mandag, september 25, 2006

Forresten så ville våren og sommaren min ha vore så mykje fattigare om eg ikkje hadde oppdaga desse gutane her. The shins. Eg seie som Natalie Portman; It`s gonna change your life. På minst ein måte.
Kanskje, ein vakker dag, skal eg legge inn omlag tusen bilder på denne (litt dårlige) bloggen. Da skal vi ha det kjekt, da. For det meste eg har bedrive tida med sidan eg kom til Bergen har faktisk blitt fotodokumentert. I helga, for eksempel, var vi på James Bond-fest hos søstera til Johanna i klassen min. Ho bur i eit hus som skal rivast om ei stund, så ho kan gjere akkurat det ho vil med kjellaren. Så ho hadde måla 007tegn på veggane, sjakkruter på golvet, glitterspraya veggane og laga bar - proppa full med martini, såklart. Vi skreppene dukka småbrisne opp i diverse tøsete Bondpikeantrekk. Høgt hår, raude lepper og negler, stilettar og korte skjørt. Uklårt kven vi eigentleg skulle forestille, men vi var uansett heilt ubeskriveleg lekre:) Og det var ein veldig gøy fest. Skal prøve å lure bildene frå kvelden ti meg frå Johanna, så alle kan få sjå. I tillegg skal eg oppdatere oftare i tida som kjem. Eg lovar!

fredag, september 22, 2006

Herlighet, altså. Så mange hissige folk. Eg har visst vore grisedårlig til å oppdatere bloggen i det siste. Kvifor? Tja. 1. Naboen sitt nett har vore sørgelig dårlig i det siste, og sidan naboen sitt nett på ein måte også er mitt nett, ligg eg litt dårlig an. 2. Det skjer mykje. På skulen, sosialt, i huset mitt og i hovudet mitt. 3. Eg har vore sjuk (det er ein god grunn!) 4. Og sånt. Men no er eg her. Og eg skriv. Bergen er fin, fytti, eg er så glad for å vere her! Vakre, vene byen. Skulen min er gøy, eg har funne dei beste jentene og gjort dei til mine. Det er perfekt og bra. Vi har det i tillegg heilt pinlig kjekt på skulen, eg føler eigentleg at vi ikkje går på skule, det verkar så ulogisk at alt skal berre vere jippijei. Og tenk; i slutten av september, og eg går med skjørt og flipflops! Tipper alle turistane er rimeleg sjokkerte - dette er nok ikkje det dei hadde venta. Det hadde vel ikkje vi "fastbuande" heller. Men bevaremegvel kor vi set pris på det likevel! I dag har eg hatt fri, og vi har hengt i parken heile dagen. Seinare skal vi nok gjere akkurat det ein gong til. Kva anna kan vi gjere i dette deilige, deilige vêret?! Dette var den eine sida. Her er den andre. Eg saknar familien min. Eg saknar vennene mine som er langt unna og som eg sjeldan får treffe. Eg tenker på Vegard, mykje. Så eg søv merkelig for tida av desse og andre grunnar. Dette er ein merkelig, bittersøt haust. Eg vil nok ikkje gløyme den med det første. Men haustar er til for å merkast og huskast.