lørdag, april 28, 2007

I går fekk eg to fine presangar. TO, tenk - og begge to skattar av ei heilt anna verd. Det er ei kjend sak at eg er lettrørt, blir kalla Grine-Trine og tilogmed fekk Kleenex til jul berre av den grunn. Så i går kom Synna heim frå loppemarked med ei bok som handla om meg: "Grine-Trine gir seg ikke", heite den. Den er frå 1948 og ytterst bedårande. Her kjem eit lite utdrag: "...i det samme svingte postbudet inn i gården, og han hadde et brev til Trine. Det var fra Søren, og han skrev: Kjære Trine! Skipet seiler i dag, og jeg skal av sted med det samme, så jeg kan ikke komme ut og si adjø til deg, men jeg skriver fra neste havn. Din Søren. Guttene hadde sett interessert på Trine mens hun leste brevet. Nå så de at hun begynte å gråte. Åffer griner du? spurte de deltagende. Hun rakte dem brevet, for hun gråt så hun ikke kunne få fram et ord." Høres kjent ut. Og ja, eg måtte grine litt når eg fekk boka. Herlighet, da. Det skulle vel berre mangle. I tillegg fekk eg ein cd av Mannen, ein tributecd til Joni Mitchell, min Joni. Han har skjønt det, Mannen. Eg har ikkje fått hørt på den enda, siden eg har vore oppteken med å prøve å sove, prøve å sminke vekk at eg ikkje fekk det til, vore på jobb og sniffa handklestøv til den store gullmedaljen. Og no sit eg her. Men no går eg ut i sola. Men gleder meg til å høyre på den. Og på måndag kjem Tori si nye. Trine er heldig. Ho er det.

fredag, april 27, 2007

Åh-Jei! Bent og Trine var på Teatergarasjen i forgårs, og såg "Bare Back Lying". Eit kombinert danse- og teaterstykke om løgn, sanning og sjølvbedrag, kjærleik og ikkje-kjærleik. Det var så komisk, trist, sørgeleg og latterleg - og så fantastisk, fantastisk nydeleg. Eg har aldri i mitt korte og tøysete liv sett noko finare, tårene spruta og eg hadde gåsehud heilt nedi skoa i timesvis etterpå. Så eg skylde kjæresten min ca minst diplom og pokal for å ha tatt meg med. Veldig trist at det var siste dagen det gjekk når vi såg det, for ellers skulle eg ha tvangssendt alle skattane i Bergen dit for å sjå det.

mandag, april 23, 2007






DEN STORE "PÅ MED BRILLAN"-FESTEN

Tenk, i helga har vi festa med både Kristine, vår kjære emigrerte Tromsøfrisør OG Kotsasi, den nybakte moder. For ein luksus, for ein stas, så mykje fjas og fjolleri - lykke, lykke! Sidan Kristi er her omlag aldri, hadde ho invitert ein gjeng med ville frisørdamer til oss også. For å sei det slik - dei hadde høg underhaldningsverdi og eg fekk vite mykje om korleis eg helst ikkje vil at livet mitt skal vere. Som at eg for eksempel helst ikkje vil ha to tv i stua, fordi mannen min og eg ikkje blir einige om kva vi skal sjå på av "Bigbrother" og "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Det vil eg helst ikkje. Men eg kan godt ha kvitt hår a`la Bonnie Tyler om det er det einaste alternativet.

Det er på ingen måte meininga å vere sarkastisk og frekk - vi hadde huset fullt av gode menneske, få ting slår det!

Men nokre damer bør heilt klart få eit langt og avansert kurs i "korleis-forstå-"på-med-brillan"-leiken".
Tidligare i bloggen har eg skrive om alvenavnet mitt, og hobbitnavnet. No har eg fått enda eit par namn. Først fekk eg gangsternamn, ved god hjelp av Velaug. Vi hadde eit svært intimt og knisete vorspiel, der eg endte opp som "Slide Face", iallefall i følge ZTV sin hjelpsomme og ikkje minst nyttige tjeneste. Takk ZTV! Men mitt absolutte favorittnavn, fekk eg nettopp av Johanna, nemleg mitt gothernavn: The Evil Faerie! Jess, eg fekk vere fe!! Hurrei! Det skal også nemnast at eg ein gong fekk indianernavn - "Look Twice", eit navn eg syns var veldig fint og sjarmerande. Eg burde kanskje i samme slengen fortelle at indianaren som ga meg dette navnet var både dritings, og rimelig skitten og nesten litt ekkel. Men eg berre lar vere å nevne det. Kjært barn har mange navn, har eg hørt. Men det har sikkert ikkje-fullt-så-kjære-barn også. Men det er det jo ingen som seier noko om.

mandag, april 16, 2007

Å-ÅO - Eg har visst nesten gløymd bloggen min. Eg kjenner meg som eit dårleg menneske. Har vore for oppteke av andre ting; henge i parken og svi fingrane, leike med kjæresten min, drikke øl og feire Sharin-bursdag, køyre med hund og born til askøy og le oss i hel av fine gamle damer. Eg angrar. Men berre litt. For alt har vore så fint i det siste. Bloggen min tilgjev meg, eg veit det nok. Og ein annan dag skal eg skrive her. Mykje. Men ikkje no. For no skal eg leike med han eg likar så godt.

fredag, april 06, 2007


Lizzy & Treens

Sola gjekk ned og jentene vart... fulle?

