torsdag, august 31, 2006

Eg er i hus i Bergen!!! *Jodlejublehurrahurrahurra* Og vi har så fiiin leilighet!! Alle som kan, må komme på besøk. Snarast! I helga skal vi ha fest, og alle må sjølvsagt komme. Dette gjeld også dei som bur i andre fylke, i utlandet, dei som er gravide og dei som er søstre. Plis!? Uansett, alt som skjer skal fotodokumenterast og leggast ut på akkurat denne bloggen sporenstreks etterpå:)
Se her, alle! Eg har leika med Anne Marien min:) Eg var på Geilo for et par veker sidan, og som vanlig hadde vi det superfint sammen. Eigentleg hadde vi store planar om villmarksweekend med telt og primus. Men for å sei det som det var, vart vi eigentleg skremde av regnet, og la planane på is. Det skal allikevel nevnast at vi fiska (!) og bada på Geilo Beach, til tross for at det var rimelig kaldt og surt. I tillegg rocka vi Geilos uteliv, ei oppgave som eigentleg ikkje krever enorm innsats. Men det var gøy, heilt sikkert. Anne Mari og eg har faktisk ikkje herja saman sidan eg var i Gøteborg i november, så det var kjempegodt å sjå henne igjen etter all den tida. Vi laga god mat, var på hagevandring i mamma Gerds fine urte- og grønnsakshage, gikk på tur og såg film. Gode ting, med den gode, fine jenta. Annemi dro rett fra meg og Geilo til Skiathos med Charlie, så eg vente spent på oppdatering og bilder på annemarisdagbok.blogspot.com. *HINTE*

fredag, august 25, 2006

I denne gata ligg min nye heim. Gata er kanskje litt oppdatert sidan biletet vart teke, men likevel. Omtrent 200 meter forbi Grieghallen, der har du oss. Ring på klokka der det står (logisk nok) "DE VAKRE", gå opp fire trapper og vips - vaflar og kvinneleg varme og kjærleik skal komme til deg på sekundet. Innimellom er det også mogeleg å oppdrive svidde pannekaker som er rå inni. Men det er kun når maskuline krefter rår i huset, har eg hørt. Ellers har eg tenkt mykje i det siste. Funne ut at nokre ting kan ein berre ikkje gjere noko med. Uansett kor sterkt ein vil. Men eg er her jo - om ikkje anna.

lørdag, august 19, 2006

BILDER FRÅ CARLOS & ALEX SITT BRYLLAUP 10. JUNI :)
Skreppa får leike med gutta, hurra! Solbrillemafiaen på veg til bryllaupsfest:)
Tonymakarony og eg har kjent kvarandre sidan vi vart fødde, faktisk. Men har ikkje sett kvarandre på lengst. Gjensynsgleda var altså så stor at vi måtte lage ein fabelaktig, sjarmerande og svært hot fotosession. Eg er forresten svært nøgd med å vere like brun som han, som faktisk er halvt portugisisk. *skryte*
Diverse hunks som dingla rundt i bryllaupet: Frå toppen, Tore, Ørjan - "Gratulerer med dag i dagen", Kristian og Joakim, Bjarte og Terje og nederst forlovar Stein Erik. Som eg altså var vilt forelska i på barneskulen. Vi var faktisk kjærestar i eit halvt år, og kyssa opptil.. eh.. ein gong.
Fine brureparet, søster/forlover/bendik med kjærast, stolte og nøgde brureforeldre og kjøkemeister-Tore.
Ingen kan vel nekte for at Caroline har norges heitaste bror. Alle småchicksa dånar i hans selskap:) Brudevals og posering. Nydelege brura med sin fine mann.
Uti dei seine timar i bryllaupsfesten. Eg er full av den hemmeleg-gravide-brudens drinkar. Thomas og Reiel har problem med å halde seg vakne, medan Tore framleis er pigg og nøgd som ein korgut. Bendik og Øystein bør vel strengt tatt get a room, og lillebror og Reiel burde kanskje finne senga si.

