torsdag, august 30, 2007



Eg fekk kjeft i går, eg. Av ei dame på bussen på veg til jobb.

Hadde snakka med Anne Mari ei stund - om lillebror i Heidi sin mage, som aldri vil komme ut, om menn som kan vere teite iblant (eg seier ikkje at dei ER det, men dei KAN vere), om togprisane til Geilo og diverse. Sidan eg sjølv har irritert meg over folk som prater i mobil på buss, gjerne med utestemme og om dei mest intime detaljar om sitt liv - snakka eg med innestemme og nevnte ingen ord som kunne tråkke folk på tærne (her kunne eg gjerne lagt ved ei liste over kvaslags ord eg meiner, men de greier sikkert tenke dykk til det sjølv).

Iallefall - omlag på Fantoft snur dama i setet foran meg seg og seier: Er du kanskje snart ferdig å snakke i mobilen? Det er nemleg veldig slitsomt å høre på.

K-e-remt. Eg blei paff. Det vert eg alltid når framande folk snakkar til meg på den måten. Som då eg jobba på Living og ei snerpete dame i sekstiåra fekk seg til å seie: "Hør no her, lille venn", (ho sa det med kursivstemme; ikkje snakk til meg med kursivstemme for helvete, eg blir hysterisk) då eg som sant var hevda at ho umogeleg kunne ha fått ei avis frå oss i posten på ein onsdag - spesielt ikkje ei med eit bilde av eit sengesett vi ikkje hadde - når vi sendte ut avisene våre på mandagar. Hennar "lille venn" var eg ikkje, og det var heller ikkje i mi interesse å bli det. Vårt vennskap heldt seg omlag på same nivå, kanskje hakket under, då eg fann ut at avisa hennar var frå Interiørland, og med avmålt stemme ga ho veganvisning og ba henne ha ein strålande dag.

Tilbake til bussdama frå i går. Kva skulle eg gjere? Sei til Anne Mari at eg dessverre ikkje kunne snakke meir, fordi eg ikkje fekk lov av dama foran meg? Niks! Så eg stilte Annemi leiande spørsmål som eg visste ville få henne til å snakke lenge - slik at eg berre kunne sei mhm, å, åja og ja, eg veit det - alt dette med kviskrestemme; helst på innpust.

To stopp seinare gjekk den slitne, slitne dama av. Det var såvidt ho greide få seg utav bussen, så sliten var ho.

Kjære bussdame:
Sidan bussen var stappfull av folk som snakka på alle kantar, er det nesten eit mirakel at du greide sile ut min stemme frå dei andre. Ingenting er i vegen med hørselen din, med andre ord. Det kan du helse og sei til legen din.
Også berre ein liten ting; Dersom Anne Mari hadde vore i bussen, vedsidan av meg, istadenfor i telefonen - då skal eg love deg vi ikkje berre hadde snakka høgare, vi hadde også snakka dobbelt så fort og mest sannsynleg dobbelt så mykje. DÅ skulle du fått kjent på slitne øyre, då! Så tenk gjerne litt på det til neste gong.

Og pappa, eg veit du kjem til å kommentere dette, så eg kjem deg i forkjøpet. JA, eg vart fornærma. Og, jada, eg veit eg er barnsleg. Men herlighet, då.

tirsdag, august 21, 2007

Denne sangen gjer meg så full av sorg og sakn. Eg forstår det aldri, at han er borte. Det er fint, og så forferdeleg, forferdeleg fælt og trist. Men alle songane som får meg til å tenke på deg, Vegard - eg trur du hadde likt det likevel, sjølv om du ikkje er her. I'm wondering if my thoughts of her have ever crossed her thoughts of me and if they're half as clear as mine and if there'll ever be a time for us to journey once again as lovers and as trusted friends what if the best is yet to come and this was only the first part run get a hold of yourself don't worry about the aftermath there is no one after you or on your back there is no one after you but the everyday just can't compete whit the beauty of a polariod where the fairytale endures complete and her eyes are always full of joy like a frozen glimpse of butterflies on a clourized celluloid sky she waves her cheerful last goodbye and begs for me to let passed things slide get a hold of yourself don't worry about the aftermath there is no one after you no one on your back there is no one after you





SOL, TRAPP & CHABLIS:

mandag, august 20, 2007






Vi er i Valdres. På ordentlig ferie denne gongen. Begge har fri.

