søndag, desember 31, 2006

Maja, min Majsa, mitt favorittbarn og favorittfolk blir TO år i dag! Hurra! Heile verden skal feire!
BUTTETÅÅL!!!!:D

fredag, desember 29, 2006

Sidan eg jobba seinvakt 2. juledag, og skulle opp tidlig dagen etter for å jobbe meir, "slapp eg" å gå ut. Årets største utedag er ikkje heilt det store for en Trine, egentlig. Gå i kø heile kvelden, snakke med folk ein eigentleg ikkje er så interessert i å snakke med om kva dei gjer, kvar dei bur, om dei framleis er saman med Lars-Brynjar frå D-klassen (neivel, ikkje det, nei) og andre ting som ein garantert har gløymd dagen etter uansett - det utgår. Men det som inngikk dagen etter, var å leike med Frode. Vi drakk bøttevis med øl på Pikant før vi gjekk videre til Skumle Treskeværket, der Frode (han er lur) kun hadde vore èin gong i sitt liv før. Der var det tiårsjubileum for kullet som gjekk over meg på ungdomsskulen, så det vart kun spelt musikk frå seint nittitall. Til vår store glede. Det seier seg vel sjølv kven som rula dansegolvet til 2unlimited og Scatman. (Det var vi) Ellers har jula vore slapp og deilig, har vore mest heime med sustrene og Maja. Av nyttige og intelligente ting eg har lært Majsa i jula, er blant anna å sei "bustetroll" (buttetål) og rufse kvarandre på håret, i tillegg til at vi blei enige om at den nye pysjbuksa hennar var klovnepants - "Ja, lovnepæts". Ho har også lært tante eit par ting ho ikkje visste, nemlig at "Juba Juba" er ein av dei viktigste julesongane, og at den alltid er obligatorisk å synge etter "På låven sitter nissen". No har dei dratt, og det er tomt i huset.

mandag, desember 25, 2006

søndag, desember 24, 2006

God jul til alle mine trufaste lesarar og kommenterarar og kjære, kjære venner! Eg vil i dag, som alle andre dagar ønske dykk alt det beste, og i tillegg at alle får varme klemmar, god mat, får pønte seg, har fyr i peisen eller lys på treet, får minst ein skatt i ein pakke og mange smil frå gode menneske. Og eg vil berre minne på at mobilen min framleis er sjuk etter overdosen med kvitvin ein sein kveld, så eg har til tider store problem med å tolke meldingar som kjem inn. Begeistra klemmar frå Trine, som no skal spise ekte frokost etter tre timar med sjokolade:)

fredag, desember 22, 2006

Akkurat no er det eitt år sidan eg laga denne bloggen. Eg låg på golvet i leiligheten på Sandviken brygge, med klede, julegåver, sko og dill overalt. Fredrik hadde dratt til Haugesund, og eg burde ha lagt meg for lengst, sidan eg skulle på jobb tidleg dagen etter. Så laga eg skattekiste istadenfor. Sprøtt kor mange ting som har skjedd på berre eit år. Eg har budd tre forskjellige stader, i tre ulike roller - først var eg kjæreste, så vart eg plutseleg "minstejenta" i huset, før eg til slutt endte opp med å vere berre Trine. Eg har mista ein kjæreste, men heldigvis beholdt ein venn. Forlatt ein jobb, for ein ny som likevel var velkjend og "gammal". Fått ny skule, med nye menneske - nokre har blitt favorittar, og andre til stor frustrasjon. Eg har blitt betre kjend med mitt aller yngste favorittmenneske, som no for alltid vil kjenne ansiktet mitt og kunne navnet mitt. Eg har vore i andre land, smakt ny mat, lukta nye lukter. Eg har hørt ny musikk og fått nye aha-opplevingar; nesten på linje med Tori (sjølv om ingenting likevel kan måle seg med akkurat ho). Eg har knytta meg til folk eg ikkje burde knytte meg til, blitt kalla alt frå rotte til prinsesse. Tatt avgjerder eg der og då syns var geniale, som seinare viste seg å vere over middels store feilsprang. Bestemt meg for noko, og rett etterpå gjort det heilt motsette. Eg har hosta til eg brista eit ribbein, ledd så eg trudde eg skulle krepere, grått så mykje at ein heil skuleklasse kunne hatt svømmetime i saltvatn. Eg har kjent ei maktesløyse som eg aldri før har kjend, eg har forbanna alle overmakter, samtidig som eg har håpa, hylt og bønnfalt - til ingen nytte. Kjent ei sorg så tung at eg - grinetrine, som gret lett som ingenting - berre ikkje greide å grine. På lenge. Eg har kanskje spist søtti kilo sjokolade, drukke nitti liter øl. Eg har vore full som eit charterfly (sorry mamma), sint som eit troll, sliten som ein trehundreåring, forferdeleg trøtt, uten å klare å sove, trist - så uendeleg trist, men heldigvis også så glad at eg ikkje trudde det var mogeleg. Eg ville ikkje vore det foruten. Som dei fleste andre år. How did it go so fast you'll say as we are looking back and then we'll understand we held gold dust in our hands Sights and Sounds pull me back down another year I WAS HERE
Eg elsker dette bildet.

