tirsdag, april 25, 2006

Våren skal vere ei bra årstid. Det skal vere sol, ein skal vere forelska, frisk og glede seg til sommaren. Derfor er det blodig urettferdig at det ikkje er slik. Eg går rundt på jobb og tenker. Vil ikkje snakke med nokon. Vil ikkje at ting skal vere som dei er. Eg vil kunne gjere noko for dei eg bryr meg om. Noko anna enn å berre vere der, klar for snakking eller ein klem eller å bare høre musikk og vere stille. Eg vil ha evna til å gjere folk lukkelege, friske, gje dei mogelegheit til å kunne planlegge heile livet sitt, til dei vert åtti år, og faktisk kunne garantere at alt det vil kunne skje - fordi dei har tid. Det burde vere ulovleg at ein 25-åring skal vere så sjuk at han ikkje kan tenke lenger fram enn til hausten. Dette gjer meg så sint, så trist, så frustrert, så forbanna, eg treng nokon å la alt dette gå utover. tell me you're crazy, maybe then I'll understand you got your 9 iron in the back seat just in case heard you've gone south well babe you love your new 4 wheel i got to find why you always go when the wind blows god sometimes you just don't come through
Bergen i mitt hjarte... I helga var eg i Bergen. Fine byen min med dei fine folka. Det var heilt rart å komme dit, så rart at eg måtte sipe litt idet eg kjørte over haugen, såg BERGEN og min gamle heim på Sandviken Brygge. Kjørte til Landås og henta Signe, etterpå dro vi til Mona, der både Monaborn, Cecil og Ellis dukka opp. Så fantastisk kjekt å sjå dei alle sammen. Ingenting er betre enn å sitte rundt Mona sitt bord, med fulle glas og flusst av bra damer rundt det! Eg fekk dei siste oppdateringane frå Living, i tillegg til den obligatoriske haipraten - sjølvsagt. Ellis kasta kjapt inn årene og kjørte heim til Sotra. Etter en skikkelig seriøs samtale, kjørte Mona oss til byen. Mona sin bil er verdas beste karaokebil, det vart nok konklusjonen etter den turen. Til tross for at vi fekk velmeinte(?) råd på telefonen om at det skulle vere "celebrityparty" på Metro og at det kanskje ikkje ville bli dritkult akkurat, hoppa vi glatt i det. Herregud, kor vi angra. Alle neka i byen på desperat jakt etter en amerikansk c-kjendis å dra med seg heim - kunne jo kanskje ha ein viss underhaldningsverdi - men niks. Så vi robba ein 711 for blått smågodt, prøvde med sjarm og alle lure triks å trykke det inn i ein politimann - og gjekk heim. Ingenting er som Bergen i vårsola, så til tross for sinnsjuk vind og litt creepy mann som måtte fortelle meg om livet sitt (som han heilt opplagt kunne ønske hadde vore annleis, for han kom seg ikkje heim til Austevoll, hadde ikkje drukke på tre år, men sprakk dagen før, alt dette fortalt med lett gråtkvalt stemme og maaasse matrestar både i munnen, i barten og i panna), satt vi ute på Torvalmenningen. Vi såg på tanta til Ingvill som spilte i korps, prøvde å lokke Sasi og I med på fest, men dei var så slitne, stakkars. Ellen hadde funne ein mann på vegen heim som snakka heilt likt Bjarte i Radioresepsjonen - eg blei heilt fascinert. Så kom nabogutt Aleksander med venn, vi svømte ned i ei blandingsfylle uten sidestykke, øl, vin, rasberry-, strawberry- og woodberrydaiquiry, noko som seinare på kvelden ville vise seg å ikkje vere det smartaste eg har gjort i mitt liv. Mobilen min tok kvelden, eg er enno ikkje heilt sikker på om det var på grunn av smellen den fekk dagen før, eller ein virusinfisert Främling-ringelyd eg fekk av Ellen. Vi dro på Landmark. Betrakta folk. Lurte folk frå diverse øyområder rundt Bergen på dei mest utspekulerte måtar. Fann folk med bart. Dro heim på ulikt vis. Sov delvis på badegolv, delvis i seng. Gikk med mørke solbriller søndag.

søndag, april 23, 2006

Jaja, sånn går det. Cecil; ka vil du eg skal sei? Skal eg lage et seriøst og spanande innlegg i bloggen? Trur det blir litt for slitsamt. Så vi får heller ta det i morgon. Dagens konklusjon er at eg likar vibrerande bass og teppetapetserte veggar. Og eg likar å sjå på gutar som tek heroinen intravenøst. Det er så sjukt og interessant på ein teit måte.

