallet for å kjøpe ei veske i krokodilleskinn, som hadde ei skuff full av hansker og silkesjal og benytta kvar ei anledning til å svinse rundt i pelskåpa si.

Ho hadde nok kjærleik til alle og eg har aldri møtt nokon med mjukare hender. Etter å ha levd med mannen sin i femti år og deretter utan i tredve, unna eg ho kvile og forhåpentligvis møte han att ein stad. Men det er så rart at eg aldri skal sjå henne igjen.

mandag, september 13, 2010

Haust-blues

Med hausten kjem det blå. Joni Mitchell er soundtrack og surrer på repeat i hodet, magen og hjartet. Eg vakner om natta av regnet og likar det, men drømmer om tørt lauv og lyden av det under skoa.

Lurer litt på korleis det vart slik, at eg liker best det gode når det har ein ørliten sørgelig smak, og omvendt. Dei mørke kveldane og lukta av hausten gjer meg trist, men samtidig lengter eg etter det når sommaren kjennes altfor lys. Det har alltid vore slik. Men meir dei siste åra. Og sjølv om dei som er borte har forsvunne til alle årstider, kjennes dei aldri så nære eller så langt vekk no som når hausten er her.

Onkel Bjørn, som gjekk bort når Heidi og eg var på Samos. Han har steinar og sand fra kanten av Middelhavet i grava si. Vi tok det med til han når vi kom heim. Og eg tenker på han veldig ofte. Han som kom som ein lysande skatt frå Sortland eit par gonger i året. Han sa vi skulle plukke akkurat det vi ville i blad- og godtehylla på butikken, og syns alltid vi var for beskjedne. Irritert sa han: Altfor lite! Finn meir! Det var ingenting som var meir stas enn å få fylle ut tippekupongen for han laurdag formiddag. Han hadde faste rekker på lottokupongen kvar veke, og når mamma og tantene mine rydda i tinga hans tok dei kvar si rekke som dei tipper på framleis. Sjølv om han ikkje kunne sjå, visste han alltid kven som kom opp trappa av lyden fra skritta våre. Innimellom tenker eg på dèt når eg går opp ei trapp: Onkel Bjørn hadde hørt det var meg, lenge før eg var framme.

onsdag, august 11, 2010

She knows what`s going on;

Det er mørkt og regner ute. Og sjølv om det kjennes merkelig, med tanke på sommeren som aldri verken kom eller gikk. Hausten kjem snart. Og det er greit. Eg har ei skuff full av Pukka på kjøkkenet. Det finnes millioner av bøker eg ikkje enda har lest. Eg elskar skjerf.

Greit nok - eg dreg til sola på laurdag, skal bade, drikke vin og grille meg i ei veke. Likevel - hausten er alltid velkommen i mitt hus.

Det er kanskje sant;


Eg har lånt bildet fra ein blogg eg liker veldig godt, hjartesmil.blogg.no. Besøk den om de trenger vakre bilder å sjå på, eller generelt gode vibber!

søndag, august 08, 2010

Mommy`s home, now you can open the door



Eg får ein følelse av at Chanel har blitt inspirert av min yndlingsmusical fra barndommen, Rock`n roll wolf. Vi satt benka foran tv`en i skrekkblanda fryd og kunne ikkje fatte og begripe at smålamma var dumme nok til å ikkje høyre forskjell på mor si glassklare stemme og den frekke, frekke ulven som berre ville ete dei opp. Uansett flaks eg har kikkehull i døra, slik at dette aldri vil forekomme her.

Og når det kjem til pelslufsene på beina? Neitakk!

I want your bad romance

Eg er sommerforelska i Lissie og digger Lady Gaga - denne gjorde valget for meg, to fluer i ein smekk. Loves it!http://www.youtube.com/watch?v=MWe07krS8_E

onsdag, juli 28, 2010

Ny bok. En skatt.


Eg var i Førde ei stund no i ferien. Bent og eg var på gjenbruksbutikken til Misjonssambandet på skattejakt. Vi fann ein kommode som skal få bu i gangen. Den bur enn så lenge heime hos mamma og pappa, siden den blei litt i største laget til å ta med seg tilbake på bussen.

