onsdag, mai 23, 2007

Synna og Trine på jakt etter den berømte nachspielverandaen:






....Vi fann den på ein måte ikkje.

Og det har INGENTING med å gjere at Synna for det meste befant seg på fiskenivå, eller at vi måtte ta trehundreogsytten bilder før vi greide ta eitt der vi hadde auga åpne. Ingenting.

søndag, mai 20, 2007












Så syns eg det trengtes litt fleire bilder frå helga i fjorden. Eg beklager på det sterkaste det der med den gule jakka, leopardtights og røde sokkar. Eg meinte altså ingenting med det. Eg lovar. Alt det andre kan eg derimot stå for.













17. mai var ein strålande dag. Sola og veret var på vår side, utruleg nok etter dagevis med regn, kulde og vind.

Vi starta med champisfrokost (når vi omsider fekk opp korken..) hos Johanna og fortsette utover dagen med meir sprudlevann hos min kjære. Dagen var lang, folka fine og glade, og sola varm og grei. Om berre alle dagar kunne vere slik!
Leik og moro i fjorden.




Konferansane på Kviknes Hotell har ein tendens til å utarte seg. Iallefall under Balejazzen og litt seint på natt.


lørdag, mai 19, 2007

Det er kveld, eigentleg natt, og eg er hos Heidi og Majsa i Vennesla. Skulle eigentleg legge inn bilder frå 17. og Balejazz. Men det tok slik tid og eg er visst trøttare enn først antatt. Så eg nøyer meg med å legge ut ein ytterst bedårande sms eg nettopp fekk frå mamma: "Tenk då, eg spiste sju skiver med reker og drikte ca litt vin! Så dånte eg på sofaen, no har eg våkna for å legge meg (etterfulgt av ein stk kyssesmiley og ein med ekstra stort smil). Godnatt min skatt!" Du er fin du, mamma.

tirsdag, mai 15, 2007





Her har vi dei, sannelig allereie! Må også ha med dei fabelaktige "Kåkkmåddafåkka", ein haug med smårips som var heilt fantastiske på scena. Også eitt av Velis, Johanna og min sin utflukt i botanisk hage ei natt. Veldig kaldt, men bevaremeg så koselig!




Yupp. Vi har hatt ei strålande helg. Dei blonde, Kotti, Tobbis og eg har vore i Balestrand på velvære/mamma/tante/vinogspetakkelweekend. Kjempekjekt, fint vær, god mat og drikke, glade folk. Mary Ann, Kotti sin mamma var også heime, med sin nye kjæreste - Kim. Så vi har budd i alternativ generasjonsbustad på landet - nett so i gamle dagar;)

Eg skal legge ut bilder frå helga (det er mange av dei..) når eg får kloa i diverse kamera, men i mellomtida kan eg jo smelle ut eit par bilder frå den fortryllande Stagedivinga forrige helg. Det var oss og Magneten det, gitt. Ein strålande kveld det også!

Johanna har også ein drøss med bilder av oss i refleksvestane som vi på ein måte lånte på teateret. Dei kjem ein gong, dei også. Og vestane skal få komme tilbake til teateret - eg lovar, min kjære! Kors på halsen!

tirsdag, mai 08, 2007

Min første jobb var på Førde Fargehandel. Der jobba eg med ein drøss med menn, som gjorde hobby av å få meg til å rødme mest mogeleg ved å slenge meir eller mindre morsomme og slibrige kommentarar til ein små-usikker femtenåring. Eg kom over det, og fekk etterkvart ei skarpare tunge sjølv, greide til og med ved eit par anledningar å få dei til å rødme dei også. Men det var ikkje det eg skulle skrive om no. For eg kom på ein ting i går, noko så fint at det kunne ha vore i ein film, iallefall i mitt hovud. Åge har jobba på Fargehandelen i ein halv evighet, heilt sidan han var tjue eller noko, og nett kom heim frå eit par år som sjømann. For mor hans syns han trengde å få seg vekk litt. Eg trur han var ein rampis - i litt stor grad, liksom, før han drog iallefall. Ein kan framleis sjå signala, men berre på ein komisk og fin måte, han er trass alt ein vaksen mann no. Iallefall; når Åge var på havet, var han innom Vietnam, faktisk under krigen. Han fall pladask for landet og folka der, og fekk seg etterkvart både eit stort kontaktnett og ei rønne av eit hus, i Hanoi, trur eg. Så kvar vinter drog han dit, på "ferie". Han hjalp folk med ditt og datt, bygde litt her, mekka litt der. I tillegg til å vere litt på fylla og hente seg litt inn igjen etter ein lang regnhaust i Førde. Ein av gongane han var på ferie, vart han så grenselaust irritert på alle menna i nabolaget. Dei berre hang rundt og gjorde ingenting, sa Åge, dei berre satt i skuggen dagen lang og venta på at konene skulle lage middag til dei, før dei drakk uidentifiserbar alkohol (kanskje sånn slangevin Åge var så elskverdig å introdusere meg til - men det er iallefall ei anna historie), heilt til dei slokna og dagen var over. Så søte, søte Åge, gjorde dette; Han leigde ein diger bil, ga beskjed til alle menn i nabolaget at dei fekk greie seg sjølv ei stund, og tok med seg kvinner og born for å vise dei havet. Sjølv om havet ikkje var langt unna, hadde ingen av dei sett det før, og alle sammen var heilt ville av begeistring. Dei leigde tre-fire bungalowar på stranda og var der i fire dagar. Åge stod for matlaginga, og sat ellers berre og betrakta dei leike rundt på stranda og i sjøen frå terassen sin. Så drog dei attende til byen, og alt var som før, sa Åge. Eg trur ikkje det var det. Eg trur dei alltid vil ha desse dagane som eit stort og kostbart minne, og Åge forstår ikkje eingong kor fint det var det han gjorde for dei. Og det gjer det berre enda finare.

mandag, mai 07, 2007




Så sannelig, har eg fått hilse på Emeline til Carlos! Dei var her på helgetur, og innimellom all amming og soving og sånt, hadde dei tid til å møte meg. Det var ein fortryllande søndag, vi stod opp tidlig og var ute lenge før alle andre. Emeline er ein heilt nydelig liten klump, så blid og fornøgd og ville berre sjå på mammaen sin heile tida. Ikkje så rart, for Caroline er jammen ein kjempefin mams:) Håper det ikkje blir for lenge til neste gang vi treffes!