tirsdag, februar 28, 2006

Eg fekk ikkje akkurat gjort alt eg skulle i dag. Eg baka solsikkebaguettar, til stor forlystelse i heimen. Men sol og fasjonable blogg-innlegg uteblei. Har faktisk heilt fullstendig skrivesperre, så eg trur eg bare må legge inn årene i dag *padle-i-ring*. Trøtt er eg også. Ser nesten ut som at eg med vilje går inn for å gjere denne bloggen dritkjedeleg. Ja - det er min lure, fantastiske og brilliante plan. Tema for veka er "Ha det kjedeleg". Men det spørs faktisk om det kan bli vanskeleg, for eg har skumle planar på lur for morgondagen. Følg med, følg med! Kjedeleg eller fabelaktig!

mandag, februar 27, 2006

Dette bildet er tatt to sekund etter at eg fikk vite at eg hadde blitt tante til min Maja, nyttårsaftan 2004. Då var eg overvelda, da! Og det er eg framleis, kvar gong eg ser henne, tenker på henne og veit at ho skal vere her alltid. I dag kom eg på at eg passa ein hund som heitte Maja ein gong. Og eg trudde ho var kjempesøt og fantastisk, liksom! I morgon skal eg bake solsikkebrød, ta solarium og kanskje skrive noko fantastisk lurt her i skattekista, alt det før eg begynner på jobb. God natt, alle mine skattar!
I dag når eg skulle gå fra jobb, låg det ein overraskelse i skapet mitt! Det var ein lort - også kjent som Toppris - som eg mistenker Velaug for å ha lagt der! Det gjorde seg sannelig på heimvegen, med ein sein buss i vintervêret. Som takk for den kjempegøye presangen, tenkte eg å gi deg ei lita merksemd i samanheng med at du nettopp var hos frisøren og ikkje var heilt forøgd med resultatet... Du får velge akkurat kva slags hårsveis du ønsker deg aller mest av dei eg har valgt som passande her til deg, så får du kanskje ein av dei til bursdagen din! Da blir du vel glad igjen!?

søndag, februar 26, 2006

Hm.. Det var jo eit litt merkeleg innlegg eg (med god hjelp av Cecilie) hadde skrive seint i går kveld. Vi får la det stå, sånn til skrekk og advarsel, eller kanskje berre ettertanke. Det vart ikkje noko nachspiel, heldigvis. Men det vart god mat, god stemning, Buzz og Singstar, drosjetur til byen med hovudet ut vindauget (trengte bare litt frisk luft, altså), fekk komme inn på utestaden kun på rein godvilje frå vakten ("Har Trine det fint i kveld?""Ja, heilt klart, Trine har det superfint"), heimtur til dalande snø som ingen visste kvar kom frå. Mona, du får ikkje velkomst her før du kommenterar eit innlegg. Men då skal du til gjengjeld få i bøtter og spann:).

lørdag, februar 25, 2006

Eg e fødd i feil århundre. Eg er klar for dansing til "hot Stuff" av gudane veit kven. Vi turnar, dansar og har gladgeitbuksa på - berre pass dykk Bergen, i dag skal faktisk vi på gøy og lurt nachspiel. Bare følg med i morgon for vidare rapport. Vi gidde ikkje "talk to the hand"-stil i dag. Cecilkie har fått eit nytt ansikt; brillene er borte og ingen veit kva som kan skje.....
Her er nokre ord for Bachelorettes som Jeanette og meg, i tilfelle vi treng litt trøst. Ikkje det at vi ikkje klarer oss sjølve aleine, altså. Vi kan lage champis av støv, vi kan klatre på tak, vi kan bli lesbiske, vi kan arbeide med korleis-fungerer-menn-i-praksis-manualen (med tilhøyrande fjernkontroll), eller berre arbeide med vår eiga sjølvrealisering. Alt det heilt i fred! Juhuu! Bachelorette, you can turn dust into champagne you even dream about his name you tried to show him that you can but you can never rush a man you`re a car girl, you`re a star girl you`re at the door the tide will turn There`s a window You fly alone and when you cry sometimes there`s nothing like it in the world oh, just bachelorette you climb on rooftops and you bachelorette.
Velkommen også til verdens beste Velaug, også kjend som "beekeeper" dei få gongane ho vil sei noko her inne. Velaug er i tillegg til skattekistemedlem også Living-jente, så Living er no jammen godt for noko, nemlig å skjenke meg ei bøtte med fine folk! I tillegg til å vere utrulig søt og snill, oppdaga eg med stor glede etterkvart at også Velaug er hardcore Tori-fan. Og då er det rett inn i varmen hos Trinemor! V er også ein kløppar til å synge (lonely - I am so looonely, særlig den), ho er flink å drikke øl og anbefalar varmt å bli student slik at ein kan gjere det kvar dag, ho dansar sving som ei gudinne ("er det du eller jeg som fører?!? Ja, nemlig, meg!") og har alltid fine kle og søte skattar frå ei eller anna bestemor sine heklepinnar (eller sine eigne). Når Velaug blir stor, reknar eg med at ho blir den nye programleiaren i eit gøy, kjekt, spanande og bra program på tv. Da kan eg skryte på fest av at eg har delt ein lort med henne på jobb ein gong. Så det så!
I dag kom eg på at layouten min ikkje er verdas finaste, så eg ville endre den. Eg kunne jo ta den svarte, men då ville eg bli hermegås etter Sasi og Jeanette, så det kunne eg ikkje. Prøvde både kvit, grønn og den litt fine pudderfarga. Men dei føltes liksom ikkje riktige... Så da endte eg opp med Barbie-rosa igjen. Bèr over med meg, versåsnille. Dagen har også komme (omsider, skulle blitt gjort for lengst) til å ønske eit par nye skattar velkomne til kista. Først Caroline, dedikert medlem av både "skinnjakkeklubben" og "Skreppene". Seinare også av både russebil, min innerste krets og no også skattekista! Vi har hatt våre ups- and downs og det har heilt klart storma både rundt og i oss. Men alt blir jo bra til slutt, og til sommaren står Carlos brud tilogmed! Du blir heilt sikkert den finaste bruden Jølster har sett, og eg gledar meg til å sjå kvar og ein av dei hardbarka "Gutta" grine vettet av seg. Sjølv om du no skal bli kone og eg ikkje akkurat er i nærheten av å bli det med det første, håpar eg sterkt på fleire stæsj- og vin- og tull- og fjasefestar saman, men eg vil også nøye meg lenge bare eg får en kopp te i ditt gode selskap:).

