torsdag, mars 30, 2006

Er det dette som er den ekte skattekista mi?

onsdag, mars 29, 2006

Såg "Closer" igjen her ein dag. For ein fabelaktig film, så dyktige folk, så rar ein blir i kroppen og hodet etterpå. Og kor fantastisk er ikkje Natalie Portman. Eg vil bli henne når eg blir stor. Bildet av henne er utrulig vakkert, versågod Vegard, det er til deg!
Neste helg skal Cecilie komme på besøk til meg. Det gleder eg meg masse til! I samband med dèt, ville ho ha ein oversikt over kva vi kunne gjere her når ho kjem. Søkte på bilder frå førde, men det var ikkje mange eg fann, gitt! Dette fann eg, veit ikkje kva det er, men vi kan definitivt fikse noko liknande. Trur det går ut på å stå midt i ein foss og pirke med ein pinne. Gjerne i høljeregn. Så ta med deg den oransje regndressen og forbered deg på ei kjempekjekk helg! Ellers har vi eit kulturtilbod utanom det vanlige; her vil eg spesielt trekke fram terapibassenget, der ein kan sitte i boblebad berre fem minutt og ha kroppen full av blåmerke. Dette frista kanskje ikkje så heilt voldsomt, men det er jo samme kva vi gjer - berre vi er saman!

søndag, mars 26, 2006

Oi, for en bra lørdag! Etter å ha plukka opp Jeanette i Vadheim, ankom vi Høyanger - klare som påskeegg til fest og fjas av den perfekte feminine sorten. Sasi satt allerede i klippestolen då vi kom, og vart fort forandra til ein herlig blanding av Audrey Hepburn og Margaret Berger. Kristine var brun og lekker etter ei veke på Lanzarote, fantastisk kjekt å sjå ho igjen, så altfor lenge sidan sist. Ho var like produktiv som vanlig, og klippa både Jeanette, Sasi og meg som perler på ei snor. Det kjendes fantastisk å endelig ha sin heilt eigne stylist igjen, etter å ha klippa meg sjøl dei siste månadane. Etter at alle hadde blitt frisert, kledde vi oss om, sminka og dolla oss. Det er fantastisk kor lykkeleg ein kan bli av å stå foran ein spegel saman med tre gode venninner, litt vin innabords, rouge og lipgloss. Ingen kan kalle det kravstort! Den videre oppskrifta på ein perfekt kveld, er ein god dose fantastisk mat (såpass at knappen i buksa fell av), meir vin, smågodt sirlig delt i to med brødkniv (ingen bitar slapp unna), ostepop spist med gaffel, meir vin, klipping av pannelugg (Kristine sin første fylleklipp - på meg - fantastisk resultat!), plystring av sound of music-songar (hallo, det tok berre aldri slutt heller), fotosessions, meir vin. Då det lei mot midnatt, gjekk vi ut og skulle då sjølvsagt ta Høyanger med storm. Om det var så mykje å ta med storm, er et heilt anna spørsmål. Vi velta inn, i ein sky av hårspray, fnis og støvelettar og kva møtte oss? Seks svært diffust utsjåande mannfolk rundt eit bord på ein svært suspekt utestad. Ingen doddisbartenderar så langt auget kunne sjå, ingen fancy fototrykk på veggane, italienske tekstilar eller danske designlamper der i gården, for å sei det slik. Mennene hadde skinnjakker/vestar, kaps og omtrent tøflar på beina, og interiøret bar preg av å ha vore poppis ein gong tidleg på nittitallet (les vinraude og mørkegrøne veggar - allergianfall!!!!) Dette underheldt meg naturlig nok i omlag eit kvarter, men då var grensa mi nådd. Eg klarte rett og slett ikkje å vere vaken lengre. Så eg tok eit par supar av ein Irish Coffee, rigga meg godt til på sofaen og la meg til å sove. Etter ei stund blinka lysa, og vi skulle gå. Då hadde dei andre fått vite av ein svært deprimerande kar at livet faktisk er over når ein får born og giftar seg. Kjærleiken til partneren din tek slutt, alt er kjedelig, ungane har ingenting anna å by på enn ein ørliten underholdningsverdi og kona di vert kjedeleg og mildt sagt uuthaldeleg å snakke med. Dette var nytt for oss, og litt dårlege nyheter eigentleg. Men pyttsann, det kom vi fort over! Heime hos Kristine venta verdas beste seng, pysjamas, tannkrem og sminkefjernar. Kort oppsummert var dette ei tvers igjennom fullkomen helg. Kristine har reist attende til Tromsø, Sasi og Jeanette til Bergen og eg - alt eg sit igjen med er ein fjong pannelugg og saknet etter fjas og tøys med skattane. Men heldigvis gode minner for tjue helger framover! Og eg ser fram til å sjå bileta som Sasi sannsynlegvis snart legg ut på sin blogg. Bildet ovanfor er av oss, framleis aktive med frisering også om femti år.

