søndag, februar 27, 2011

I have been globetrotting!

Beskjeden globetrotting, men likevel. Rød og eg stod opp klokka halv fem forrige fredag. Halv fem er så tidlig at om nokon tenker å kalle det morgon er det berre å tenke om igjen. Halv fem er natt. Og det er ein kjent sak at eg fungerer ganske dårlig når eg må stå opp om natta. Men vi hadde viktige affærer å ta oss av i hovudstaden, så eg beit tenna saman. Vi var tidlig ute til flybussen begge to, Rød stod pigg og klar som midnattsola på bystasjonen når flybussen med meg på svingte inn.


Så dro vi da. Til Velaug i Oslo. Cirka ett år etter 30-årsdagen da ingen av oss kunne komme. Vi er visst ikkje så rask i vendingane, Rød og eg. Men når vi først kom, kom vi iallefall tidlig! Oslo var stengt og stille. Og full av snø. Eg hadde i eit svært korttenkt øyeblikk sett for meg at våren hadde komt lenger i Oslo enn i Bergen, men måtte bite det i meg raskare enn ein kan sei "utepils". Det er nok meir enn ein grunn til at VM ikkje vart lagt til vestlandet.

Eg har aldri likt Oslo spesielt godt. Sikkert ikkje særlig rart, i og med at eg var der svært lite i oppveksten og dermed aldri har blitt kjendt med byen. Husker berre vi tok ein tur fra Tante Bitten og Onkel Oddvar i Sandvika då eg var kanskje sju. Eg hang meg opp i navnet "Spikersuppa", for det skulle pappa vise oss. Han syns det var stas - eg fikk det bare ikkje til å stemme. For et tullete navn på ein stad uten verken spiker eller suppe.

Men Oslo veks på meg, det må eg innrømme. Til tross for snø og holke. For det første, om Velaug seier det er ein bra by, så trur eg på ho. Når ho i tillegg beviste det med å geleide oss til kriker og kroker fulle av skatter, nydelige perler av bruktbutikker, interiør-, kle- og skobutikker og toppa det heile med byens kanskje fineste lunchsted. Eg blei forelska. Og gleder meg til å oppleve byen igjen når det er vår!

Vi var faktisk litt lure også, som la turen utanom VM og innanom By:larm! Så etter verdens lengste fredag(eg sov ikkje middag eingang!) med mengder av bobler og vin, la vi plan for lørdag kveld. På grunn av vær- og føreforhold tenkte vi det var lurt å holde oss til ei scene, sidan vi ikkje hadde festivalpass. Ingenting er som å starte "kvelden" med ei flaske lunchbobler på delings, så heimturen, pynteseansen og det meste gikk på skinner. Ut igjen på skara sneia vi innom ein stad for asiamat før vi jogga til Sentrum Scene. Det er utrulig at vi ikkje knakk eit einaste bein, for om det var oppkjøringa til VM eller kva; Velaug hadde voldsomt konkurranseinstinkt denne kvelden og det var veldig ofte viktig at vi var tidlig ute. Eg må le når eg tenker på det no, høyrer stemma hennar i hodet: Vi skal iallefall inn før de der! Kom igjen, jenter, spring! Så vi gjorde som vi fikk beskjed om og sprang.

Kveldens høgdepunkt var Sassybeat - unge fantastiske smårips, to jenter på vokal/fiolin/gitar/bass. Eg gleder meg som ein unge til plata kjem ut, det var gøy, gøy, gøy! Og eg får klump i magen av stolthet av dagens ungdom.
Det neste bandet har eg kanskje glømt. Eller var det Elvira Nikolaisen? Jo, det var det kanskje. Eg vart iallefall skuffa over henne. Men om det kun var på grunn av dårlig lyd eller om det berre var kjedelig, er eg litt usikker på. Vi gjekk iallefall på Tilt, ein veldig kul spillebule-bar. Der minst to menn fekk gjennomgå på unisexdoen. - Vi hører ingen tisselyd der inne, går det bra med deg? Ikkje la deg sjenere bare fordi vi står rett utenfor! Jenter på stigande glede/boblerus, altså....
Tommy Tokyo var fabelaktig. Karismatisk og superdyktig, eg bør jammen høyre meir på den mannen! Men på siste sangen merka Grønnsåpa at livsgleden var lett dalande. Eller, eg blei berre så sinnsjukt trøtt. Og for meg fins det ingen utveg når Ole Lykkøye set seg på skuldra. Eg må sove. Blei lett panisk da eg merka dette, for eg ville jo ikkje at kvelden skulle ta slutt så tidlig! Da er det så bra at det er trapper ned mot scena som vi kan sitte på imellom slaga. - Kan eg sove litt på fanget ditt, Rød? Og eg fekk lov! Håper Mari Boine ikkje tok det personlig, eg har tross alt litt sameblod i årene sjøl, så ikkje gjer det, Mari. Men eg sov på Rød sitt kne heile konserten.

Alt var dermed klart for finalen med Peter, Bjørn og John, som eg elsker. Stigande livsglede og ei heilt ny Grønnsåpe.

Etterpå gjekk vi på Internasjonalen og sittedansa i ein sofa medan vi tok uklare bilder av oss sjølv før vi gjekk heim og såg på barnetv på nettet(!)

