mandag, mars 26, 2007


Eg forstår ikkje heilt kva som skjer her. Skulle jo legge ut alle bildene frå besøk hos AnneMi på Geilo, men så blei alt bare kryptisk. Og det trur eg dette bildet er også. Litt sånn på halv åtte.

Jaja, får ta det i morgon, heller.

lørdag, mars 24, 2007

Våren i Bergen er eit eventyr. Ein skatt verdig til å putte i Trine si skattekiste. Og i lomma, så ein kan bære den med seg alltid. Som Johanna sa så fint i dag tidleg når vi gjekk på tur; "Jeg har bare lyst å gi hele byen en klem!". Så det gjorde vi - medan vi drakk kakao og ga sol til usynlege fregner, endå ikkje heilt vakne etter ein regntung vinter. Eg gler meg til forsettinga.

onsdag, mars 21, 2007

Det var tydelegvis ei stund sidan eg skreiv lista over ting som utgår. Eg måtte redigere litt. Men her er den - nærast komplett. Eg er åpen for innspel, såklart, for eg vil tru det er ein del andre ting i verda som også utgår. Det må forresten nevnast at sustrene mine har deltatt litt i utarbeidinga av denne lista, så alt er ikkje nødvendigvis sjølvopplevd. Appelsinhud Brokkoli med orm i Buffalosko (men det veit vel alle) Damebart Diverse tresortar Ekstrem svangerskapskvalme Elveblest Ett øyenbryn Fyllesjuke Gnagsår Halsbetennelse Heisblikk Heismann Hå Hermegåser Hulken "Hvilken størrelse vil du være?" Jenter som syns det er kult å ligge med dei samme som vennane sine Kebab Kjærlighetssorg og massiv grining over dustefolk Klovnebarten Klovner generelt Korpsmusikk (bortsett frå når Netty og Synna er med, for då inngår korpsmusikk kjempehardt..:)) Kvite bukser Lakksko (jenter har sjølvsagt lov) Lisseslips Mandarin med stein Middagspølse Midtskill (på feil hode) Mood Mule "Nesen" Opptattsignal Paris Hilton Pia Haraldsen Piercing i brynet Ribbestrikkgenser (sånn med litt forskjellige fargenyansa, gjerne (ikkje) med mønster) Ringorm Russegenser fra alle andre år enn året en befinner seg i Sjokolade med lakris inni Sludd SMS-språk Smuler i BH`en (spesielt knekkebrødsmuler) Snerk Størkna fett Sukat Sylteagurk Oppringninger klokka fire på natta etter et one night stand pålydande: "JÆI SCHAVNER DEG!" Trekkspillmusikk Tvangsdrikking av tequila Ulvedebatt på TV Vekkerklokker Øresus

tirsdag, mars 20, 2007

Kanskje på tide at eg publiserer den O`heilage Lista Over Ting Som Inngår. Sånn på generell basis, ting som er bra og hurra for meg, som gjer meg glad, lykkelig og . Den har vore ein anna stad på veven lenge, men no er det på tide at alle mine skattar får sjå den også. Tataa! Sjølvsagt alfabetisk, så eg ikkje frike ut av u-systematikk og sånt. Akrylmaling i store mengder Anna Sui rouge Avbitertang Bent - inngår veldig Brownies Cerazette Concealer Dromedar og Hot Chili-kaffe (faktisk kaffe - tenk) Dulling i håret mitt Dusje Elliot Erwitt Fabelaktige foto - generelt Fine kjoler Fine kåper Fine og perfekte jeans Fjas Fløyen i regnet Folk som Blir Garage Gode penner Guacamole Handskrevne kort Havet Hennes&Mauritz Høghælte sko Høst Hårkur Juicy tubes Julaften Kakao Katter Kirsebær og alle ting med deilig, syntetisk kirsebærsmak Klining Kotsasi sitt hus i Kvamsøy Kyss i nakken Lage diplomar til folk som har fortjent det Latterkrampe Lerret Maja"soss" Mango Musicals i London Musikk, eh ja! Måne Nordlys Notatbøker Nybakte ting Nyvaska sengetøy Oldemor sin stad på Askøy P3morgen Parfyme, type_ deilig Peis Perler - som i ikkje-perleøredobb, men skatteperler Påskeeegg Rød leppestift og neglelakk Rødvin Six feet under Sjokolade Skattekister Skruar med silikontupp - redda bien og plomstens liv da vi var lampechicks på fulltid Slippe å skrelle appelsinen sjøl Sminkefjerner som skummer masse og lukter deilig SMS`ar av typen "Skulle ønske du var her, så eg kunne ha gitt deg en klem" Snølykter Sol når eg kan svømme når som helst Spontan klemming Stjerneskudd Støvelettar av type "finast på jord" Symaskin Søstre - mine Tantebarn(et) Te Ullsokker Venner - sånne gode Øl Øyekontakt Øyne som seier tusen millioner ting og får meg til å grine Å pynte meg Det var det. I morgon kjem lista over ting som utgår. Den er ganske lang den også.