lørdag, mars 25, 2006

Life aint that bad but damn it could have fooled me My heart is brand new but hardly bulletproof I am nothing but a child and I have lost my soul a million times And i`ve been found in bits and pieces Lovers arms and lovers crimes I - I am nothing but a child - E. Nikolaisen, Carpenter
Eg trur Buddha var ein smarting og i tillegg ein kjekkas. Med god hjelp frå Anne Mari, Joakim, mamma og Idunn, har eg ei samling av Buddhafigurar frå alt frå London til India, Roskilde til Kina.

fredag, mars 24, 2006

No er det snart påske! Det gledar eg meg til! Eg lurer litt på ein ting: Sidan folk lurer på kva eg skal bli når eg blir stor... Når har ein blitt stor, eigentlig? Og når ein har blitt stor, men likevel ikkje blitt noko. Er det for seint da? Eller har eg ein sjanse til?
I dag vil eg berre sei til Anne Mari at du ikkje må vere lei deg! Klart du får lov om du vil, men eg håpar det snart går over. For det er dumt når folk er triste, og ekstra dumt når det er du. For eg vil jo at du berre skal vere glad og ha det godt, lurt og bra.

torsdag, mars 23, 2006

Kva kan eg sei? Dette blir heilt feil for meg iallefall. Frøken vill og vakker sammen med Mister Rouge? Eg treng faktisk litt informasjon om korleis dette kunne skje. Kva slags aksjar har Skavland eigentleg lagt inn hos henne når ho har vore på "Først & Sist"?. Og var han den første ho tenkte på når Mikael hadde vore ute og svingt med lemmet?
Til Heidi som trur ho er for stor til å sitte på sånne; Langt ifrå! Kan vi, kan også du, småen. Slå deg laus, vi blir aldri for store!
Eg kan rett og slett ikkje forstå at historia om Jørn Egil ikkje slo betre an. Får ein mistanke om at nokre av mine edelsteinar rett og slett skumles postane mine. Er mors meir eller mindre gode tips meir interessante enn det faktum at eg mishandla kjærasten min på det grovaste og dumpa han neste dag? Han såg faktisk verre ut enn han på bildet. Har vold og rock`n roll slutta å selge, er det slik verda har blitt? Det finn eg meg ikkje i.