torsdag, april 20, 2006

Papir Eg blir litt bekymra for meg sjølv når eg begynner å tenke at eg kanskje liker arkivet litt allikevel. Sist eg jobba på sjukehuset var eg så frustrert over denne papir- og støvfylde staden at eg oppretta ein eigen organisasjon; "Kvinner mot arkivet". Dei aller fleste som har med arkivet å gjere, er svorne tilhengarar. Eg hadde store planer om å gi ut månadlege nyhendebrev - det vart med tanken. Ei velkomstavis klarte eg faktisk å hoste opp, til stor glede for mine medlemmar. Grunnen til at eg har begynt å sjå på arkivet med litt andre auge er at eg har begynt å forske. Eller iallefall lure på ting (som om eg ikkje gjer dèt nok frå før). Eg legg merke til betenkelege ting om dei ulike fødselsdatoane. Kor merkelig er det ikkje for eksempel at alle som er fødd på ein viss dato i 1958 er døde? Den samme datoen, det samme året, i det samme fylket. Og på ein anna dato i 1914 er alle dei sju som var fødde framleis i live? Eg gir meg over. Desse mystiske oppdagingane har sjølvsagt ført til ein ekstrem forskingstrang. Det første eg gjorde, var å sjekke kor tjukke journalane på fødselsdatoane til meg og alle mine kjære. Det ser svært lovande ut, heldigvis. Men kvifor er det slik? Det er heilt unaturleg for meg at ein gjeng med hundreåringar skal vere friske og pigge, medan ein anna gjeng med 50-åringar skal stryke med. Er dette tilfeldig eller avheng alt som skjer i liva våre av kva dag vi vert fødde på? Eg blir mildt sagt nervøs. Ikkje det at eg har noko imot levande 100-åringar, altså. For all del! Hm. Dette er kanskje ikkje ei særlig bra utvikling. Mest sannsynleg er dette berre enno ei påminning på kor kjedelig det faktisk er å jobbe på akrivet. Og eit klart teikn på at eg bør omplasserast snarast.

søndag, april 16, 2006

Føle det er litt påsketørke på bloggane for tida. Iallefall på min og mine linkefolk. Så i den anledning legg eg ut dette fabelaktige biletet av Maja - ein skulle kanskje tru at kun ei mor kan elske eit slikt vesen? Men det kan definitivt tante også.

fredag, april 14, 2006

Dette var altså serien som inspirerte meg til å anlegge ein svært alternativ klesstil på ungdomsskulen. Genserar i størrelse xxxl, helst ribbestrikka og i mest mogeleg diffuse fargar. Pappa sin pysjamas frå syttitalet - på skulen. Blomstrete kjolar i kreppaktig stoff, gjerne frekt matcha med ei rutete skjorte. Ein dag gjekk eg på besøk til Frode med bestemors lange, blomstrete nattkjole og mamma si morgonkåpe i djuprosa plysj. Det syns Frode var storslagent. Han vart blank i auga, ga meg bøttevis med iste - og når det vart kveld, låg vi på graset i hagen, såg på stjernene og høyrde på kvarandres pust. Eg veit ikkje kven eg var mest forelska i - Frode eller Jordan Catalano. Uansett var det berre kjipt å vere forelska på ungdomsskulen. Ein visste liksom ikkje kva ein skulle bruke det til. Sjekk ut musikken til Frode på http://www.myspace.com/ungdomskulen.

torsdag, april 13, 2006

onsdag, april 12, 2006

Goood Påske til alle skattane mine!!! Håpar alle får minst ein lilla kartong kvar av dei gode påskeegga og at alle har nokon å dele dei med. Bortsett frå Signe, som eg veit ventar til sambuaren har sovna, så ho kan ete alle sjølv:). Dei skattane som ikkje finn bilde av seg sjølv her, må ikkje bli lei seg. Det betyr kun at eg ikkje har bilde av dei på denna pc`en. Prøvde å få den gamle mongismaskina mi på nett i dag, men den har visst tatt kvelden på det området. Så eg er like glad i alle mine skattar, bilde eller ei. Ha ei fabelaktig påske alle, håpar vi snart kan leike!!!