mandag, mars 19, 2007

I dag vil eg hekle, strikke, lage min eigen smykkekolleksjon, bake, male, sy ny kjole, klippe håret, lage fine, fine bursdagskort - alt anna enn å vere på denne teite skulen. Så vil eg kline. Takk for meg, no har eg satt ny rekord i blogg-innlegg på ein dag. Då legg eg diplom-laging-til-meg-sjøl på lista over ting eg vil gjere.
Eg ser det igjen. 5 sesongen. Eg må vere med Cecilie, for eg klarte ikkje tanken på at ho skulle gå igjennom dette traumet aleine. Så vi såg den fælaste episoden i går, grein tretten liter. Cecilie fekk ut litt av sin frustrasjon ved å bjeffe "eg håpa megga Maggie dør av klamydia". Jada, det gjer ho nok. Ellers har vi utvikla et kjempekonsept, har tenkt å delta på "Skaperen" og faktisk vinne. Ein blir full av (dårleg) kreativitet av å sitte for lenge på Pingvinen når det er søndag. Konseptet går ut på at ein kan blokkere menneske frå livet sitt, kun ved å trykke på ein knapp. Den knappen kan ein feste der ein vil, den kan skaffast i alle verdas fargar, og den verker alltid. Bortsett frå om ein har promille, då får ein beskjed om å prøve igjen seinare. Når ein har trykka på knappen, forsvinn menneska garantert frå livet ditt, du slutter å tenke på dei, får ingen ubehagelege telefonoppringningar midt på natta, får heller ikkje akutt behov for å ringe dei - faktisk aldri meir. Men det som er ekstrabonusen med denne knappen, er at du faktisk kan av-blokkere folk igjen. Og då står dei på døra di innan eit kvarter. Dette har vi stor tru på, men merka kanskje vi hadde liiittegrann arbeid igjen med sjølve utføringa av... alt, eigentleg. Men tanken var god, den skal vi ha.
I forhold (eventuelt " i henhold") til at eg omtrent aldri er sint, er det merkelig kor forbanna eg kan bli innimellom allikevel. Men sånn ellers, så er eg jo blid og glad og syns det er KJEMPEKJEKT at det er mandag og alt sånt der. Eg er også SVÆRT glad for at eg stod opp sju og gjekk på skulen åtte, kun for å finne ut av læraren vår var sjuk og eg strengt tatt kunne ha sove litt til. Er ironien død? Nei, det har eg ikkje sett.

torsdag, mars 15, 2007

Tatarataaaaa: I dag er det TO bursdagsjenter - begge av aller beste sort. AnneMi og Velaug har bursdag. Gratulerer så masse til begge to, håpar dagen blir perfekt og fortryllande, full av stas, glitter, kake, klemmar og pakkar. Min Kjære og eg skålte for begge i natt (eg kan ikkje garantere at vi ikkje hadde gjort det uansett om det ikkje var bursdag...). Velaug skal feirast i helga, det gleder eg meg til. Så får eg heller bare sakne og gråte en skvett over at eg ikkje får klemme og susse på Annemi akkurat no. Men det er jo godt å sakne, både mykje og litt, det betyr jo berre at eg er så glad i deg! Og dessuten kan vi feire ein annan dag, vi må berre vente litt, til vi blir rikare og sånt.
Nååo, nååo, nåo! Amy, no får det faen meg vere nok.