onsdag, mars 22, 2006

Mammas universalreglar for eit bra liv; det vil sei å ikkje vere kald, ikkje trøtt, ikkje påkjørt og så vidare. - Ha på deg strømpebukse. (sånn tynn - svart i vinterhalvåret, beige ellers.) - Legg deg før elleve. - Bruk refleks. - Spis opp maten din (mange gangar, ikkje berre ein porsjon) - Ikkje sjå på skumle, slemme, stygge, blodige, voldelege, høglydte ting på tv. - Legg deg i badekaret. - Ha på deg "en flis" - les fleecejakke, altfor stor. - Tøflar hjelp mot det meste. - Varmeflaske også. - Og melk. Dersom absolutt ingenting av dette skulle hjelpe, har ho kun eit råd igjen å gje. Nemlig å sette seg i den beste stolen, ta av sko/sandalar/kloggar/det du eventuelt har på beina (husk å behalde sokkane + strømpebuksa på såklart), skrell en appelsin og bare meld deg ut for fem minutt. Så er du tilbake på plass med eit blunk.
Faren for at bloggen blir ein bursdagsblogg er overhengande. Slik er det når så mange born vert produserte i mars. For i går var det nok eit bursdagsbarn. Dette barnet er ei som ikkje seier noko særlig på bloggen, men eg veit ho er her likevel. Iallefall av og til. Jenta vi snakker om er mildt sagt fantastisk. Ho er ufatteleg dyktig, ambisiøs og kreativ , men vil vel helst ikkje vere "flink jente" alltid. Ho brenn for at folk skal få fortalt historiene sine, få vist verda kva dei kan og at ingen skal rotne bort i ein krok når dei har kroppen full av gode idear. Ho er rettferdig, snill, omtenksom, morsom, har ein kjempeflott mann. Om ho vil, har ho ei lysande karriere foran seg i det ho studerer no, men (heldigvis for meg) lurer innimellom på om det er det ho skal bli når ho vert stor - eller noko heilt anna. Ho vil alltid det beste for alle, og gjer alt for at vener og familie skal ha det bra. Eg vil med dette berre sei at om du finn ut at ankerkvinnejobben ikkje vert som forventa, er eg når som helst klar for å bli kabaretartist saman med deg på Mallorca. Gratulerer så mykje med overstått, min kjære venn!

mandag, mars 20, 2006

I dag har eg funne ut kva eg heiter på alvespråk; Eàrànë Falassion. Heidi heiter Nellas, Marte Tàri og pappa Findecàno. Mamma heiter det samme som meg, så eg er på ein måte oppkalt etter ho på alvespråket. Og det er jo litt fint. Maja og Rune er Ireth og Carantir of Dorthonion. Vårt hobbit-familienamn er Bleecker-Baggins of Fair Downs, eg heiter Polly, storesyster Belba og lillesøster Tigerlily. Pappa heiter Olo. Maja heiter også Tigerlily, men Brandybuck of Buckland til etternamn, saman med Rune som heiter Marrock til fornamn. For en fin familie! Om nokon vil prøve det samme, er sida http://www.chriswetherell.com/elf/
Enda ein av diamantane bursdag, nemlig Mona! Det er ei stund sidan ho skreiv sin første kommentar her i skattekista, og Mona har enno ikkje fått den velkomsten ho fortener. Den tenkte eg å gi henne no, som eit bursdagskort sendt over verdsveven. Den aller første gongen eg var på Living, fekk eg rundtur av "Haien". Eg hadde vore på kontoret og skrive kontrakt, men skulle ikkje begynne før ei veke seinare. Eg hilste på dei fleste, huska ganske få fjes etterpå, og enda færre navn. Mona derimot, huska eg. Ho med den store, raude munnen, med fleire hundre tenner som smilte blidt og litt hyperaktivt ønska meg velkommen og syns det var kjempekjekt. Er dette mennesket ekte? -Tenkte eg, og lurte på korleis ho var til vanlig. Mona er slik til vanlig, men er alt utanom det vanlige likevel. Ho har ein utrulig energi (eit mysterium kvar den kjem frå), eit smil, ein dybde og ein humor som tek dei fleste med storm. Eg har sett tøffe ungjyplingar rødme og stamme etter eit minutts samtale med Mona, den mest hardbarka ungkar kan få gifteplanar på eit sekund. Ingen kan gå upåvirka frå eit møte med Mona. Ho kan drikke kven som helst under bordet, ho kan lytte, fortelle, trøste, grine, le i timesvis, er supermamma og sjørøvar på same tid. Mona har nemlig, til tross for sin elendige smak i menn, fått tre fantastisk vakre barn. Det er merkelig at ei som fint kunne vore mor mi, kan vere så lik meg i tankar og reaksjonsmønster, og i tillegg vere ein av mine aller kjæraste venner. Mona har svært mange gonger redda dagen min med sitt utrulige humør og merkverdige kommentarar. Veit du liker dårlig å snakke om "savn og triste ting", men eg må likevel få sei at eg savner deg veldig, MYH! Men, som kjent, eg kjem snart til Bergen på besøk! Ha ein strålande dag og hils masse til dei små!

