tirsdag, oktober 31, 2006

Vi har brukt nesten eitt år på å innsjå og forstå at det er verkeleg, samtidig som vi har håpa, bedt og innstendig prøvd å innbille oss at det kjem til å gå over - tenkt at det ikkje kan stemme. Men no er det her, nærare og meir verkeleg enn det nokonsinne har vore. Samtidig så mykje meir uverkeleg. Like forbanna urettferdig og meiningslaust. Kva kan ein gjer? Kva kan ein sei? Ingenting. Men eg er glad eg er heime.

onsdag, oktober 25, 2006

Eg møtte en gutt en dag som sa eg var heilt UTRULEG lik på denne dama. Ho er faktisk over 40 og ein rimeleg middels flink skodespelar, visst. Må innrømme at eg er usikker på om det eigentleg var eit bra kompliment. I tillegg, gjekk eg forbi ein mann som samla inn pengar til "barn i afrika" (han sa faktisk akkurat dèt, kanskje ikkje heilprofft, sjølv om han hadde bøsse. Kva slags barn? Kvar i Afrika?). Eg sa at eg dessverre ikkje hadde pengar, som jo faktisk er eit sørgeleg faktum om dagen. Det var heilt greit, sa han, og eg måtte ha ein fin kveld videre. Tusen takk det samme, sa eg, og trudde vi var nesten kompisar. Heilt til han, frekke drittmannen slengte utav seg: Du ser forresten litt sliten ut, har du hatt en lang dag? Når vart det greit for bøssefolk å kommentere utsjånaden til folk? Det var ikkje ein fin kommentar eingong. Kanskje hadde eg hatt ein lang dag, kanskje var eg sliten, men eg vil ikkje at en forbanna bøssemann skal fortelle meg det, NEITAKK, det er ikkje nødvendig å gni det inn!!!! GRRR! Takke meg til min kjære far, som sendte meg melding i dag der det stod (ja, eg siterer): Hei! Såg deg på video i går.. Du så glad og opplagt ut.:. Som vanlig :) Det stod det faktisk. Litt rar tegnsetting der, men ellers heilt perfekt. Tusen hjertelig. For eg er faktisk ikkje over 40 og ser heller ikkje sliten ut. Bare spør pappa. En ting er iallefall sikkert; i dag skal eg på Hollywoodfest med skulen min, eg skal ha fin kjole, høghælte sko, tre meter eyeliner, et halvt kilo rød leppestift og eg skal se vidunderlig ut. Forresten, så er det lov for alle mine skattefolk å fortelle meg at eg ser sliten ut. Men då må dåke vere forberedt på at eg grine på skuldra dåkas etterpå. For eg kunne ikkje akkurat grine på bøssemannen. Han hadde dessuten stygg jakke.

søndag, oktober 22, 2006

Maja venta i vindauget då eg kom. Ho såg på meg ei stund, der eg stod utanfor og vinka, lo og grein. Så smilte ho, eg var både huska og godkjent - hurra! Ei heil helg med min eldste og min nyaste bestevenn, to av dei jentene på jord eg skattar høgast, var terapi og underhaldning eg kan leve på lenge. Vi har leika, turna, lest bok, Maja klikka fullstendig av Marit Larsen og dansa hyperdans med jublehyl. Vi har spist "bollje" på størrelse med hovudet hennar, som greit vart oppbevart under armen når ho hadde spisepause. Eg har fått fleire av dei berømte "sossane" - svært våte, men akk, så sjarmerande. Vi har kosa masse, verdens beste, varme, lille klump på fanget. Ho insisterte til og med på at eg skulle legge ho - den første som har fått lov bortsett fra Heidi og Rune! I dag bada eg ho før eg dro heim, utruleg kor mykje ein snart-toåring kan le av ei tante med skum i fjeset, og ikkje minst kor mykje ho kan le av å skvette meg klissvåt over alt etterpå. Eg kan nesten ikkje forstå korleis vi greidde oss utan ho før, og er frå meg av lykke over at ho er komen for å bli. Når Majsa sov snakka og snakka sustrene, medan vi strikka og spiste snop. Perfekt kombinasjon. Eg har gjort Heidi ør av lengt etter Bergen, eg gleder meg som ein unge til dei kjem attende hit til sommaren! Då vil eg helst leike med dei kvar dag, omtrent:) I morgon, eller i dag eigentleg, sidan det er natt, har oldemor 101-årsdag! Hurrahurra for veldig gamle og veldig fine oldi! I morgon skal eg til Askøy med finkjole og ballongar og feire!