Men! Eg fann ei bok! Tidligare la eg min elsk på Tore Renberg etter å ha lest "Mannen som elsket Yngve". Så når "Charlotte Isabel Hansen" stod og lyste gult mot meg i ei hylle, måtte eg berre ta den med meg. Og den er så fin! Den skal lånast ut til Nathalia og Rød i boklåneklubben, og til alle andre som melder interesse. I boka har forfattaren sitert eit dikt, det er så vakkert - eg deler det herved:

Alt er annerledes end du tror, end jeg tror
fanen flagrer stadig,
de små hemmeligheter er endnu hos sig selv,
de kaster stadig skygger, deraf
lever du, lever jeg, lever vi.

(Opprinneleg "Es ist alles anderes" av Paul Celan, oversatt til dansk av Peter Nielsen)

tirsdag, juli 27, 2010

Onkel Jan Harald

Tanta mi var forelska. Skikkelig masse. Mulig ho hadde vore det før, men isåfall var eg så lita at eg ikkje merka det. No var det ordentlig, visst. For ho tok han med heim til oss i rekkehuset. Han hadde fint og litt fluffy hår, tynn kropp og veldig fin bart. Han lukta parfyme – det gjorde pappa aldri. God parfyme, merket var visst Ferrari. Han elska bilar. Og oss. Søstra mi og meg. Han hipsa og kasta rundt på oss og kalla søstra mi ”skolebølle”. Det var berre fordi ho akkurat hadde begynt på skulen. Ho var langt ifrå ei bølle, iallefall. Ho var alltid berre snill. Eg vart misunneleg og sa med den litt skjerande stemmen eg seinare veit eg hadde fordi eg har hørt meg sjølv på kassett at ”ka er eg da, onkel?”. Eg var barnehagebølle. Også kasta han meg opp i lufta. Eg var så liten.
            Seinare var vi i Tyskland. Vi sov ei seng som vi dro ut av veggen som ei skuffe på skrå. Eg husker ferien for rare telt på stranda, som vi sola oss i, og at eg ei natt grein skikkelig masse uten å vite kvifor. Eg liker å tru eg hadde vondt i magen. Eg hadde sikkert det, altså. Uansett, onkel likte å hive på meg. Høgt, høgt  opp i lufta, sikkert for å vise at han var sterk, og for å få høgfrekvente hyl frå kroppen min. Ein av dagane  var vi ein stad med lavt tak. Eg trur ikkje eg eigentleg husker dette, eg berre trur det fordi folk har fortalt meg alt så mange gonger. Det var lavt tak der han heiv meg i lufta, og han ville hive meg høgare. Dobbelt så høgt var vel omtrent dobbelt så gøy.
            Det som var dumt, var at når onkelen min  trudde han hadde gått bort fra taket og kysten var klar for å kaste meg enda høgare opp, tok han feil. For det var ein bjelke rett over der. Den var visst av jern, og han beregna kastet ganske bra. For eg traff bjelken med hodet først.
            Men eg har fått mange smell i skallen både før og etter. Eg veit ikkje om eg kan garantere at eg ikkje har tatt skade av alle sammen, men det trur det har gått nokonlunde greitt. Eg greidde jo å lære å skrive, i det minste. 

Familietreet

Ganske lenge har eg drive på med eit prosjekt om familien min. Eller slekta mi. I forhold til veldig mange eg kjenner har vi ikkje særlig stor slekt. I konfirmasjonen min hadde vi omtrent alle på overnatting, for eksempel. I huset vårt. Nitten folk på overnatting vart i grunn ganske intenst i dei tre dagane det stod på (ein konfirmasjon varer tross alt fra lørdag til mandag, må vite), og vi brukte både vaskerommet og boden til "soverom". Men når dei nitten var heile familien min, bleikner det i forhold til dei som har fleire søskenbarn enn dei kan telle.

Uansett. Eg skriv om alle sammen. Store og små. Historia om pappa og kirsebærtreet høyrer heime i familietreprosjektet, for eksempel. Tenkte eg skulle vise nokre fleire av dei fram. Siden eg er dårlig blogger om dagen (året), er det jo ikkje så farlig lenger.

Respekt!

Det er vel ingen hemmelighet at eg syns Britney er ei veldig kul dame. Ho held stemninga oppe på eit kvart vorspiel, og om ein treng ein song å grine til, har ho eit par av dei som held mål også. Det skal ikkje stikkast under ein stol at dama har hatt ein del koko-moments dei siste åra, men kven har ikkje dèt! 

Dette er riktignok gammalt nytt, men at Britney viser retusjerte bilder opp mot uretusjerte av seg sjølv i lite klær - herlighet! Eg bøyer meg i støvet i respekt. Og no tek eg sjansen på å framstå skinnhellig, men eg syns faktisk dei uretusjerte bildene er dei finaste. 