søndag, april 09, 2006

Jepp, vi tok utfordringa frå Monica på strak arm, så her sit vi begge to lettare henslengt på sjølvaste Bolstadsofaen. Kva seier dykk til det, skattekistefolk? Den var ikkje mjuk, ikkje godt plassert i fancy omgjevnadar og ikkje ein smule fin. Mildt sagt ei bortkasta investering. Men det visste vi kanskje frå før. Ellers har vi frekventert Førdes utestadar hyppig og valdsamt, vi har tømt kraner både på Pikant og Treskeværket. Gamle, gode Tresken, der eg har tråkka mine barnealkissko! Alt var som før, både menneska, inventaret og musikken. Folk knuffa framleis både i køen og på dansegolvet. Røykmaskina på diskoteket fungerte akkurat like godt som før, den spruta røyk i vilden sky til Cecilie si store undring. - Ka e greio me da dar egentli? Nei, Cecilie, det er ikkje godt å sei. Vi fekk sjekka ut alle kjøpesentera, kjøpte skjørt og "onnesjorta" som mamma kalte min nye singlet. Eg fekk klippa både augebryn og Cecilie sitt hår. Vi har spist masse god mat, snakka masse skit og litt djupt. Vi har fått bekrefta det gamle og velbrukte ordtaket om å snakke om sola. Vi har kjørt pirattaxi med naboguten og følt oss som russejenter med vind i håret, stjerner på himmelen og sommarfuglar i magen. Helga har vore FABOLOUS. Og det er det beste eg veit når ting er fabelaktige.

lørdag, april 08, 2006

Jaaa! Cecil er på besøk! I går var vi på pikant for vin og fjas og oppdatering på nye triks og fanteri. Midt i prosessen dukka det opp en suspekt mann. Han, saman med broren sin, likte å ta på Cecilie og smile på en litt ekkel måte etterpå. Cecilie henta fram rødtoppsinnagena sine og var klar til kamp. Brått midt oppi alt dette, såg eg at augebryna til suspekten var ekstremt lange, dei svinga ut på en uanstendig måte, en obsternasig vipp ut, opp og fram. Og kven andre enn meg kom på at eg hadde ei SAKS i veska mi, heilt tilfeldig? - Vent to sekund, sa eg til suspekten, stappa handa i veska, og på to sekund hadde eg klippa dei rett av - klipp - klipp - ferdig! -Vart det bedre? Spurte den suspekte (og bekrefta dermed nett kor suspekt han faktisk var) som om det var det mest naturlege i verda. - Ja, sa eg og dukka djupare ned i ølglaset.

mandag, april 03, 2006

Har ei stor eske med bare vesker på rommet mitt som eg enda ikkje har pakka ut. Jammen skal eg absolutt ha tusenvis av vesker, men bruke dei er ikkje så nøye. Iallefall ikkje når eg har fått ei ny nettopp. Som er superfin. Dette er eit typisk innlegg der pappa kan slenge frekkaskommentarar om at velferdssamfunnet har satt sitt grusomme stempel på meg, mykje vil ha meir, blablabla. Det stemmer kanskje, men så er det også ei velkjend sak at eg er ein kjempeflink shoppar, som stadig kjem over ekte stjernekupp. Dessutan har eg sydd nokre av dei sjølv. Så eg berre hevar meg over det. På førehand.

lørdag, april 01, 2006

Etter 7 timar i bil på ekte gamledagarvis med mamma, pappa, lillesøs og meg, kom vi fram til Kristiansund. Byen som alltid har vore pappas hjarte, naturleg nok sidan han har vakse opp her. No er den også mykje i mine tankar, sidan Heidi bur her med sitt lille fjon og mannen sin. Sidan vi ikkje har sett dei sidan januar *lengte*, var vi spende på korleis Majsa ville ta dette storinnrykket av rare og skumle folk. Pappa var dritnervøs sidan han var den soleklare favoritten sist. Ville ho avvise han blankt denne gongen, eller ville det bli nok ein suksess? Vi kjøyrde forbi badelandet: Mamma: -Eg ser bilen deiras! Marte: -Eg ser husen deiras! Pappa: *svelgekremtenervøst* Trine: -Jippi! Heidi stod klar i vinduet, vinka hysterisk. Opp trappa, ringe på og banke på. Høyrde ein liten, tynn stemme der inne: "Mamma!". Iiik! Og der var dei, alle tre. Maja var sjenert og klynga seg til pappa. I to minutt. Så kom det eit sjarmerande lite "heja" med ekte nordmørstonefall, nesten. Så fikk ho altfor stor trehjulssykkel av oss, og alt var fryd og gammen, hei og gakk og bapp og takk og beibi og mamma og pappa. Ho er så flink og lur og herlig kosete, klemme oss og seie "aaaa". Ingenting er så kjekt og fantastisk som å vere tante til verdens finaste fjon!