tirsdag, mai 30, 2006

Da får vi bare sei baibaibaibeibibeibibeibigodbai, for no stikke vi til syden. Og blir brune. Og lekre. Og drikke oss litt småbrisne. Og sånt. Eg sitera Cecil: Hade på badet, dåkkar bleike sjokoladar. I måren e vi blitt kokesjokoladar! Og vi har fortjent det! Men det har jammen alle de andre også! *Vinkarogviftarmedlommetørkleogtørkareitåreforviviljosavnedykkallesaman*

lørdag, mai 27, 2006

Å, var eg eit ekorn... Då eg var omlag 15, og på mitt mest utforskande i livet, introduserte pappa meg for Joni Mitchell og Joan Baez. Og eg tok i mot, på lik linje med slik eg tok imot både handlesing, drømmetolking, tarotkortspåing og så videre og videre. Eg prøvde vel å finne meg sjøl, eller i det minste finne ut av verdas store mysterier. Pappa greide å frelse meg med Joan sin versjon av Bob Dylans "Don`t think twice, it`s all right". Ho gjer den makelaust, og eg hørte på den døgnet rundt ei stund. Songen har ein fantastisk vakker tekst, og når ho syng den vert den så mykje meir melodiøs enn Bob Dylans "snakkesynging", som eg personlig syns blir litt kjedelig i lengda. Joan Baez hadde eit forhold med Bob Dylan ei stund, men (og dette er ifølge min velopplyste far) kunne rett og slett ikkje vere saman med han, sidan ho meinte at han ikkje var idealistisk nok, og ikkje gjennomførte bodskapen i dei politiske songane sine tilstrekkeleg. For Joan Baez har alltid vore svært engasjert og kjempa for sine meiningar. Ho var sterkt imot vietnamkrigen,kjempar for menneskerettar, ho er ein svoren Amnesty-tilhengar, har alltid stått på for at studentar skal få betre rettar i Amerika, har vore i fengsel fleire gongar på grunn av demonstrasjonar og sunge på utallege støttekonsertar. Som ho sjølv seier: "I could not tell you how boring it would be for me - to give a concert and not have it connected with people's lives and suffering and real issues. There's no music for me outside of that." Grunnen til at eg ville skrive om Joan Baez no, var at eg ramla over ein link om ho på Dagbladet her ein dag. For no bur nemlig dama i eit tre. Og det gjer ho for å støtte eigarane av ein gard som er i fare for å bli nedlagd av myndighetene. Ho og ei anna dame bur oppe i eit tre utanfor garden, på omgang oppå ei pittelita plate, dette i ein alder av 65. Snakk om å stå på for det ein meiner! Skulle ønske eg var idealistisk nok og brant såpass for noko at eg ville bu i eit tre. Eller ville lenke meg til eit eller anna gjerde, eller gå i demonstrasjonstog og rope hissig og engasjert. Forslag mottas med takk! Eg vil vurdere alle nøye!

fredag, mai 26, 2006

På onsdag skal eg til sola! Eg gledar meg sånn! Cecil og meg, som skal svømme så langt og lenge vi vil, til vi er så skrukkete at vi ikkje er til å kjenne att. Vi skal supe drinkar og danse til dårlig musikk, vi skal kjøpe sko til 50 kroner paret, bli så brune at vi ikkje er til å kjenne att. Cecilie skal bli den lokale turistattraksjonen med sitt lange, raude hår, og eg skal få gå heilt i fred med mitt mørke - og blende inn blant lokalbefolkninga:) Det skal bli så kjekt og godt for ein bleik stakkars skrott!:) Og til alle de andre, som ikkje skal vere med; vi føler med dykk, og skal sende varme tankar i fleng!