torsdag, august 17, 2006

Hurra! Endeleg har eg fått bildene frå fjaseturen Cecil og eg hadde til Tyrkia i slutten av mai. Dei to heite blondinene er Lene og Christine, som vi var så heldige å ha som naboar. Vi hang saman som erteris omtrent frå første dagen. Kjempesøte jenter, like ville og hyperaktive som oss. Desse bildene er frå den fatale kvelden då underteikna faktisk spidda hånda si på en palme. Den slemme palmen etterlot seg en bit av seg sjølv inni handa mi, og eg var nummen i heile armen dagen etterpå. Kvelden var likevel svært vellukka, vi gjekk ut med nokre hunks frå stamrestauranten vår - Titanic (eg veit, dette er slik ein miserabel klisje, men akk så fabelaktig allikevel). Sjefen på restauranten reiv i heile kvelden (eg reiv nesten ned bordet, forresten), og då vi skulle heim, greide vi på nød og neppe å riste dei av oss alle saman, så vi kunne nattbade. Perfekt! Mannen mellom Christine og meg på det eine bildet, var ein dust, og ligna dessuten på gullars.
Øverst er verdens søteste lille muldyr, Lene. Varm på hodet sitt. Desse bilda er frå den deilige båtturdagen vår. Då vart vi brune! Hurra! Cecilie fekk fargen sin, og var godt fornøgd:) Poserer med Christinetøsa. Look! No hands! Synkronsvømming på høgt nivå. Vi er tøffe. Vi turte å hoppe frå båten. Men er redde for vatn i nasa. Eg kan forresten sjå rompa di Cecil. Og mi.
Vi røyka vasspipe, det var jo både gøy og godt:) Så alle fire jentene samla, det var jo berre griseflaks at vi hadde så vidunderlige naboar! Cecilie og eg greide forresten ikkje å opne augene på det nederste bildet. Var så slitsamt i varmen, gitt! Dette var forresten den kvelden då vår gode venn, restaurantsjefmannen bestemte seg for å slå på stortromma og verkeleg ta på seg spanderbuksa. Han slo til med ein heilt grotesk miks som vel eigentleg bestod av hundre prosent tequila. Alle som kjenner meg, veit at eg etter litt for mange dårlege tequilaopplevingar brekk meg om eg kjenner den minste tequiladunst. Eg fikk vondt i hjartet då eg innsåg at eg var nødd til å ta imot og shotte saman med dei andre. Det gjorde ikkje mindre vondt den andre gongen. For ikkje å nemne den tredje. Fjerde gongen var eg heilt på gråten, og ikkje minst rimeleg på druen. Så eg greide med kløkt og kvinnelist å lure meg unna. Vi slapp dermed både grinetokter og det som verre er. Flaks!
Øverst: Lene og meg med terapismil. Lene med restaurantsjefen som fall pladask for henne, og eg med eklemannen som helst såg at Christine tok med seg nokre litt meir lausslupne venninner neste år. Vi var jo så gørre som ikkje ville gå til sengs med han. Så er det dansemusa vår og meg på scooter. Eg kan love alle at ingen alkohol var inne i bildet, eg hadde på meg hjelm, men det var etter bildet vart teke. Kors på halsen, altså. Cecil og meg med den nydelege svensk-tyrkiske mannen som vi bestemte at Mona skulle gifte seg med:) Christine og "mannen i hennar liv" - Mehmet. Det vil sei, "snille-Mehmet". Mehmet fans nemlig i fleire utgåver, også ein "duste-mehmet". Det kjem vel ikkje som ei overrasking på nokon at han likte meg litt i overkant godt. Han presterte å låne ei barnevogn - med barn i - og proklamerte for heile restauranten: This is us, one year later. *åshutup!!!*

onsdag, august 02, 2006

Midt i alt som er så trist og dumt, kjem det innimellom også eit par gode og fantastiske nyheter. Både Caroline og Kotsasi skal ha beibi!! Og dei er nøyaktig like langt på veg, 13 veker begge to. Så då har dei begge ein knott som ser litt ut som ein alien i kvar sin mage. Så rart, men så fint og bra på samme tid! Eg jobbar hardt med å finne alkoholfrie aktivitetar vi alle kan bedrive hausten med, eg har store planar om strikking og brodering, og gledar meg vilt til magane deira blir store og beibiane begynner å sparke. Så kjekt det skal bli! Så vakre born dei kjem til å få! Og så fine, flinke og gøye mammaer dei skal bli, begge to:)