søndag, mars 19, 2006

I undergangen får ein verkeleg passet påskrive.
TURDAG FOR TO AV SØSTRENE GRØNNIS: Vi tøffa oss ut, med våre skrantne halsar, hosta oss nedetter bakkane. Gjennom den skumle gjennomgangen som ein gong var heilt ny og utan stygge ord på veggane. Forbi Kongleveien 1d der Heidi og eg budde før, då Marte enda var kun eit stjerneskot. Det overraska meg stort at vegen frå leikeplassen til inngongsdøra vår var berre ti meter. Det skulle ein ikkje akkurat tru når ein var fem år og tissetrengt, for å sei det sånn. Vi gjekk forbi barnehagen min, gode, gamle Halbrend skule, tok ein runde rundt trea ved akebakken. Lo litt av treet som laga ein gedigen blåveis på Jørn Egil, som var kjærasten min ein gong i sjette klasse. Lo mest av at det eigentleg var min feil. Det var jo eg som dro ned lua hans idet eg aka forbi han, så han mista styringa, krasja og besvimte. Dagen etter var halve andletet hans nesten svart, det var bursdagen hans og eg slo opp. Det er egentlig ei heilt forferdelig historie.

lørdag, mars 18, 2006

En skal jo kysse frosken - ikkje spise den!

torsdag, mars 16, 2006

Sidan alle vi skattekistefolk er åttitallsfolk (unntatt Marte som er nittitalls, men sikkert har sett reprisar), huskar vi vel vår venn Gullars. Eg meiner han oppfant verdas beste kodespråk då han røymde og la att eggeskal og rømme på kjøkkenbenken. Marianne tok den med ein gong. "Eggeskall og rømme?! Eg skal rømme?! Gullars har rømt!" Heidi og eg hadde Gullars kassett, og eg kan heile utanat den dag i dag. Eg var spesielt fan av songen der han beklaga seg over å vere så liten. Det var vel kanskje fordi eg kjende meg litt att, sidan eg alltid var både yngst og minst i gamle dagar. Her kjem eit utdrag frå songen: Det er dumt å vere liten, når alle andre er så store det er dumt å bli så sliten at du sovnar undar bordet det er dumt å ha så liten kropp at du nesten ikke rekker opp Faktisk kan ein jammen kjenne seg igjen litt enda. Sjølv om ein no veks kun i bredden.