tirsdag, mai 23, 2006

Dette innlegget er nok mest for jenter... For ei stund sidan fekk eg den brilliante ideen, at eg skulle prøve voks - det kunne jo umulig vere så skummelt, vondt og avansert som folk vil ha det til. Fann Cold-waxstrips fra Veet og tenkte at det må jo vere såå praktisk, slippe å varme opp på forhånd, ein skulle berre varme dei litt mellom hendene, plassere stripsen der ein ville fjerne hår, trekke det av igjen, og VIPS - hårfri og fantastisk. Det var iallefall det som stod på pakken. Desse vidundergreiene skulle tilogmed virke på kort hår! Litt greit å sleppe å spare i månedsvis på førehand, å måtte gå rundt som ein hårball til slutt, på ein måte. Første forsøk gjekk (som kanskje nokon av dykk forventa) rett i dass. Sidan det ikkje stod på pakken kor lang tid eg skulle la stripsen "henge på" før eg dro den av igjen, turde eg jo ikkje la den vere der så lenge. Eg har jo tross alt hørt skrekkhistorier om jenter som har latt det virke så lenge at det faktisk gror fast. Så eg smelte det på, venta et halvt sekund og dro den elegant av igjen. Endte opp med papiret i handa. Ikkje eit einaste hår forsvant frå leggen min. Det gjorde ikkje voksen heller. Seigt, blått slim som var umogleg å vaske av. Stilig. Og ikkje minst sexy. Eg takka høgare makter då eg oppdaga ein renseserviett oppi pakken, som heldigvis fekk voksen av igjen. Eg reknar med det ikkje akkurat var balsam for huden min, det lukta mystisk ein god miks av whitespirit og vindusspylervæske. Kunne Trine gje seg med dette og innsjå at slaget var tapt, begrave Veet for alltid og innsjå at voksing bør gjerast hos profesjonelle? Niks. Så eg prøvde igjen. Denne gangen lot eg stripsa få tid til å henge seg litt betre fast. Lukka var stor då ingen voks hang igjen på leggen min, og heile fem hår hadde blitt rykka ut med rota. Eg prøvde igjen og då var det nærare ti hår som forsvann. I tillegg til nokre hudflak på 5 x 10 cm. Som det gjorde vondt å miste. Veet kan brenne i helvete.
I dag kjende eg det nesten som om eg jobba på Chicago Hope. Ein mann fekk hjartestans i kafeen, så ein rabiat sjukepleiar dundra på lukene i sentralbordet. Dei som sat der fekk ikkje svar verken i mottak eller på AMK, så det var like før sjukepleiaren sitt hjarte stoppa også. Etter ei lita stund fekk sentralborddamene svar allikevel, og et halvt minutt etterpå kom minst femten folk i operasjonsutstyr spurtande gjennom vestibylen med hjartestartar og alt mulig stæsj. Mannen vart redda, og alle vart glade og lukkelege. For ein dramatisk kvardag!

mandag, mai 22, 2006

Eg har mottatt tydelege signal på at oppdateringshyppigheten min ikkje er bra nok. Så då får eg skrive litt, så folk blir litt mindre hissige. Har hatt ei kjemperolig helg, lenge sidan sist, så det kjendes veldig godt. På fredag fekk vi besøk av Heidi og Maja *jippiiii*!!!! Måtte dessverre jobbe tidligvakt på sentralbordet på lørdag, så eg fekk ikkje leika med dei på dagen. Det vart desto meir leiking på ettermiddagen og i går. Det er så kjekt no når Maja har blitt så stor. Ho lærer seg nye triks kvar dag, flørtar noko heilt vannvittig med oss, tullar og fjasar seg. Utrulig underhaldning å sjå på når det lille folket der et middag. Kor mykje plass er det egentlig i ein så liten mage? (Her bør det kanskje nevnast at ein god del havnar på golvet, i håret, på mamma, tanter og besteforeldre også) Dei skal vere her heilt til neste lørdag, det er berre så luksus å vere alle tre søstrene saman og det lille fjonet som ein ekstra bonus. I går såg vi "Little women", Marte, Heidi og eg. Utrulig søt film, veldig jentete såklart. Og jammen grein vi noke heilt forferdelig når den eine søstra døydde. Faktisk grein vi enda litt meir berre på grunnn av det når rulleteksten gjekk, berre fordi det er så grusomt. Søstre skal ikkje akkurat dø, det er jo noko alle veit. Då kjende eg meg litt som den gongen eg såg "Titanic" på kino. Annemi og eg gjekk med nokre gutar trur eg, huskar ikkje kven. Dei heldt seg iallefall litt på avstand då filmen var slutt og Anne Mari og eg framleis grein som to små fossefall på veg ut av kinoen. Bevares, det tar på med grusomme skjebnar.

