onsdag, november 22, 2006

Vegard døydde natt til fredag 17. november. Anne Mari kom til Florø mandag kveld, så eg henta ho der. Godt å sjå ho igjen, og få snakke med ho om Vegard - ho som har kjent han alltid. I går hadde Vegard fylt 25 år, så vi var hos familien hans på besøk om kvelden. Alle søskena hans var heime, nokre andre av vennane hans. Det var fint å sjå dei alle saman, rart å sjå kor mykje det er av han i alle saman. Samtidig forferdeleg tungt å vere i hans heim, der eg alltid før har vore for å leike med Vegard. Så er han berre ikkje der lenger. Og vil heller aldri meir vere det. Begravelsen er på fredag. Det blir ein tung dag. Men eg trur det vil bli tydeleg kor mykje han betydde for så forferdeleg mange. Kor mykje han fekk gjort for folk. Men samtidig var det ikkje - no - vi skulle ta avskjed med Vegard. Det ville ha kome for tidleg uansett.

tirsdag, november 07, 2006

Imogen Heap, eg vil berre fortelle deg at du er god å ha om dagen.

mandag, november 06, 2006

Ja. I dag har eg bursdag. Eg ønsker meg denne mannen. Greit nok, han snakkar mest spansk og portugisisk, han er kanskje ikkje fullstendig heterofil, i tillegg til at han ser ut som han har vottar (?) på fanget. Men eg vil ha han likevel. Eg skal ha ein fin bursdag, var planen. Eg har allerede fått mange gratulasjonar og pakkar, sjølv om det berre er tidleg på morgonen. Og i kveld skal vi hente Heidi og Maja på flyplassen. Takktakk, alle sammen for fine meldingar og tankar, eg er overstadig heldig som har så mange fine folk som er glade i meg!:)

søndag, november 05, 2006

GRATULERER MED DAGEN, GAMLEMOR JEANETTE! Håpar du får alt du ønsker deg, at dagen din blir kjempefin heime i Kjølsdalen. Så får vi heller feire dobbelt når begge er tilbake i byen, ein anna dag. Då reknar eg med det blir rompedans og samesang dagen lang. PS. Eg vil bare minne deg på den gode gamle Bachelorettesangen som har hjulpe oss gjennom det meste før:) You can turn dust into champagne - bruk det gjerne i dag!