onsdag, mars 15, 2006

I dag er det også nokon andre som har bursdag! Det går an med to på ein gang, sjølv om kanskje Anne Mari har litt problem med å dele dagen.. Min søte, fine, snille, gøye Velaug har bursdag! Ho blir 26 år gammel, og du skulle ikkje tru ho var ein dag over einåtjue! Sidan eg ikkje har bilde av Velaug aleine, kan alle som vil, sjå henne på bilda litt lenger nede på sida. Dei over den tissande elefanten. Håper du får ein strålande dag, min venn, med gullsko, kake, blomster, fyrverkeri, alle dei fine guttane, skattar, sydenturar, bilar og alt ein kan vinne i Hallvard Flatland-program. Akkurat når du har lyst, kan du også komme på besøk til meg! Då kan vi danse under månen på altanen vår, vi kan sjå på folk som puttar minibankkortet i feil hol, eller nokre av dei utallige andre turistattraksjonane vi har her i trivselsfylket!
Det er tydeleg at ein ikkje er den som tek ut pengar i minibanken oftast når ein klarer å putte kortet i feil hol. Dette er slikt som skjer av action her på Helse Førde. Nei, det var ikkje eg som gjorde det, og nei, kortet kom ikkje ut att.
I dag er det Anne Mari sin bursdag! Det er omtrent det beste ho veit, og eg kan tenke meg Charlie har fått svært god info dei siste månadane om kor lenge det er igjen. Kor mange dagar, timar og sekund. Endelig er dagen her, og eg høyrer rykte om god vin, mat, finkjole og prinsessefeiring. Og det skulle berre mangle! Anne Mari har til og med ikkje ete snop på minst to veker (er det mogeleg?), men i dag får ho nok putte i seg alt ho har lyst på. GRATULERER SÅ MYKJE MED DAGEN! Min kjære gode, nydelege, morosame, fantastiske Annemi! *hapåsegbunadogblåseifløyteogviftemedflagget* PS: Skal du snart komme og bu i hybelen din i Førde igjen? Viss du klarer å komme over helga eller noko, så hadde det vore veldig fint. Charlie kan bli med, det er ikkje noko problem.

tirsdag, mars 14, 2006

Det er fint ver i Førde. Det er bra. Mamma, pappa og Marte er snille med meg. Det er bra. Her et eg sunt, til faste tider, det er også bra. Eg har fått ein mjuk start på sjukehuset, klart å smile og svare kort på alle spørsmål. "Jada, eg har komt heim for å jobbe litt, ja kjekt å vere heime hos mamma. Ja. Hade!". Så, innimellom, kjem eg på at no er dette faktisk den einaste heimen min. Til vanlig seier eg at eg skal heim til førde og så heim til Bergen igjen etterpå. Men no har eg dratt fra den eine heimen. Og ikkje berre det, eg har dratt frå vennane, kollegaene, guten og byen eg er så glad i også. Og når eg tenker på det, blir hjartet mitt til ein kald, våt og slapp klut og må grine litt. Er så mykje å tenke på, avgjerder å ta, minner å passe på å ikkje gløyme. Eg veit heldigvis at Bergen vil vente på meg om eg kjem attende, det same vil skattejentene og kollegaene som også har blitt mine gode vener. Om ikkje så altfor lenge vil Heidi og fjonet og Rune vere der, og så er alt på plass. Iallefall det meste.

mandag, mars 13, 2006

Dilemma som lett dukker opp når ein bur i førde: Kva skal eg sjå på tv? Nyheter på tegnspråk, ei dame som syng visesong, sånn kvikk, veldig "stilig", eller tragisk og frekk reklame for Plan, der ein anten begynner å grine fordi ein får så dårlig samvit, eller blir forbanna for at det går an å framstille folk som offer for å få fleire kundar. Eg går meg heller ein tur med lillebolen min. Eller lilleblomen, om du vil.

søndag, mars 12, 2006

Gårsdagens soundtrack: - I give myself away - D`sound - The other side of the world - KT Tunstall - Winter - Tori Amos - So this is goodbye - Moby - Du e heilt perfekt - Folk og Røvere - Sorta fairytale - Tori Amos - Run - Marthe Wulff - Jeg hadde tenkt - En sørgelig sang som pappa kan spille til meg når eg treng å grine litt. Han kan sikkert sei kven som har laga den.