fredag, mai 19, 2006

Kjære Jeanette - Dagen vil komme då du ikkje lenger har eksamen og manglar energi, inspirasjon og lyst til å gjere det du er påkrevd. På akkurat den dagen er det heilt sikkert sol, du har på deg ny sommarkjole og blomar i håret. Alle dine favorittfolk vil vere rundt deg, du har eit jordbær i den eine handa og ein fasjonabel drink, eit vinglas eller ein iskald øl i den andre. Det luktar nyslått gras og grillmat, favorittmusikken din klimprar i bakgrunnen, det fins ingen vepsar i mils omkrins. Skulen er slutt, og du er storfornøgd med karakterane dine. Denne dagen er nærare enn du trur. Hold ut, jente!:)

onsdag, mai 17, 2006

Norge sin bursdag! Og Sasi sin! Gratulerer med dagen, alle ihop - og spesielt til fine, kule, gøye, fantastiske Kotsasi som har bursdag i dag! Håpar de får den aller aller beste dagen, en herlig miks av is, pølser, rømmegrøt, brus, kake, klemmar, sol, finkjole og bunad!

mandag, mai 15, 2006

*Draumehelg* Ofte, når eg skal skrive her, og iallefall no når eg skal fortelle om bra ting - får eg prestasjonsangst og vert redd for at eg skal øydelegge det. At eg ikkje greier å formidle det bra nok, så fint og kjekt som det var. Men eg hoppar i det. Vi har vore på Balejazz. Sasi sit på kameraet med biletbevisa, så eg skal heller prøve å vise dykk korleis bileta frå helga ser ut i mitt hovud: 1. Eg, glad, ankjem Vadheim. Der er jentene! 2. Grusveg til huset ved sjøen, under høge tre. I helga er det berre vårt! 3. Vill Trine er frå seg av begeistring for kor magisk barndomsheim Kotsasi har. Marokkanske lysekroner, digre vindu, Hinduistiske gudar og lysslynger på kjøkkenveggen, kunst og krimskrams overalt, mørk-turkis badevegg, doble svingdører til stova. Vil flytte hit! 4. Samling under kjøkkenlampa. Fin miks av jenter, gulrøtter, dip, agurk, chips, obligatorisk vin og øl, skvalder og latter. Her blir vi lenge. 5. Hektisk. Bussen går snart. "Har nokon rød leppestift?". "Sjølvsagt". Kvaslags sko, topp, bukse, hår - glatt eller krøllete - alt dette går knirkefritt og vi rekk bussen med glans. 6. Bussen. Thomas - gutt som var utrulig straight på vidaregåande - eg får sjå bilde på minibankkortet. No har han funne seg sjølv og fått langt hår og store hol på knea. På buksa, altså. Han skal videre, vi vinkar frå Balestrand Kai. 7. Lobbyen på Kvikne Hotell. Vi minglar. Og drikk øl. 8. Natthuset. Konsert med Minor Majority. Trine gret til fin song og må få det ned på papiret. Dette vil seinare vise seg å vere ein slags god og lur ting å gjere. 9. Vi irriterar oss over dum jente med teit navn som gjer svært mykje ut av seg på fremste rad. Eg får lyst å sei kva ho heiter her, men tør ikkje her. Så eg seier det inni meg og ler høgt. 10. Konserten er slutt, vi er tilbake i lobbyen. For det er liksom utestaden i Balestrand. 