mandag, januar 29, 2007

Aldri - eg gjentek - ALDRI la denne kvinna vaske klede for deg! Du vil isåfall ende opp med ein heil garderobe for treåringar.

Netty lo seg skakk då dette skjedde, medan eg visste ikkje heilt om eg skulle le eller grine mest. Det skal forresten nevnast at samme Netta ikkje lo fullt så mykje nokre dagar seinare, då ho gjorde nett det same med ein av sine eigne gensarar.

Så det var ikkje vår feil - vaskemaskina vår må vere sjuk.



Peace and love og sånt, presentert av Johanna, Synna og Aminda.

"Sauden" vår får kos og kjærleik. Han blei glad - det er sant!

Tigeren & Bjørnen

Dei fagre snellene: Sharin, Johanna & Linn

Posers

Dagen derpå, og vi er såvidt menneske.
Vi prøver å helse på guten i magen, slik at han ikkje blir så skremt når han kjem ut og skal treffe oss på ordentlig!

No har Sasi bestemt at han skal ut den 2. For då er det visst fullmåne og gode sjansar for gode vêr- og fødeforhold:)





FØRESPEL HJÅ "DE VAKRE":
Medverkande:
Karamell, Vanilje & Sjokolade
Ingredienser:
Stjerneskot og smash, ein god porsjon fjas, latter og rumpedans. Litt øl. Og en dose neglelakk.

= GØY!

lørdag, januar 27, 2007

Men vi dansa i snøen i går, stakkar Jeanette holdt på å krepere av stress, ho var så redd eg skulle falle.

"Ånei, no byrjar ho igjen!" (Med Oddbjørn Bye-tonefall)

"Ikkje ver redd, eg tek deg om du fell."

Eh, neppe.

Så kom vi fram til Opera, og eg tok Netta under armen og bar ho opp trappa.

Hepp, då var det tid for ein dag med ekstrem fylleangst igjen. Bevaremegvel, eg burde få både diplom OG pokal for å oppføre meg mongo etter inntak av x-antall enheiter alkohol. Dumme, dumme, dumme jenta. Aldri meir, eg seier det berre. Så no legg eg meg inn til lobotomering og forsvinn frå jordas overflate. I minst ein time. (Og, versegod blondinene mine, dykk som er så glad i tyske... greier)

torsdag, januar 25, 2007

Tenk at ein gong i neste veke, og kanskje i helga - faktisk kanskje akkurat no, er det to nye folk i verden! Sasi sin mage skal bli en liten gutt, og Caroline sin skal bli ei jente. Det er så spennande! Eg tenker masse på dykk begge og gleder meg til å få nye kompisfolk!

mandag, januar 22, 2007

Okei, eg greier ikkje å fikse dei bildene. For eg er berre ein tøysenerd, og kan jo som kjend ingen lure og ekte nerdeting, som for eksempel å krympe filer som er for store. Så akkurat det der med sporenstreks, måtte berre utgå. Eg sletta heile ruklet.
Men vi har hatt ein fabelaktig fest i helga, for Synna som vart 22 år i går. HIPPHIPP!:D Dei skal (forhåpentlegvis) leggast ut her litt seinare i dag.
Først må eg berre vere flink skulemongo og perspektivtegne. Og gråte.

mandag, januar 15, 2007

Pappa hadde bursdag! Gratulerer! Hurra! Og - jepp - eg er ei dårleg dotter sidan dette kom for seint, men kva gjer dèt når eg veit du elskar meg uansett? Dessutan hadde eg gløymt passordet mitt, så eg fekk meg ikkje inn her:( Og sjølv om eg er obsternasig og frekk og nasevis mot deg, så syns eg du er tilnærma perfekt sånn innerst inne. I morgon blir mobilen min frisk igjen. Og eg skal fortelle heile historia om korleis den vart frisk.

onsdag, januar 10, 2007

..har bursdag. Gratulerer!

lørdag, januar 06, 2007

Så masse hår hadde eg en gang. Ca. Det var langt og fint, sjøl om det innimellom oppførte seg dårlig, splitta seg i endane, krølla seg når det ikkje skulle, blei glatt når det skulle vere krøllete. Den luggen var kanskje litt i overkant.

Marte demonstrerer kor kul eg vil bli med kort hår. Direkte frekt og uanstendig der ho sjøl sit med fjortentusen meter extensions. Eg er skeptisk. Må lese mail og vise ho eit par "interessante" filmar på nettet før eg trekk pusten og seier: Okei, NO!
Eg gnage meg litt på lanken og tenker på kva eg har gjort. Eg grein altså ikkje. Det er sant!
Trine har fått kort hår, og ber til jesun om at ikkje all hennar sjarm, kunnskap og ypperlege humoristiske sans låg i håret. For då er ho seriøst ille ute.

fredag, januar 05, 2007

Eg berre sit på jobb og griner over alle dei fine klea og skoa som fins. Material girl, javel. Men eg vil ha. Berre litt. Denne kåpa, for eksempel. Og det er berre urettfeigt at desse sidene ikkje sender til Norge, så eg kan ikkje bestille eingong. Frekt og uforskamma. Så eg har ikkje anna val, eg må nok dra til London på shopping. Kanskje eg kan søke om støtte ein stad, det fins jo så mange dustete fond som støtter i øst og vest. At Trine skulle få litt også, skulle vel eigentleg berre mangle.

Her er linkane om nokon vil gråte med meg:
http://www.dorothyperkins.co.uk/

torsdag, januar 04, 2007

Kva? Skal eg denne skoen? Sånn heilt uten videre? Berre fordi eg er grei, og i tillegg fordi den ser ut til å passe perfekt til meg? Altfor, aaaaltfor snilt...

Men - okei!




I wish:(

tirsdag, januar 02, 2007

Åbevaremegvel, for ei dum jente eg er.

Av ein eller annan grunn, trudde eg at eg hadde fri i dag. Så eg la meg halv fem i natt.

Og litt over åtte ringte mamma fra jobb og sa eg skulle vere postjente og arkivjente i dag. Au.

No har eg spist ordentlig mat, sjokolade, drukke te med trippelt koffeininnhold, pepsi max, men ingenting hjelpe. Eg er heilt kvalm av trøtthet. Og så arkivet, då. Faen heller.

mandag, januar 01, 2007

HURRA!!!! For Anne Mari og Charlie som skal GIFTE SEG!!! Litt over tolv gikk Charlie på kne og fridde, med ring og alt mulig. Og eg har visst det sidan begynnelsen av desember og har holdt på å både bite av meg tunga og tisse meg ut kvar gong eg har snakka med Anne Mari, for typisk meg har jo berre hatt lyst å sei: Jeeeeei, Annemi, du skal GIIIIIIIFTE DEEEG! Men eg klarte å la vere! Og neste sommar, skal eg vere forlovar, med ny kjole og med tale og song og alt som høyrer med. Eg gleder meg! Og gleder meg så mykje over det fine, fine paret som eg er så glad i. Ingen av dei kunne ha funne bedre kjæreste enn kvarandre. Åh, det er berre så fint, at eg greide ikkje å slutte å grine når Annemi endeleg ringte litt over halv ett og fortalte det. *JUUUUBLE!!!!!!!!!*