fredag, mars 10, 2006

Åfyttigrisen kor kjekt det er å ha fotosession! Cecilie er ikkje heilt overbevist, synst eg høyrer henne; "Å, gjjje deg!" (med muntert tonefall såklart).
Alle må få vere med, Velaug får ikkje heilt plass på bildet, enda så liten ho er...
Vi fikk det sånn halvveis til etter mykje om og men. Like blide etter sjuhundre forsøk!
Så trøtte - men så koselig vi har det! På kebabsjappe litt over klokka to.
Berre ta ein titt på dei fine jentene som ville bli med å ta en tår for TeitelilleTrine som dreg frå byen utan å mukke. Jo, mukkar litt, forresten. Velaug - beekeeper, Sasi, Cecilie og Jeanette i front. Nokre meter bak meg, som er fotograf, sit den svært så myteomspunne broren til Velaug bak ei dør. Han hadde blitt låst inne på rommet sitt, då han skjøna at huset skulle bli invadert av smårips. Og for å oppklare ein del spørsmål her - han måtte gå ut av rommet sitt, forbi oss i stova, for å gå på do. Og sidan han det ikkje gjorde, vart vi særs fascinert av hans evne til å halde seg. Eg for eksempel, eg tissa minst tre gonger i løpet av kvelden.
Eg er heilt matt. Alt står på hovudet i leiligheten. Det kjennes merkelig, vemodig, skummelt, likevel trygt, trist, feil og rett å gjere det eg no gjer. I dag grein eg meg gjennom et heilt varehus, Living, nærast heimen min dei siste to åra. Tenk, desse menneska har eg tilbrakt meir tid saman med enn kjærasten min og familien min. Ei stund då alt på langt nær var så harmonisk som no der, var eg sikker på at den dagen eg skulle slutte, ville det vere med flagget til topps, hive meg rett i champagneglasset og jodle resten av dagen. I staden vart det kjempetrist. Signe, med det fantastisk mutte morgontrynet, som utviklar seg til verdens herlegaste latter utover formiddagen, det blanke håret, alle planane om "den perfekte jobb og dermed tilværelse" (eg veit du vil finne den til slutt.), med dei lange beina og ingen anelse om kor flott ho er Ellis, verdas største rampefjes; -Om ho kjenner til femti litt stygge sengesett som har forsvunne på mystisk vis? Nei, det har ho aldri hørt om. Heller ikkje ein månad seinare når vi finn dei trykka inn mellom teppeunderlag eller strykebrett. Ellis som får stjerner i auga når ho kan klatre med ei tå på toppen av ein stige, jo høgare mogelegheit for brekte bein, jo betre. Som berre ler når ho får kjeft, og kjem unna med alt. Karen, "Jei aaaner ikke", som under den litt fjonge bergenserdamestilen faktisk også er ein eventyrar. Ho som har vore på ei høgaste fjella, som symjer naken i sjøen omlag heile året. Som fekk ein ny sjanse i ein alder av nokon-og-femti, og tok den! Mona, eg kjem tilbake til deg, sidan du skal få bli innvia i skattekista. Men ingen kan vel vere så mykje mor, samtidig som du avogtil må vere mitt lille barn. Tøffare enn toget mest, men likevel innimellom ein pitteliten kylling - akkurat som meg. DU HAR Å MØTE HAN! Anne Lise, strenge, sinte - trudde eg, heilt til eg skjønte at du er mjuk som ei silkepute på innsida. Og dessuten "dritar i det, eg e lei av å vere sinnakjerring, dessuten e eg snart pensjonist uansitt". Ruth, vår søte og nydelig flinke nye sjef, som brått gjorde kvardagen så mykje lettare! Som rett og slett sluttar å fungere dersom ho ikkje får skiva si når ho er nødt til det. Nina, litt skumle, som introduserte seg sjølv med å sei at ho ikkje akkurat likte jenter særlig godt, ville heller forholde seg til menn. Jammen gjekk det bra likevel, gitt! Tine, som gir meg ein ny song på hjernen kvar gong ho nærmar seg, aller helst ein med Mira Craig. Som er sjeldent munter, masete og fjasete, nett slik vi likar det. Naiv-forsiktige Vaibiks, som aldri blir lei av å sitte i kassa. Som smiler samme kor teite folk er (men er flink å bruke "slemme-boka" om det blir for gale). Marianne, søøte lille Marianne. Eg gledar meg til å høyre om kva som skjer no når du skal slutte å vere fornuftig og heller gi litt faen og tøffe deg litt. Dei gøye og frekke kundeservice-guttane og -jenta, Erlend som alltid har ein kjapp kommentar på lur, som trur han kan både skrive og snakke nynorsk, men ikkje er særlig god i nokon av delane (Les: Potetar og kjøttkakar, det er bergensk - ikkje nynorsk). Ole som er ein underfundig kar, i starten visste eg aldri når han var alvorlig og når han tulla. Han skjønt no at han tullar. Alltid. Renate, streng men rettferdig. Ørjan - Det er ikkje så ille å vere frå Førde! Sotra er verre! *Hehehe* Alle lagerguttane, både dei som snakkar og dei som ikkje gjer det. (også du som ikkje seier hei eingong) Velaug og Cecilie, såklart. Mine to sjelefrendar, eg håpar sterkt på hyperaktiv msn-kommunikasjon, mail, telefon (ja, såklart også telefaks), grillfest i hagen i Førde, rotbløyter som den siste som eg snart skal legge ut bilder frå, bryllaup og barndåp, heile sulamitten. Eg kjem til å sakne dei alle så sårt, og blir heilt knust av tanken på at Living-livet faktisk skal gå vidare som om ingenting har skjedd no når eg ikkje er der lenger. Berre flaks at dei faktisk vil vere der alle saman, når eg sikkert dreg på besøk om ei veke eller to...:)

