torsdag, november 22, 2007

TYPISK MEG Å VERE MUTT - Ta ein titt på denne linken: http://vibb.no/Company.asp?CompanyID=9502 Jasså, kjære Nusse, så du har vore innom jobben min "utallige ganger"? Kor mange gonger er dét, eigentleg? Utallig mange, altså? Fleir enn du kan telle? Kor langt kan du telle? KAN du eingong telle? Og kven heiter liksom Nusse? For eit dustenamn. Eg har spurt svært mange (utalleg mange, faktisk) etter at eg fekk vite om denne anmeldinga kva slags ord dei vil beskrive meg med om dei får bruke berre eitt. Ingen sa noko om at eg er særleg mutt. Søte, vakre Nusse - trass i at du har vore innom utallige gonger, har vi aldri sett deg. Men om du kjem innom igjen, skal vi iallefall stå klare med butikksmila våre klistra fast og gje deg all informasjon vi sit inne med av fingerkrokar, rekekrokar, spennstenger, teleskopstenger, vi skal forklare deg korleis viskose vert framstilt, kor mykje bomull krympar, vi skal sei at det er heilt greit at du tek gardinene utav pakken for å sjå nærare på mønsteret og stoffet - du kan til og med få ei trådsnelle med på kjøpet, Nussemussesmusse! Neida, eg er verken snurt eller sur over denne helvetes Nusse. Eg er berre litt mutt. Seriøst, altså.

lørdag, november 03, 2007

Frilaurdag. Dusje til ein vert skrukkete på fingrane, som då ein var liten og nekta å komme opp av badekaret. Det er deilig, det. Og så drikke te medan ein lakkar neglene etterpå. Høyre på Regina. Då får det berre vere at det regnar pinnsvin og ekorn ute.