tirsdag, juni 12, 2012

Bråkeby.

Byen min bråker så fælt i dag. Eg liker ikkje menn som roper i bakgården klokka sju om morgenen. Heller ikkje ryggealarmer som hyler en time i strekk utanfor vinduet når det er kveld. Femti kroner til den som kan fikse det. Eg er så lei av denne dagen at eg kan ikkje få sagt det. Vil også nevne at den høgre sida av kroppen min herved går under definisjonen boss og gies vekk til den som gidder komme og hente den. Eg kan by på fødselsmerke, skeiv tann, en liten, dog ytterst irriterande valk på låret, og siste tilskudd på stammen er en uregelmessighet på en blodåre i hjernen. ALT på høgre side. Og eg er ikkje interessert i å beholde nokon av desse tinga.

Mens eg venter på at dagen skal gå over hører eg på Thåström veldig, veldig stille og gleder meg til Bergenfest. 

lørdag, juni 09, 2012

Grådig fint


Eg kunne sett på det heile dagen.

Det fins for få menn med blomsterkrans i verda.

Takk for lånet!

mandag, juni 04, 2012

Åh, kor glad eg blir -


Tross alt, både manglande sommar og det der, Regina Spektor har komt med ny plate og dèt holder lenge for å glede meg!

I dag har eg sett den første singelen, All the rowboats, ca femten ganger på youtube, og er begeistra som vanlig. Introen gir meg Eurosong-vibber, noko som nok mange grøsser av - men som berre gjer meg enda gladere. For dei av dykk som såg på Eurosong (eg berre går utifrå at det er alle), skulle ein nesten tru Tyrkia har plagiert Regina, eller omvendt. Det er heilt greit for meg, sidan både Oliver Twist og Les Misèrables går i denne grisen lett som ingenting, og dei diffuse greiene som føregjekk på scena såg ut som ei blanding av nettopp dei to.

Musikkvideoen får meg også til å tenke på den sommaren eg jobba på sjukehusarkiv. Bak ei av hyllene var det eit hulrom der min kollega Sveinis utførte det han kalte "Softis-testar". Hyllene var sånne som ein kunne skyve fram og tilbake for å spare plass, og softistestane var såpass ukompliserte at det kun dreide seg om å kunne stå i hulrommet mens Sveinis kjørte hylla forbi. Om det gjekk, var ein kvalifisert til å få softis. Både han og eg var alltid tynne nok til å bestå testen. Sjefen vår innsåg sine begrensingar på eige magemål, nekta å ta testen, men fekk alltid is likevel. Så ein kan vel ikkje sei at testen var heilt vanntett. Eller, om målet var å ete is samme kva, så var den vel det.

Sommardagane på arkivet var til tider ulidelige. Det var altfor varmt, folk var altfor sure, og det var generelt for mykje papir der. Det hjalp ikkje på stemninga at eg hadde ein lungeinfeksjon ingen legar blei einige om kva var, som åpenbart ikkje var glad i papirstøv. Eg hosta til eg brista to ribbein og blei etterkvart like sur som dei andre. Sveinis og eg prøvde desperat å halde humøret oppe, men det var ikkje så enkelt når "dei vaksne" insisterte på å høyre på P4 og kollegaen vår med to fingre var bitter for absolutt alt. Det endte med at eg oppretta tidsskriftet Kvinner mot Arkivet, som vart gitt ut berre ein gong, men som var sterkt etterspurt over heile sjukehuset. Sveinis fekk vere med som einaste mannlige støttemedlem. Då sommaren nærma seg slutten og eg seriøst vurderte å sette fyr på heile arkivet, viste det seg plutselig at den bitre kollegaen min kunne parodiere latteren til Dan Børge Akerø heilt perfekt. Eg har aldri ledd meir i mitt liv, og den stusselige sommaren var som blåst bort med vinden.

Forresten - plata til Regina heiter What we saw from the cheap seats, og eg elsker navnet!

Edit: Det skal presiserast at det var Kjersti & Øystein som oppfant softistesten. Desse to var også blant dei som gjorde livet verdt å leve på sjukehuset. Dette til tross for at eg aldri skjønte om Øystein tulla eller var alvorlig, og at Kjersti insiterte på å kalle meg Ling, bare fordi eg gikk så fort og målbevisst. Og Kjersti - eg nekter å tru at verken du eller Øystein har blitt for tjukke for softistesten.