Så vi sprang heim, rista av oss graset, smalt på litt rød leppis, og så kunne natta begynne.
PIKNIK I PARKEN -

Velfortjent fjas og fyll etter "reell kundeprosjekt" på skulen (reell kunde, my ass). Dog var det likevel høg stemning, mange glade og letta jenter samla i en fin dunge på graset. Så "fant" vi også gratis underholdning då det gjekk to franske gitargutar forbi. "Plis, dånt gåo, play just vån sång får øs!", sa vi, dei sa "okei", og hang med oss resten av kvelden. Dei spelte alt vi spurte etter, og blei svært imponerte av vår evne til å lett som ingenting lære oss alle dei franske banneorda dei viste oss. Og vi applauderte med stor iver når dei sa "hæstkuk" med perfekt nordnorsk aksent.

Dei hottaste brillechicksa i byen.

Gitarkameratane våre.

Blide og nøgde, Nathalia og Johanna.

Ikkje akkurat kvar dag eg et pølse, men denne dagen gikk eg ukritisk med på kva som helst.

SkumleLene blei BlideLene på null komma niks!

torsdag, april 05, 2007






Samtale ved middagsbordet i familien Grønseth (i sammenheng med at Molly skulle få besøk av Martin, som skulle kjøre bilen sin heile vegen frå Trondheim):

Pappa: Har han BMW? Korleis har han fått råd til det?
Molly: Herlighet da, han har jo hatt full jobb i tre år.
Mamma(den svikaren): Det har no Trine også, men ho har ikkje akkurat bil fordiom.
Molly (min engel): Nei, men ho har veldig mange fine sko.

Takk for støtta, Molly!
JULA VARER HEILT TIL PÅSKE. FAKTISK.



Om nokon stussar på kor alvorlege vi ser ut medan vi pyntar juletreet, så er vi det med god grunn. For det utartar seg kvart år som ein kamp på liv og død. For når mamma ikkje har fått mat, helst vil at treet skal sjå ut akkurat som i fjor, helst ikkje drysse, ikkje stikke, ikkje vere skeivt, for høgt eller for lavt - det seier seg sjølv at det ikkje er særleg morsomt. Men det har nok ei viss underhaldningsverdi - iallefall for utanforståande.



Eit lite utval bilder frå jula hjå Familien Koko i Kistebakkane. Som de kan sjå, er vi svært glade i å henge på kjøkkenbenken og slenge på golvet.



tirsdag, april 03, 2007

Åter igen gryr dagen vid din bleka skuldra genom frostigt glas syns solen som en huldra ditt hår, det flyter över hela kudden Och om du var vaken skulle jag ge dig allt det där jag aldrig ger dig men du, jag ger dig min morgon jag ger dig min dag
Førde. Påske. Heime. Det kjennes bra og rart. På vegen heim i dag, høyrde eg på musikk frå våren i fjor, merkeleg korleis ein plutseleg kan kjenne som om ingenting har skjedd på eit år. Lyset og veret var det samme, musikken, kjensla innvendig. Så i dag har eg vore i 2006. Saman med Vegard, Kashmir, Death Cab, Shins, Regina og Blondie. Sola gjekk bort og det begynte å regne sånn omtrent i det sekundet eg gjekk av bussen. Neida, eg tek ikkje dèt personleg, ikkje i det heile tatt. Så i morgon skal eg IKKJE ta solarium på rein trass - niks. Og eg skal heller ikkje hamstre vin i bøttevis, for å sikre meg ei fullstendig u-edruelig påske. Jo - det skal eg faktisk. Hah!
Jens Lekman - I love you. Eg må bare sei det. Vakre, vakre mannen. Fine, fine musikken.

søndag, april 01, 2007

Eg har blitt mamma. Altså; eg har blitt som mamma. Ingenting gale i dét - mamma er nydeleg og bra på alle vis - men ho greier ikkje å sjå ein heilt film i strekk utan å sovne. Og etter å ha ledd svært mykje av dette i omlag heile mitt liv, har eg no tydelegvis arva denne eingenskapen. Stabelen av halvferdigsette filmar hos Bent begynner å nærme seg tre meter. Dette er til stor bekymring. Det har nemleg ingen betydning om filmen er bra eller dårlig, om det er et storslått drama, ein skrekkfilm eller ein komedie. Eg greier berre ikkje å halde meg vaken. Så betyr dette at eg i framtida kun kan sjå ein heil film om eg startar å sjå den før klokka seks? Må eg begynne å stå istadenfor å sitte? Eller gå? Liksom fram og tilbake og lage grop i golvet foran skjermen? Har eg gått attende til då eg var fire og sa: "No vil eg legge meg" i det barnetv var slutt, eller har eg "endeleg" blitt ei vaksen kvinne (altså mamma) utan mogelegheit til å snu? Eg er usikker. Og skeptisk. Så der eg sovnar som ein stein omlag i ellevetida, er min kjære vaken til langt på natt. Og når kroppen min (den dumme, dumme kroppen) seier at - no skal du vakne, Trinemor - dette cirka halv sju om morgonen - er det jo minst fem timar til Bent sin kropp seier at han bør vakne. Så kort oppsummert søv vi samtidig i omlag fire timar. Eg skulle gjerne ha laga ein illustrasjon, ein slags graf, for å vise korleis sovinga vår overlappar kvarandre på ein litt skeiv og dårleg måte. Men eg veit ikkje korleis eg kan gjere det på min kjære sin maskin. Og eg kan ikkje akkurat spørre han no. For han søv. Og eg er vaken.