mandag, mars 12, 2007

EIN SKOG AV SAKN Det har vore mange av dei i vinter. Dagar der eg høyrer deg i alle songane mine, ser deg i alle menneska eg møter på gata, kjenner deg i kvar einaste kjensle. All den nye musikken min, eg vil vise deg alt saman, seie: "Høyr, Vegard, denne vil du elske" - og det hadde ikkje gjort noko om du ikkje likte den eingong, du ville ha hørt, eg veit det. Dei nye menneska eg møter, du skulle ha vore her og møtt dei du også, eller iallefall ha vore her så eg kunne fortalt deg om dei. Du skulle jo ha budd her no, vi skulle ha vore i same byen alltid. Du skulle ha kunna vere med på Pingvinen ein slapp søndag, sett på alle dei fine jentene. Eg såg ei der seinast i går du ville ha vore frå deg av begeistring av. Det føles så latterlig at eg aldri skal treffe deg igjen, at kvar gong eg tenker på å dra heim til Førde må eg fortelle meg sjølv at - nei, Vegard vil ikkje vere der - for det var alltid ein obligatorisk tanke når eg skulle heim. Og det er det enda, eg greier ikkje å berre slå av den tanken. Vil vel aldri greie det, og det er kanskje like greit. Det er fullstendig meiningslaust at du alltid berre vil forbli 24, nesten 25, og vi berre får, og må, gå videre. Vakre Vegard min, eg saknar deg så grenselaust.
Eg har leika med DOLLY! Takka vere og saman med Min Kjære (for eg har nemlig en sånn). Det var fantastisk, eg grein og lo og svevde på skya og nye turkise sko:) Ho sang alle dei fine sangane, sa alle dei fine tinga, var så piiiittepittelita, hadde like store puppar som forventa, ho spelte gitar, flygel, munnspel, banjo og gitar - og kvart einaste instrument var like overstrødd av glitter som henne sjølv. Det var ein vakker, vakker kveld på alle vis. Og det var det eg hadde å sei om den saken.

mandag, mars 05, 2007


Alle jentene i en stor dunge; Johanna, Nathalia, Linn og Minda. Også Sharin fremst. Dette er den legendariske kvelden då Aminda plutselig fann ei strømpebukse i buksa si, etter å ha gått med den i timesvis. Fantastisk!
Kosesmusking på Pingvinen. Eg kysse så hardt at nasen min nesten brekk.
Fikk snoke i Johanna sitt kamera i dag, og fant bilder frå gamle dagar (altså før jul og sånt). Her fikk vi julepresangane våre før Joh skulle dra til Amerika og feire jul der. Album med bilder fra den fine høsten og alle leikane vi har leika.
Eg måtte gråte såklart.
Mindus og Linn fikk også, og smilte meir enn dei gråt. For dei e jo ikkje så grine-trine-aktige som meg.

Minda, Sharin og Nathalia ser på ein mobil og smiler voldsomt. Eg huskar ikkje heilt kvifor, men det var sikkert gøy.
Uttrykket "fotogen" får ei heilt ny betydning.

fredag, mars 02, 2007

I loved you first , I loved you first
Beneath the stars came falling on our heads
But there just soft light, there just soft light
Your hair was long when we first met

torsdag, mars 01, 2007

Radaraparet A/S

Siden faret mitt har vert så yndig å sende bilde av Maja og meg på mailen min, legg eg det ut. Sjølv om det er ifrå gamle dagar, heilt sidan sist jul! Og vi ser trøtte og alvorlige ut, men det er kun fordi vi er slike store (og lure) tenkjarar begge to. Ein vert sliten av slikt.

Så her er stoda første mars i totusenogsjuåret:

Eg tilbringer ferien min i Vennesla hos knotten og Heidi(med den allerminste knotten i magen) og Rune. Sidan H&R må jobbe masse og berre har litt dagmamma, fekk eg den store æra å vere tantepassetrine - eller "Tiiinemoooora", som Maja kallar meg når ho skal smiske ekstra hardt og sjarmere meg i senk. Det greier ho lett!

kjekt at alt har gått så greit, at Maja syns eg er kul og grei og sånt, og at det ikkje kom meir enn tre meter snø mens eg var her. Vi leikar heile dagen, går på tur i snø og slaps, syng songar, dansar og har ikkje krangla meir enn ein gong. Det utarta seg riktignok til ei tung sutreleppe og tåresprut - alt på grunn av ein misforståelse angåande pålegg. Skinkeost eller syltetøy, liksom. Og medan eg smurte ny skive, med skinkeost sidan syltetøy var fullstendig feil, spiste ho likegodt opp syltetøyskiva medan ho venta. Akk.

I dag var eg innom legekontoret til Heidi, og fekk høyre på hjartet til knøttet i magen! Det gjekk kjempefort og høyrdes ut som et veldig fint og bra folk som var inni der. Det blir både fint, men veldig rart at dei skal flytte til Bergen om mindre enn eit halvt år, og at det skal komme enda eit medlem i familien deira. Fytti, kor kjekt det skal bli!

Veka har iallefall gått veldig fort, i overimorgon drar eg tilbake til Bergen og berre voksne folk, skule og vanlege ting - slutt på dans og fjas og tiddelibom. Bortsett fra Tobias då, som er langt ifrå voksen, men som eg likevel skal leike med i veka ein gong. Det gledar eg meg til.

Men no er det nok, eg må sjå på barne-tv!:)