tirsdag, desember 19, 2006

Ca. så sliten er eg no. Døgna mine er snudd oppned, eg har ingen anelse om kva klokka er til ei kvar tid, om den er sju, tre eller ti er liksom omtrent det samme. Heldigvis (?) har det blitt ein vane å vere femten timar på skulen kvar dag. Alt blir bra til slutt. Eller iallefall bedre, for det har en "vis" mann lova meg ein gong. Nei, forresten, han trakk det igjen etterpå.

mandag, desember 18, 2006

If I kiss you where it's sore If I kiss you where it's sore Will you feel better, better, better Will you feel anything at all Will you feel better, better, better Will you feel anything at all Born like sisters to this world In a town where blood ties are only blood If you never say your name out loud to anyone They can never ever call you by it If I kiss you where it's sore If I kiss you where it's sore Will you feel better, better, better Will you feel anything at all Will you feel better, better, better Will you feel anything at all You're getting sadder, getting sadder, getting sadder, getting sadder And I don't understand, and I don't understand But if I kiss you where it's sore If I kiss you where it's sore Will you feel better, better, better Will you feel anything at all

torsdag, desember 14, 2006

OG FORRESTEN!! I går var det Cecilie sin bursdag! Min bie og tiger og karamell blei endelig 25 år og like gammel som meg. Godt å ha nokon i nakken, no når eg går i klasse med nesten berre fjortisskrepper..:) Dagen vart feira på Garage, med en god del øl, trur eg. Sidan eg var på skulen til halv tolv i går kveld, har eg ikkje heilt oversikt. Men som eg bruke å sei; når dialekta til Cecilie begynne å bli heilt annerledes enn til vanlig - da er det på tide å dra heim. I mårra skal vi heller feire ordentleg, då kan vi få ny dialekt både ho og eg og Velaug. Og danse heilt til vi besvimer.
Vi presenterte den siste oppgava vår i dag, rekkehuset. Gruppa vår har laga modell av huset i målestokk 1:20, med innlagte lys og bittesmå tullemøblar, laga collagar i tonnevis, tegna tekniske belysningsplanar og en drøss med greier - alt dette på litt over ei veke. Eg var veldig fornøgd med denne oppgåva i forhold til den forrige gruppeoppgåva, så det var kjempedeilig å få strålande tilbakemelding frå både læraren vår og resten av klassen. Deiligst av alt, er at rekkehuset skal vere med i mappeinnleveringa til jul, sammen med den første oppgava - soverommet, som eg også fikk god tilbakemelding på og nesten ikkje må endre på noko. Hurra! Må vel nesten også nevne at kompaktboligen også skal inn, den oppgava som eg ikkje akkurat er særlig i mål med. Menmen, eg har iallefall ein god del tid å bruke på den. Og om eg ikkje kjem i mål, og ikkje alt blir perfekt, så blir det nok jul allikevel.

onsdag, desember 13, 2006

Kan eg få sånn? Til jul?

mandag, desember 11, 2006

Drukna av regn og nær drept av hagl. Kvardagen i Bergen er spanande og livsfarleg. Sidan druknebildet har mottatt sterke reaksjonar, vurderer eg å bytte det ut.
Eg har drukna. Seriøst.

torsdag, desember 07, 2006

Når eg stod opp i dag, var det tørt på bakken ute. Så da nekta eg å ta med meg paraply. No tør eg ikkje å gå heim frå skulen, for det regner så hardt og blæs som faen. Pokker, altså.

onsdag, desember 06, 2006

Ja, kva kan ei kvinne sei? Eg vil iallefall takke Fredrik som ga gode inputs til min ikkje-eksisterande fylleangst i dag tidlig. Det gjorde "godt" å bli mobba og ledd av sånn på morgenkvisten. Siden Ken blei såpass godt mottatt, har eg bedrive litt research, og han har faktisk si eiga myspace-side. Den kan sjølvsagt fåast, men på vår helts eigen måte: By request only. Det skal nevnast at han har blitt vennen min. Det skulle bare mangle. No har eg hengt på skulen heile dagen, bedrive ein god del research og andre kloke, inspirerande og ikkje minst nyttige ting. Og no vil kroppen min berre sove. Og bake brownies etterpå. Deretter sjå på alle dei dårligste tinga som nokon gong er laga på tv. I den anledning vil eg berre nevne dokumentaren "Naive Norge" i samme slengen. Alle som såg den på mandag vil forstå.

søndag, desember 03, 2006

Netty og Trine ser på Deal or no deal. Deltager, mann - 34; "har som mål å bli millionær før han blir 35". Netty: Eg har no faktisk som mål å bli millionær før eg blir 30. I tillegg til å gifte meg med drømmemannen. Trine: Mhm, eg også. Og så skal eg få barn før eg blir 30. Netty: Eg veit det - eg også! Pause. Netty: Vi e i så jævli deep shit. Det kan vel stemme. Eg tar Ken, eg. Det er greit.