søndag, oktober 15, 2006

Heime i Førde i helga, her har hausten kome mykje lengre enn i Bergen. Det har vore godt å vere heime. Lufta er klar her, lyset deilig haustdiffust, tempoet rolegare. Og best av alt - eg har sluppe å teikne ein einaste strek! Sidan eg kom litt seint igong med oppgåva mi på skulen, blei det heilt ekstrem innspurt på slutten. Vi budde omtrent på skulen, og eg er så stiv i kroppen at det kjennes som eg har fått ein skikkelig omgang pryl. Menmen, i morgon er det ny veke, ny oppgåve, og mest sannsynlig ein ny vri på eigeninnsatsen... Uansett - eg vart nøgd med teikningane til slutt, og fekk god tilbakemelding, *jippihurrajuble* Neste helg skal eg til Kristiansund og gler meg som ein unge. Maja, Heidi og Trine skal ha jentehelg og berre kose oss og leike i tre dagar til ende. Eg har tenkt å lære Maja nye turntriks, så skal eg høyre på alle dei nye orda ho har lært seg. Ho har faktisk begynt å få nordmørsdialekt, til pappas store stolthet. Har ikkje sett verken Heidi eller Maja sidan i sommar, så det skal bli så kjempekjekt!

onsdag, oktober 11, 2006

OOOO, chris de burgh, chris de burgh, nanana, tell me life is beautiful.

mandag, oktober 09, 2006

Kjære Inge. Eg angrar litt på at eg var streng med deg her den andre dagen. Tusen hjarteleg for bileta, det gledde mitt stakkars fortumla hjarte å sjå di fagre dotter og meg sjølv dokumentert frå Geilo i august. Og du kan hilse Gerd og takke for post-it-lappen og sei at eg tilgjev dykk alt, spesielt det at cd`en vart liggande så lenge. Håper alt er greit no, eg lover å aldri meir mase og ikkje komme med nokre frekke kommentarer om fiskekort og liknande neste gong eg kjem på besøk. Om eg framleis er ønska som gjest i huset dykkar, vel å merke. Varme helsingar frå dykkar favoritt(?)brunette i Bergen.

torsdag, oktober 05, 2006

Kjære Inge. No syns eg at eg har venta svært tolmodig på å få ein cd med bilder i posten. Eg har oppført meg fint så langt, men eg kjenner på meg at eg kan bli rimelig gretten om ikkje eg snart får den. Om planen din var å vente til bursdagen min og så "overraske" meg, så syns eg eigentleg det er ein litt dårlig plan. Hjarteleg helsing Trine. PS. Hels Anne Mari.

tirsdag, oktober 03, 2006

Ja, riktig observert, mitt liv er ein musical! *jodle*

mandag, oktober 02, 2006

Eg innrømmer alt; JA, eg skulkar i dag. MEN - vi skulkar fordi læraren vår i dag heldt foredrag i strømlinjeform, vi boblar over av energi og kreativitet og var rett og slett heilt fullstendig nøydde til å rømme frå timen. For å gå på kafe, drikke kakao og jobbe med oppgåva vår. Så vi er eigentleg flinke. Og lure. Og slår to fluer i ein smekk, sidan vi både arbeider og har det koselig og sosialt på samme tid. Ergo - to fluer og ein veps. Herlighet, eg er koko i dag.