onsdag, mars 08, 2006

Vi lurer veldig på om ikkje broren til Velaug må tisse snart. Vi vurderer å gi han ei eske med Lacerol, men trur det hjelp på andre ting enn tissing. Konklusjonen er uklår. Kor lenge kan ein bror sitje på rommet sitt utan å måtte tisse!? No har vi venta i minst tre timar. Ei jente vi har høyrt om, namn ukjend, kunne sitje på rommen sin i minst tre døger utan klåre teikn til å måtje latje vatnjet.
Spenn sikkerhetsbeltene! Slå opp bordene! Ta på flytevestene! Her kommer historien i ditt liv! Hei! Drive du og ringe til ei som heite Trine med brunt hår? - Det harItalic ingen betydning for meg hvilken hårfarge hon har! Bare ring til han og sei at systra mi har ADHD! Nei, men ho har jo ikkje det! Då kan ho jo bli mistenkt for å ha det. Ring ring, guri malla, kor avansert.

tirsdag, mars 07, 2006

Nokre band har lange og avanserte navn, og med ein gong ein høyrer dei overset ein dei automatisk i hovudet. Iallefall gjer eg det. Som "Red hot chilipeppers" (eller "Red hot silly skreppers", som var namnet på russebilen vår.), Rolling Stones, The white stripes & The darkness. Men plutselig ein dag kom eg på at Coldplay blir "kaldspel". Teit kanskje at eg ikkje har tenkt på det før, men eg syns iallefall det var veldig søtt. Og det er jo dessuten måte på alt eg skal drive å tenke på heile tida. Eg såg dei live på Quart 2001, ei kjempefin oppleving, sol, varme, gode venner, heilt fremst, litt sånn halvberusa. Eg fekk blikkontakt med Chris Martin (ja, sikkert), og la planar om giftarmål på sekundet. Lite visste eg då om at han ville kapre ei av verdas finaste og flinkaste skodespelarar og i tillegg smelle henne på tjukken med eit eple. No er ho gravid igjen. Skulle ikkje forundre meg om det blir ei pære denne gangen.