Eg holdt ut heilt til halv seks, og er offisielt STOLT av meg sjølv. Og alle var enige om at det hadde vore ei fabelaktig helg!

lørdag, februar 26, 2011

Ikkje eitt vondt ord om VM,

Men altså... Ein heil dag med tv-bilder av skrinne menn som hopper og hopper og hopper i tåka? Og i og med at dei norske ikkje veg meir enn eit par fjør, så seier det vel seg sjølv at dei har problem med å hoppe til bunnen av bakken. Kall meg gjerne medgangssupporter, for eg hadde sikkert syns det var kjempestas om vi vann i dag, men eg er desperat etter eit alternativ!


Gjett ein gong kvar eg fann det. På FEM! Kanalen som veit kva ei kvinne vil ha. Om du er usikker på løysinga får du den gratis her av meg: 
- Serier om jenter, klær og drama, gjerne med "Girl" i navnet, type Gossip Girl og Gilmore Girls. For det siste vi treng er å bli usikre på om dei verkelig handler om jenter
- Forferdelige oppussingsprogram, helst fra nittitallet. Her vil eg gjerne trekke fram dei som pusser opp husa til folk på berre 60 minutt. Eg hadde fått sammenbrudd om eg kom heim til ei halvferdig leilighet med halvfuga bad, halvtørr maling og halvferdig stylig. - Versågoood! Kor glad blei du?! Ikkje særlig.
- Sist, men ikkje minst. Vi jenter elsker tydeligvis alt som er alternativt og overnaturlig. Snakke med englar? Jepp, loves it. Snakke med døde? Helst! Generell spøkelsejakt, meir eller mindre truverdig? Åjada!


Så no tipper eg de er sinnsjukt spente på å få høyre kva FEM erstatta VM-tåka mi med. Ein dokumentar om Hessdalsfenomenet, eit gåtefullt lysfenomen i Hessdalen i Sør-Trøndelag. Det har vore forska mykje på kva det eigentler er, og vart ifølge Wikipedia oppklart i 2007. Om de er interessert kan de lese om det her: http://no.wikipedia.org/wiki/Fenomenet_i_Hessdalen. Det var ikkje så interessant, sånn egentlig. 


MEN! Det som vekka merksemda mi ved heile programmet var at ho som hadde mest kunnskap, tydeligvis hadde sett fenomenet på nært hald og fekk dermed snakke mest om det, ho hadde bart! Masse! Det var gøy! Dessuten beskreiv ho det som "eitt kneippbrød som kom svevande innover". Så ein må jo nesten berre ta det seriøst, når det er på det viset, ja! Jaja. 


Det mest mystiske med heile dette innlegget derimot, er korleis skrifttypen plutselig endra seg med ein gong eg nevnte Hessdalsfenomenet. Dèt er noko FEM bør ta ein titt på. Eg prøver å anlegge bart i mellomtida.

torsdag, februar 10, 2011

Det er vått ute.


Eg vakna av regnet i dag. Til ein viss grad kan det kalles forfriskande i motsetning til dei dagane eg vakner av at vaktmesteren ruller bosspanna ut i gata. Det er hundrevis av bosspann, iallefall føles det sånn. Og han tar seg god tid med rullinga. Å bli vekka av den lyden er på lista over absolutte bunn-3 måter å vakne på.

Uansett. Rød og eg hadde avtalt å jogge klokka ni i dag. Og det med regnet var ein strek i regninga. For vi hadde gjetta og håpa på soloppgang og fuglesang (ambisiøst, eg veit), men der bomma vi kraftig. Stiv kuling, striregn og tre grader. Men vi gjorde det likevel, så poenget mitt med heile dette innlegget er nok strengt tatt å skryte litt av oss. Lårene mine er fremdeles frostskada etter 6 kilometer med piskande regn - men det kjennes likevel deilig!

No skal eg ta på meg fjeset, plukke med meg ein kaffi og sjå om eg finn på noko lurt til mamma til søndag. Kanskje eg for første gang i mitt "voksne" liv klarer å både anskaffe OG sende gave så den kjem fram til morsdagen. Eg liker å innbille meg sjølv at alle liker å få ting litt for seint, for da varer liksom feiringa lenger, sant? Eller ikkje.

I morgon skal det bli sol!

tirsdag, februar 08, 2011

Eg elsker Scrabble, ord & vår.

Her er det eg har å glede meg til. Og å glede seg er som kjent like stas som sjokolade. Oslotur på besøk til Velaug-snupp, Kaizerkonsert, Køben/Helsingborgtur til Anne-Mi, festivaljobbing, og forhåpentligvis mange lyse kvelder, masse frisk luft, parkliv, piker, vin & sang. Og helst masse kvalitetstid med søstre, småfolk og foreldre. Eg har store ambisjoner om ein deilig vår. Og later som om den er her allerede.

mandag, februar 07, 2011

Borte, men likevel der -


Bent lar seg lett begeistre, og ser vakre ting i det meste. Eg får støtt og stadig mail med ting han syns eg bør sjekke. Vi er jo ofte enige i kva som er fint og ikkje, men nokre gonger slår ting litt hardare enn andre. Denne bildeserien traff meg rett i hjartet. Dette som har vore nokon sin heim, nokon sitt liv, som berre er borte. Men som likevel kviskrar - Eg er her framleis. Eg får gåsehud.

Sjå alt her:
http://www.marcusbuck.com/freiearbeiten_restarchitektur_en.php