Vi har appelsinhud alle sammen, og når Britney kan vise sin, kan vel eg det også. Så i morgon skal eg gå med shorts og gje faen. Jenter, ikkje bruk ei krone på anti-cellulit-piss, det virker ikkje uansett, og alle har det. Eg veit, eg har vert på vise-rumpa-vorspiel i helga, og eg syns det eg såg var vakkert! 

Sommaren er for kort til å ikkje like seg sjølv!

tirsdag, mai 25, 2010

Eurosong = lykke

Min absolutte favoritt etter dagens semifinale er Serbia, med sitt fullstendig koko show, med koreografi tydelig inspirert av nittitallets aerobic-triks. Også den friken av ein solist. Han ser ut som ei kinesisk barbiedukke. Med blondt hår og udefinert kjønn. Akkurat som det skal vere!! Jaja, gje meg meir!!

mandag, mai 24, 2010

I dag kjentes det ok igjen med te;

Eg føler eg kanskje var vel streng og mutt i går morges. Den teen fekk ufortjent tyn.

I dag stod eg opp tidlig, dusja og tok på meg fjeset heilt uten å skape meg. For klokka ni kom nemlig Sanna - kunstnarvenninne av Bent, (fantastiske bilder, sjå berre her: http://www.susannakajermo.se/) for å avlevere hunden sin Kompis, som eg skulle passe. Kompis er ein dansk-svensk gårdshund, berre kvalpen. Så dagen har vore prega av intens hopping, springing, litt biting og masse kos. Eg ønsker meg også ein Kompis!

Og, ja, planen var å sei noko bra om te i dag. For å veie opp for gårsdagen, liksom. Pukka-te er min favoritt, eg elsker alle smakane, noko som begynte å by på finansielle problemer ettersom at dei koster omtrent 70 kr i butikk. Det må jo seiast å vere i overkant råflott pris om ein har tenkt å drikke mykje (og det hadde eg tenkt). Så før jul sjekka eg heilt for moro skyld om det var mulig å bestille på nettet. Og sannelig! På pukkaherbs.com plukka eg alt eg kunne få for tohundre kroner i handlekurven. Nokre dagar seinare kunne eg hente ein gigantpakke i posten, og holdt på å le meg i hel når eg tok alle eskene utover kjøkkenbordet. Ikkje mindre enn 11 esker! Snittprisen blei dermed ein god del lavare enn i butikken. Eg følte meg ekstremt lur og veldig heldig. No er det snart på tide å bestille på nytt.

Så moralen er - te er godt, Trine er lur. Snakkas!

søndag, mai 23, 2010

Eg har ikkje lyst på te.



Eg gidder ikkje å dusje. Eg vil ikkje ha sjokolade. Eg vil ikkje at Bent sin genser skal få meg til å sjå så kort ut. Eg vil ha lange bein. Eg vil at håret mitt skal tørke superfort, at sminken legg seg på av seg sjølv, og at eg ikkje har krøller lenger. Eg veit at eg ønska meg det når eg var liten og hadde hår stritt som strikkepinner, men eg angrer no. Eg vil ikkje gå ut og vite at alle ser lang vei at eg var lettere kanakkas i går. Eg må ha, eg må ha, solbriller på. Og da kreves det faktisk sol. For eg vil ikkje vere ei av dei som går med solbriller i overskya vær. Og eg vil iallefall ikkje vere ei sånn som går med solbriller inne.

Eg skulle egentlig ønske meg ei meir positiv innstilling i dag. Får dusje, føne håret, glatte det (eller faktisk drite i det), ta ein kopp te mens eg sminker meg (berre litt), ta på meg noko anna enn Bent sin genser, spise ein sjokoladebit, ta solbrillene i veska og stikke på 7/11 og sjå om dei har velvilje og godt humør til salgs. Tar kanskje til takke med Ben&Jerry-is om førstnevnte er utsolgt.

lørdag, mai 01, 2010

Liste to;

Mindre elskbare ting, heller hatbare, men det ordet fins ikkje, og eg syns ikkje ein skal hate særlig mange ting. Men dei eg liker veldig dårlig, da:

Allergi (Eg har ingen, men det er jo frekt at nokon må ha det. Kan ikkje alle berre få vere i fred?)
Betakaroten (Folk med gulrotfarga hud burde tenke seg om neste gang)
Chips med eddiksmak (Det må nokon ha funne på berre på tull. Det går jo ikkje an å spise)
Dustefaensfolk (Det er jo heilt logisk. Ingen liker sånne)
Elg i vegen der ein skal kjøre (Etter så mange år burde elgen ha lært)
Fjell som er altfor høge (Det er berre dumt å klatre i sånne. Du dør når du har hengt fast for lenge, eller så er det altfor langt ned viss du løsner)
Grumleren (Han er fremdeles marerittmateriale)
Hikke (Alle trur at du er full, sjøl om det er midt på dagen og du er på jobb)
Indigo (Det er ikkje sant at det går an å bu i eit bosspann)
Jegerfolk (Viss dyr vil bli spist, kjem dei på døra og gir beskjed)
Kaldsvette (Æh! Det må bli utrydda!)
Leamus (Når ein først har fått det i øyet, forsvinner det jo aldri)
Magesjau (Det er berre dumt. Må utryddast helst fra no av)
Narkolepsi (Urettferdig at nokon sovnar i dei mest idiotiske situasjonar. For da må eg le av folk det er synd i, og då framstår eg som eit ganske dårlig menneske, men eg er jo egentlig grei)
Oraklet i Delfi (Er sikkert litt oppskrytt, iallefall no. tusen år seinare)
Pasjesveis (Er ikkje det omtrent det samme som pottesveis, berre med eit litt finare ord? Vil ikkje ha)
Qk (Fremdeles tullebokstav)
Revers (Veldig unødvendig om ein har tenkt seg framover)
Sjukdom (Ca aldri riktig)
Tankeverksemd (Oftast lurt, men nokre gonger berre ei belastning)
Uvær (Veldig dumt med lyn om ein står på ei open slette heilt aleine uten bil)
Velmeinte ord (for det meste bra, men brukt på feil måte - veldig...feil)
Witch-witch (Vi fikk aldri til det der med musical her til lands)
Xylofon (KVEN fann på det pompøse ordet til eit heilt middels instrument?)
Yr (I luggen - absolutt fatalt)
Zebra (Eg lurer på om det er sant at dei har zebramønstra hud under pelsen)
Ækle ting (Stava med Æ blir alt værre)
Øvelse gjør mester (Og liknande gladgeit-utsagn utgår på det sterkaste. Ein har faktisk meir moro enn ein lagar sjølv ganske ofte)
Åre (Der må alle holde seg unna, ellers mister ein prinsessa)

Skriv under på å vere fornøgd med denne også. Hielt klart. No må eg legge meg.

fredag, april 30, 2010

Tusen år siden forrige liste

Og da må eg lage ei. Alfabetisk, dessverre ikkje fargesortert, og på langt nær nyansert. For eg har drukke øl  siden krigen. Den tidligare i dag, da. Herlighet, eg levde ikkje under verken 2. verdenskrig, den kalde krigen, eller blitskrigen (handla den om fotografering?), så det er ingen av dei krigane.
 Uansett. Her kjem det elskbare;

Apetitt (ellers hadde eg dødd av sinne og sult)
Barfot i sanden
C-vitamin (det er godt med appelsin, og dessuten føler eg at C er ein skikkelig vanskelig bokstav)
Dadler med bacon (djiiiiises)
Epler (dei har fått sin fortjente renessanse den siste tida. Gratulerer!)
Foreldre (ein hadde faktisk ikkje eksistert uten, og dessuten er det bra med foreldre, mine er topp-3)
Grøt (lørdagsgrøten er trendy igjen i mitt hus)
Helsetrøye (dette vil vekke reaksjonar, eg går altså ikkje med det etter den litt mislykka trenden for sikkert altfor kort tid sidan, men han eg bur med kler det merkverdig godt)
Intelligens (det er så miss å vere uten)
Joggesko (det heiter visst løpesko, men mitt språk har ikkje "løping" blandt orda, så sorry, altså)
Kveldsmat (den må vere heime i Førde og bestå av mamma sitt nybakte brød. Ellers gidd eg ikkje)
Lidelse (Her er stikkordet "nyanse" til å berre ha det bra. Konstante ting blir gørr i lengden)
Mat (Eg liker det)
Nyanse (Dette ordet kjem til å bli så brukt opp at det kjem på hatlista etterpå. Men joda)
Oldemødre (Dei er berre så bra å ha når dei lever, og når dei ikkje lever lenger, er ein så takknemlig for at dei fanst så lenge)
Pepper (krydderets versjon av unisex og onesize, sjølv om onesixe aldri passer alle)
Qk (er ein tullebokstav, så da får den tulleord)
Rips (for det er eit skikkelig bær, som faktisk går an å spise, i motsetning til stikkelsbær. Stikkelsbær? Seriøst. Berre navnet seier jo alt)
Spark (Tori Amos - du kan sette ord på alt. She's convinced she could hold back a glacier
But she couldn't keep Baby alive)Tante (å vere tante er å vere elska på ein anna måte enn eg nokonsinne har blitt det)
Uvær (eg elsker torden, å føle at jorda nesten revner, men bare nesten)
Valg (Vonde, lette, gode. Trist-fine)
W (det er tullebokstav, eg gidde ikkje. Whaaat?)
X (Eg gidde seriøst ikkje)
Yr (hvis ein kan sjå på det fra riktig side av vinduet, er det heilt greit. På utsida av vinduet er det fullstendig ugreit og ødelegger håret mitt. eg vil ikkje ha afrosveis)
Z (Åh, ikkje gidd, da!)
Æsops fabler (for det fins ingen andre ord på Æ, og den eine fabelen handla om ein fugl som fikk noko i halsen, og det var kansje underhaldande)
Ømhet (nærhet, kjærlighet, eg liker alt det)
Åpne kort ( alle burde spille med det, men det funker visst dårlig i poker)