søndag, mars 05, 2006

Eg har tenkt. Og kome fram til at eg kanskje burde ha eit ekstra vedlegg til CV`en min. Der eg viser bilder av ting eg kan få folk til å gå med på, kun ved hjelp av sjarm og enkle lokkemiddel, triks, overtydingar og lett blafring med augene. Dette bildet ville definitivt ha vore med.

lørdag, mars 04, 2006

Natt til fredag møtte eg en engelsk kokkemann. Han hadde vore i Norge i tre år utan å lære seg anna på norsk enn å sei "Mættemæritknote" om skjerfet sitt. Vi snakka om meg, og eg sa eg skulle flytte til Oslo til hausten og at eg var i ferd med å frike litt ut fordi det er så skummelt, annleis, langt borte, slike ting. Då sa han berre "You`ll have a blast, I`m absolutely sure you`ll have a blast". Eg satsar på at han får rett.

torsdag, mars 02, 2006

No har fristen gått ut for påmelding til varme-sol-sjø-fjas-og-fest-turen, og dei som er med er følgande: Sasi, Jeanette, Anne Mari, Heidi(eg er litt usikker på om du ville vere med, eller bare ville at eg skulle få dra..) og Marte. Marte skal sjølvsagt få vere med på alt, og slippe å sitte på hotellet og grine og grine og grine. Husk å pakke, vi treng ikkje meir enn det som er på bildet. Pluss pass. Skal vi sei at vi møter opp på flesland om fire-fem timar?

onsdag, mars 01, 2006

Når ein jobbe i butikk er det ikkje måte på kor mykje ein må finne seg i. Kunden har alltid rett, heiter det seg jo, men er no det eigentleg sant? For eksempel når eg har skifta pære på ei lampe tusen gongar og kunden kjem og insisterar på at den lampa har "speesiaalpeere". Uansett kor mange gonger eg seier at "joda, det både står på utsida at det er vanlig pære med liten sokkel, i tillegg til at eg veit det fordi andre enn deg har lurt på det samme." - Allikevel MÅ eg kvar einaste gong åpne eska for å vise at eg har rett. Gjerne også faktisk skru i ei pære for å vise at det er heilt sant. Så må eg bare smile og sei "joda, det er lett å sjå feil, den er jo veeeldig spesiell den sokkelen. Jahahahaheheheeeee" *terapismil*. Så har vi alle dei opplagte spørsmåla, og ikkje minst dei "morsomme" spøkane som kan irritere vettet av den mest hardbarka og tolmodige butikkselgar: Då eg jobba på fargehandel i Førde for eksempel, kunne eg aldri selge ei flaske rødsprit utan at kunden sa "Ja, der var helga i boks, mohaha". Ikkje spesielt morosamt den sjuhundradeogørtande gongen eg høyrer den, men sannelig lo og smilte eg like tappert kvar gong. Dumme spørsmål til å få fnatt av, er til dømes: På fargehandelen: - Har dykk måling? (Nei sjølvsagt ikkje, her har vi kun blomar og porselenshestar.) På parfymeriet: - Kan gutar bruke denne "Armani for men"? (Eigentleg er den for damer og berre ein lure-parfyme, men okei då). I barnehagen: - Er min lille godklump Amalie/Robin/Nora/Tobias/Whatever her framleis? (Nei han/ho oppførte seg så jævlig dritt på fjellturen i dag, at vi dumpa han/henne på Ulriken) På Living: - Har du støvsugarposar? - Nei, vi har kun lamper av elektriske artiklar. - Fysøren, dårlig service! (HÆ?!HÆ?!) Kva i alle dagar er det som feilar folk? Eg bare spør. I tillegg har eg lært at det også er dårleg service at folk ikkje får reklamere på lamper dei har kjøpt for sytten år sidan, og gjerne ein heilt annan stad, kanskje i eit anna land ("Har det nåkke å si, då?"). Er det rart eg blir bittelitt sur avogtil?
Kan poenget her vere at jenter alltid har ein god grunn til ikkje å trene??