11. Valdsamt overfall av berusa Haugesundsjente. "Kjeresten min og eg har såtte og sitt på deg, og me syns du e bare så kule i stilen. Så e du stylist ellar?". Klart eg er stylist, freelance. Kjærasten hennar jobbar med popstjerner, og eg melder meg sjølvsagt klar for oppdrag - any time. 12. Sasi og Jeanette blir forvirra, men spelar glatt med i det Haugesundsjenta helsar på dei og meiner at "Trine e bare såå flink å staila dåkkar. Så kule dåkkår e på hååret, hu e så flink å klippa". Joda, Sasi og Netti e godt fornøgde med klippen. 13. 14. 15. På desse tre blandar vi oss med dei lokale, og får vite kven som er skilde, kven som er utru med kven, korleis det står til på garden, med jobben, med kjærleiken til diverse utvalde Balestrendingar. Eller er det vi som vert utvalde av dei, kanskje. Eg merkar at dette kan ta tid. Kanskje eg skal gjere det annleis. Blir nødt å hoppe over nokon av bileta. Det er alltid nokon ein ikkje kan vise til alle. Men om de masar, får de sjølvsagt sjå dei likevel. Uansett, eg gjorde meg mystisk. Litt mindre mystisk. Snakka i telefon og så var det lørdag. Sasi var i 100årsdag, Jeanette på lunch med svigerfamilien, så eg koste meg aleine et par timar i huset. Dusja og kjørte til Balis og henta Jean med rullar i håret. Vi hoppa galant over middagen, rocka til Kaizers - sikkert til ingens overrasking. Eit stykke uti kvelden og glaset, kom ei sjokkert Sasi på at ho hadde jo ikkje gitt oss omvisning i hagen! Så det måtte vi absolutt gjere noko med. Kotasi med sine lange bein, dro likegodt på seg ei diger dunjakke, mannetøfla, og ellers kun ein strømpix - eit fantastisk syn. Eg kun iført krøllar og termodress, klar som ei fele. Jeanette var fotograf, svært engasjert. Så vi fekk sjå hagen frå alle vinklar, prøvd ut disser og akebrett, smakt på ikkje akkurat ferdige rips og solbær, sett oppi komposten ("Ææææsj, sjå den ekle billa!!" "Hei, biiiiille!"), sprella rundt på graset, så gjekk vi inn igjen. Kvelden gikk så fort, plutselig var både konsert og alt mulig slutt. Vi fann ut at det var kjempelurt å bade når vi kom heim, så det var flaks vi brukte så lang tid på å komme oss heim at vi hadde gløymt det når vi kom fram. Vi var "flinke" og takka nei til nachspiel med visstnok verdas beste kontrabassist (som også nok heilt klart var den penaste). Sasi såg ei stund svært mørkt på det at det kun fanst ein taxi i Balis, og den fekk ikkje vi tak i. Heilt til ho møtte ein fyr som hadde blitt forlatt av alle vennane sine, og han skulle heilt til Høyanger. Då skal eg sei jenta såg lysare på livet, sidan ho hadde funne nokon som hadde det verre enn oss. Og vips, så kom faktisk drosjen forbi, og vi fekk oss heim som på eit flygande teppe. Dagen etter var vi slappe. Sat apatiske med pledd i sofaen og såg på eit program om isbjørnen Peace. Som fikk kramper når han måtte vere med andre isbjørnar. Så han slapp det til slutt, og da begynte han endelig å leike og leve livet igjen. Så var det liksom slutt. Så altfor fort, lik alle fabelaktige og fortryllande ting. Nett som prinsesser på ball - no veit eg ikkje om alt var berre ein draum...:) Vi dro heim i haggelet, eg droppa dei av på Austrheim og dro på middagsbesøk. Dei hemmelege bileta sendast i oppkrav on request!