Eg er fornøgd! Men det er no, da. Det er ikkje sikkert eg syns det i morgon, men eg lover korspåhalsentifingerihjertet å aldri slette dette berre fordi eg var på en snurr når eg skreiv det.

onsdag, april 28, 2010

Ein vis gammal mann sa dette til meg ein gong.

Det er lenge sidan no. Men lure ting kan seiast igjen. Til dei som måtte trenge det. For dei fins sikkert.


"Neida. Alt blir bra. Alt blir ikke som før. Alt blir ikke som du hadde tenkt. Alt blir ikke som du vil det skal være. Men det blir bra. Alt annet utgår."
Eg veit ikkje om det er sant. Men eg velger å tru på det. 
Mamma spurte pappa om han kunne beskjære kirsebærtreet. Det kunne han. Det aktuelle kirsebærtreet var det same som vi hadde begravd kattungen Oscar under. Dagen før nyttårsaften. Katten var liten, vi var triste, den var jo tross alt død.
            Etter tre begravelsar i familien iløpet av kort tid var dette den første jordfestinga eg såg faren min gråte i. Pappa er ein vaskeekte katteelskar.
            Men no var det sommar og pappa henta saga overraskande fort. Han kom attende like fort, stolt og svett. Ville gjerne ha nybakte bollar i belønning.  Mamma kunne nesten ikkje tru det. Mannen hennar var jammen flink. Ho gjekk for å sjå.
            Pappa syns mamma så tydelig hadde bedt han ”skjære ned treet”. Dette fann han ein smule besynderleg. Treet var jo igrunn ganske ungt og hadde nettopp fått bær.
            Men når mamma seier noko, har ho som oftast ikkje berre god grunn, ho har også bestemt seg. Så pappa sagde ned heile treet.
            Om dette hadde vore ti år sidan, hadde konsekvensane vore store. Mamma hadde grått hysterisk, ikkje sagt eit ord på fleire dagar og forbanna himmel og jord over evneveike ektemenn. Men no hadde ho hatt kreft, blitt frisk og alt, og uansett så klisjèfylt det kan virke, hadde ho fått perspektiv på skilnad mellom små og store kriser.
            Vi lo alle, og skynda oss å ete opp dei siste kirsebæra. Skjønt  alle var enige  om at ein stubbe er hakket meir stusslig minnesmerke enn eit blømande kirsebærtre.

fredag, april 16, 2010

My debutant-ball

I dag skal eg delta i selskapslivet for første gang på ein månad. Etter å ha vore pjusk og sjuk så lenge, har eg heilt prestasjonsangst. Eg trur ikkje eg husker korleis ein legg aftensminke. Eg veit ikkje korleis ein beveger seg i kjole. Han ingen anelse om eg faktisk greier å gå i høge hæler lenger. Håret mitt kjem til å få panikk om det kjenner antydning til styling. Ingen av leppestiftane mine virker lenger, sikkert.

Eg tåler garantert ikkje særleg mykje vin.

Men herlighet, eg gleder meg til å feire Sharin sin bursdag!