fredag, april 08, 2011

Gult er visst kult.

Iallefall bra! Ved hjelp av en kombinasjon av Lene sin blogg  og min egen tankekraft har eg funne ut at tre av mine favorittbøker har gule framsider. Her er dei.



Tre små, men aldeles vidunderlige bøker. Om eg skulle hatt ferie og tilgang til ei strand nett no, skulle eg hatt med meg alle desse og lest dei i fillebiter. I tillegg til gule cover har dei som fellesnevner at dei gir meg latterkrampe og grineanfall omtrent samtidig. Og slike bittersøte greier er jo akkurat det eg liker best.

onsdag, april 06, 2011

100 vs 30 vs 23

På Oldemor sin hundreårsdag spurte eg henne kor gammel ho kjende seg på innsida. Ho svarte at ho sjelden hadde følt seg eldre enn 23. Isåfall har eg slått henne allerede, iallefall no om dagen. Eg veit at eg har nevnt våren i dei siste søtti innlegga her, og eg veit ikkje kvifor eg lengter slik etter den i år. Vinteren i fjor var lengre enn i år. Men eg kan ikkje huske at det var vår i det heile tatt i 2010. Ikkje sommar heller, for den del. 2010 var det første året i mitt liv der eg ikkje bada i Norge. Når eg tenker på det no var det jammen superflaks at vi dro til Spania, for ellers hadde det ikkje vore andre årstider enn vinter i mitt tjueniande år.

Anne Mari og eg snakka om det når eg var hos henne; at når vi var små var alle årstider toppen på sitt vis. Snowjogs og akebrett gjorde vinteren fullkommen. Å drikke kakao på termos og spise dobbel brunostskive fra vottehand sittande på gjerdet utanfor rekkehuset i Kongleveien 1d. Tynn vårjakke og småsko var ein dobbelseier medan ein gleda seg til tusen is på 17. mai og at snøen skulle smelte på Hafstadfjellet. For det betydde at eg fekk gå uten strømpebukse. Og da var det sommar og dødsviktig å ikkje få grønske på knea. Lukta av blomsterkrans på hendene og sand i håret. Donaldblad og saft på altanen. Eg kan ikkje huske at eg måtte bruke solkrem når eg var liten, men eg måtte det heilt sikkert. Hausten, deilige haust. Med tørt løv, forhåpentligvis, og epler i alle lommer. Spennande leiker ute når det vart mørkt om kveldane og Buster kunne gøyme seg bak alle hushjørnene. Det var mange hushjørner i Kongleveien. Tjukkegenser og lue før boblejakka måtte på, berre litt kortare i armane enn sist.

No kjenner eg meg 7 år igjen. Eller i det minste 23.

Vad gør vi nu lille du?


Når Mad Men sesong 4 er ferdigsett?

Vi venta lenge med å sjå dei to siste episodane. Men no er det over og livet mitt eit vakum. Skal eg sjå Six Feet Under igjen medan eg ventar på neste sesong? Eller skal eg bare ta fram hundefløyta og blåse i den så hardt eg kan. For kjem vel våren. Eg har vore klar så lenge!

Eg kjøpte nye støvlettar i Helsingborg, og dei kjem til å kle blomstrete kjolar og bare, sjølvbruna bein...
Skal legge ut nokre bilder fra turen til Sverige/Danmark ein anna dag. Ein dag eg ikkje er gal av lengsel etter å sjå meir av Donald Draper og ikkje må legge meg.

For det gjør eg nu, lille du.