søndag, september 30, 2007






Leonard vart fødd, han. Natta etter listeskrivinga. 8. september, på Tante Bitten sin bursdag. Han er så vakker, så liten, like mørk som sin stolte mamma og dermed like stolte storesyster og pappas totale motstykke. Fyrste gongen eg såg han, var det nesten som om eg allereie kjende han frå før, siden han er heilt lik babybildene av Heidi. Svart hår, dei brunaste auga, som ser blankt og klokt og stille på oss kvar gong han er vaken.

Så no har eg to tanteborn, har på mystisk vis nok ein gong blitt overvelda og automatisk fått plass til enda meir kjærleik å dele ut til lille-L. Han er så fin! Eg er så stolt! Neste helg skal vi til Førde alle saman, og eg er einig med mamma i at det vert nesten like kjekt som jul:)

fredag, september 07, 2007

Ny liste - Ting å gjere medan ein ventar på at ein fødsel skal vere over. (For sidan kroppen min er koko og full av sympati-fødselsmerter, er soving heilt klart på lista over ting som utgår) 1. Sjå på detektimen. 2. Starte på Kung-fu-hustle, men slutte midt i, sidan ein ikkje greier å følge med i handlinga. 3. Spinne rundt på H & R sitt nye flossteppe. 4. Vurdere å sjå Six feet under, men innsjå at ein vil verte desto meir emosjonelt forstyrra. 5. Flette alt håret på hovudet med bittesmå fletter kun beståande av tre hårstrå kvar. 6. Ha stor tru på at fletteprosjektet vil få tida til å gå fortare. 7. Innsjå at punkt 5 og 6 var utruleg dårlege punkt og gje opp. 8. Leite etter neglelakk. 9. Innsjå at punkt 8 også var elendig, sidan Heidi ikkje er kjend for å lakke neglene. Ikkje Rune heller, forsåvidt. 10. Skrive i bloggane (som de kan sjå). 11. Vurdere å om-organisere bokhylla. 12. Tenke på om ein skal organisere alfabetisk eller etter farge. 13. Bli enig med seg sjølv om sistnevnte. 14. Drite i heile greia. 15. Ønske at nokon var vakne, nokon som ville syns det er kjekt å snakke med lettare frenetisk jente om søstera sin fødsel i minst fem timar, eller eventuelt til begge sovnar. 16. Sminke seg sjølv så mykje at ein ser ut som ein drag-artist. 17. Fjerne alle spor av punkt 16. 18. Sjekke ut alle jentene på iform.no, og verte sjokkert av at det går an å sjå slik ut og samtidig faktisk vere jente. ...eg kunne fortsatt, men eg reknar med alle har skjønt poenget. Eg ventar, og vert sakte sinnsforvirra undervegs. Kanskje eg skal satse på at punkt 19 vert å legge seg og faktisk greie å sovne!
Tida er inne for nye lister. Har eg hørt. Dei vert ikkje så lange denne gangen. Dei skal vere korte, men aktuelle. Here goes: Utgår: Folk som MÅ sitte vedsiden av meg på bussen og høre på tekno. Høgt Fylleangst/fyllesjuke Håndklestøv i hjernen. Faktisk inne i hjernen, altså Lillebrødre som nektar å komme ut Manglande entusiasme. Generelt Negativitet Regn, særlig type yr, som er eit litt for velkjend fenomen om dagen Stiv nakke Å ta einannan for gitt Å innsjå at fylleangst/fyllesjuke kun er min eigen feil Inngår: Arcade Fire Barn som vert fødde. Spesielt eit barn (du veit sjølv kven du er) Blomar ein finn på gata, ute i september, som ein kan ha i håret Fine folka som eg er frykteleg glad i Haruki Murakami Kashmir Kalde, klare haustdagar. Utan yr Kjæresten (du er også under fine folk) Maja Månadens einaste frilaurdag Stjernehimmelen på Tonsåsen Søster i byen