Det er ein slik ferie der vi ikkje "skal noko". Ingen strand vi må rekke før sola går ned, ingen handlegater (det er riktignok ei på Dokka, men den tel ikkje) og heller ingen turistattraksjonar som må sjåast før dei stenger eller vert angripne av terroristar.

Så det vi gjer er ordentlege ferieting. Slike frå åttitalet. Les bøker - eg held på med mi tredje og frydar meg. Vi går tur med Lyda, på togskinnene eller i skogen. Eg har baka brød, skrapa gammal måling av vinduskarmar og klippa hekk. Bent og Arne har laga trapp ned til vatnet, av digre bjelkar dei har slept frå under dei gamle togskinnene (om nokon vert bekymra for NSB, så er altså skinnene ikkje i bruk lenger...). Bent er så full av gangsperr at han har bestilt rullestol OG rullator, sjølv om Arne meiner det må halde om vi stappar han i ei trillebår. Men eg trur det har vore verdt det likevel. For trappa er så fin at det er rart dei ikkje har overnatta i den. Og den skal innviast med champis før vi drar, har eg hørt.

Ellers har eg fiska litt, utan særleg hell. Eg skylder på den utspjåka transvestitt-sluken eg brukte. Tippe all valdresfisken tenkte: Jeah, right, særlig at det der er ein fisk - og snudde halen til.

Best av alt, nesten; natt til søndag var det stjerneklart her. SÅ fantastisk vakkert. Det er sjeldan og altfor lenge sidan eg har sett stjernene så klart, det er jo så mørkt her, langt oppe på fjellet. Ein slik stjernehimmel gjer meg sug i magen, nett som då mamma si kusine passa Heidi og meg for hundre år sidan, og tok oss med på plenen med lass av pledd over pysjamasane. Det var langt over leggetid og vi måtte sverge på å ikkje fortelle det til mamma. Vi berre låg der lenge, i den kalde haustnatta og betrakta himmelen. Eit par dagar seinare var det visse personar som gjorde ein glipp, og dermed avslørte heile greia. Tippar ingen kan tenke seg til kven det var.

Uansett; i går kveld sat eg på trappa og venta på stjernene igjen. Dei kom ikkje, av logiske årsaker (les: tungt skydekke). Eg skal vente i kveld også, eg, medan eg høyrer på mørkret som er så stille, så stille her. Fytti, det er godt med fri frå byen iblant!

torsdag, august 09, 2007



Eg trudde dei fleste skjønte det, men det er ikkje sikkert dei gjer. Mitt hovud tenkjer ikkje nødvendigvis likt som alle andre sitt hovud. Uansett. Når eg er med Cecilie, når den vesle tigeren er saman med den vesle bjørnen - så er alt fint. Og sjølv om eg skriv med ironisk distanse og sarkasmen kanskje lyser lang veg - vi har det så kjekt, er så glade i kvarandre, ingen vert lei seg sjølv om den eine kallar den andre for "tjukka". Sålenge alt er med kjærleik, er jo alt greit!

Og ein dag skal vi to til Panama!

tirsdag, august 07, 2007

Cecilie og Trine spiser middag, og ser ut på forbipasserande folk: C: Altså, nåken kjærestepar er berre SÅ utrulig like!! T: Mhm. Pause. C: Som du og Bent, for eksempel! Eh-jada.

torsdag, august 02, 2007



Cecilie og Trine ser film:
T: Djises, Natalie er så dritpen, skulle ønske eg såg sånn ut.
C: Eg også.

Pause.

C: ...skulle ønske du såg sånn ut, liksom.

Korleis skal ein tolke dèt, eigentleg?