onsdag, mai 10, 2006

Åh, hadde så bra helg! Lille fetter-Erik skulle konfirmerast, og då fekk eg samtidig ein gyllen sjanse til å svinge meg i valsen med jentene. Cecilie som i utgangspunktet var ivrig som ei fele, vart sjuk og låg heime med søtti i feber og mandlar på størrelse med appelsiner. Fredag hadde vi cd-brenning, som i ekte flammebrenning, og skumle messer for å komme over visse ekskjærestar (ikkje deg, Ferrins:)). Vi bælja i oss øl og vin, og dro rett på Garage der vi vart kurtiserte av både kvinner og menn. Vi hadde verkeleg hellet med oss, føle heilt klart Jeanette stakk i veg med seieren - ikkje kvar dag ein vert overfalt av kjærleikssjuke jenter! Natta vart sein, og av omsyn til min familie som kanskje les dette, kan eg dessverre ikkje oppgi eksakt legge-meg-tidspunkt, men det gjorde ein smule vondt å vakne klokka ti, smelle på seg bunaden i tjuefem grader og springe rett til kyrkja. Det var uansett ein bra konfirmasjon - min fine familie, god mat, fint ver, og vill gleding til grillings og dillings i parken med babeklubben etterpå. Jean og Synna stilte opp, fantastiske som dei er, og serverte for tante Veslik. Dei var kjempeflinke og svært populære blant både onklar, tanter og bestemor. I parken satt jentene og guten til Synna klare, gode og raude i kinna allereie då eg kom. Stemninga var fantastisk, parken var overlessa av folk, gitargutar i trea - og vi hadde den aller beste plassen. Vi klarte liksom ikkje å rive oss laus, så dei siste som var att i parken var vi, og då måtte sjølvsagt treet prøvast ut. Det var eit veldig fint klatretre som hadde perfekt plass til fire fnisete jenter i dansesko. Resten av kvelden var formidabel, Trine har verkeleg fått sansen for Garage! Vårnatta var vakker, morgonen enda vakrare, og klokka tolv stod Fredrik parat utanfor med sin nye, raude bil og venta på eksen sin. Vi hadde ein superfin dag, fekk sjå det nye huset hans, som var kjempefint! Litt merkelig å sjå alle tinga mine/hans/våre i ein heilt anna setting, men sånn er det no. Vi spiste is på Verftet, dro til gokk på botanisk hage - heilt utrulig idyllisk. Fint å sjå han igjen og bra at vi har det like kjekt sammen framleis, sjøl om vi ikkje er sånn sammen lenger. No er det snart helg igjen, og då skal Balestrand setjast på hovudet. Jean, Kotti og Trine skal på Balejazz og eg meiner å ha hørt ein stad at det skal bli kjempekjekt! Og i dag er det berre tre veker til Cecil og eg vender nasen mot sydlige strok, så om sola skal svikte framover tek vi ikkje så tungt. Godt å ha gode venner og fine ting i vente! (Dei mest oppvakte av dykk vil nok sjå at presis dei same bildene ligg ute på Jeanette sin blogg, men det får berre vere. Eg var nødt å ha med bildebevis på ein fortryllande kveld, og dette var dei eg fekk tak i!)

onsdag, mai 03, 2006

BloggTrine har ikkje vore så aktiv i det siste. Når hovudet mitt har for mykje å tenke på, greier eg ikkje heilt å skrive. Iallefall ikkje her. Så eg tek notatar i hovudet og skriv dei ned med usynlig skrift på tak og veggar når eg eigentleg burde sove. Eg er trist og synes verda er teit og idiotisk. V vart operert for to veker sidan, og ting går framover med ubemerkelege skritt. Det er vondt å ville hjelpe, men ikkje ha mogelegheit til å gjere noko og det er vondt å vite at han har det forferdeleg og er trist, lei og utslitt av å vere sjuk. No begynner det å bli vår ute, sola har vore framme meir enn ein gong og mammas herpa kne er eit klart teikn på at hagesesongen er i gong. Det er bra, håpar våren bringer gode nyheter og hjelp på tungsinn både her og der. Min ikkje heilt lure kropp har endeleg tatt til fornuft og begynt å oppføre seg normalt igjen. Ni veker med innskrumpa lunger, hosting og pust som ein åttiåring har jo også senka humøret mitt nokre hakk. Så no er Marte og eg i gong med både svømming, styrketrening og fjellgeitstil. Planen er å ha ei sprettrumpe som tek pusten frå dei fleste når den skal spankulere på ei tyrkisk strand saman med Cecilie si rumpe om fire veker. (Pappa, dette treng du ikkje å kommentere, okei? Ingen skal sjå på meg, og eg skal egentlig gå med hijab heile veka. Eg skriv dette kun for å tøffe meg for venninnene mine.)

mandag, mai 01, 2006

Baker Baker Baking a cake Make me a day Make me whole again And I wonder If he's ok If you see him say hi