torsdag, februar 23, 2006

Eg må sei at eg syns Logen i Bergen tek ekstremt store sjansar for tida. Mogeleg at eg er teit (det er faktisk både mogeleg og sikkert sant), men når dei set opp to band dagen etter kvarandre med ganske likt-klingande navn, kan det fort bli innvikla. Her ein dag då eg tok bussen heim frå jobb, såg eg ein plakat der det stod at Kashmir skulle spele på Logen. Det var strålande nyhende, sidan Vegard, min gode venn, er stor fan av dei. Seinare på dagen snakka eg med V, og vi fann ut at ikkje berre var konserten dagen etter, men vi skulle faktisk på den saman. Vegard skulle ta bussen hit, og eg begynte å glede meg. Eg skulle sjekke på jobb dagen etter om det var nok billettar, og så var det klart for besøk, konsert og fest. Morgonen etter, las eg avisa, og trudde ikkje mine eigne auge! Corazon, som skulle spele på Logen, hadde ved hjelp av ein svensk sjåfør og sin "gode" GPS kjørt rundt halve Norge og til slutt enda opp i Bergen. Problemet var berre at sjølv om det stod Bergen på GPS`en, så var dei eigentleg i Voss. Og ikkje berre det - dei var også så seint ute at konserten måtte avlysast. Da eg snakka med Vegard etter jobb, foralte eg han heile historia, temmeleg bestyrta. Han holdt seg rolig, så eg fekk fortalt heile historia. Så sa han berre: Ja, men Trine. Ka skjer her no? Greit nok at Corazon har kjørt seg vill, men vi skal jo på konsert med Kashmir, så det trenge vi jo ikkje å bry oss om? Han hadde jo eit poeng der. Og kva som skjedde oppe i hodet mitt då Kashmir vart Corazon, veit ikkje eg. Men eg syns uansett at det kan høres veldig likt ut om ein legg godviljen til. Og dersom Logen vil gjere dette igjen ein annan gong, for eksempel med Aha og Uha (eller noko liknande), kan dei vennligst sette opp konsertane med eit par vekers mellomrom? Ja, tuusen takk! Det vart forresten ikkje noko av konserten likevel, då Vegard ikkje følte seg heilt bra. Kanskje var det eigentleg berre fordi han syns eg er så dust. Som plaster på såret sett eg inn eit bilde av Kashmir, dei ekte denne gongen.

tirsdag, februar 21, 2006

På dagar som i dag, vil eg bare dra bort, lang vekk der det fins sol og vatn og ikkje så mykje meir. Ein stad der ein ikkje er butikkdame, sambuar/ikkje sambuar, skattebetalar, jobbsøkande, vinglete og ustabil i forhold til framtid/fortid/notid, kun på ferie som reisande menneske. Ligge på stranda heile dagen, svømme langt, langt ut i havet, gå på marknadar og berre sjå på folk. Lese ei ny bok kvar dag, berre tenke på alt anna enn kvardagsliv, rutiner og alt det som gjer ein sliten og oppbrukt. Då er det godt å sjå på bilder frå tidlegare feriar, så kan eg nesten kjenne sanden mellom tærne, lett-solbrent-kjensle på skuldrane, vinden i andletet på oppdagingsferd i øde landsbyar på ei ukjend øy, smaken av ein frukt ein ikkje veit namnet på, og kjølig, salt sjø om kroppen. Eg veit at mi drømmeøy ikkje er lengre enn ein liten flytur unna, kven blir med!?!?!
Akk, som eg saknar min Maja og min Heidi! Håpar eg snart kan leike med dåke igjen!

søndag, februar 19, 2006

Eg driver og vaskar huset. I den anledning tok eg av alle knottane på konfyren og slengte dei i vasken oppi ein salig miks av zalo, jif og salmiakk. Kva skjedde? Alle tala og symbola løsna. Så no er det bare å gjette seg fram til om ein har varmluft på, eller grillar rundstykka til frokost. Flaks eg ikkje skal bu her så lenge! Tenk å flytte heim igjen, det blir jammen rart. Så sjølv om eg ikkje skal vere der så lenge, og sjølv om eg ikkje nødvendigvis er einig i det eg no skal sei; "Jag är hellre en anka i en liten pöl enn en anka i et stort hav". Det var det Smala Sussie som sa, eg digger den filmen. Så no skal eg heim og vere ein gakk-gakk i Førde eit par månader, blir spennande å sjå korleis det går. Men no må eg bli ferdig å vaske, så eg kan gå ut i sola! Ha ein fin søndag, alle!

lørdag, februar 18, 2006

Jeanette og Sasi, eg trur kanskje vi har eit problem. Då eg åpna postkassa i dag, låg det ein lapp der med denne påskrifta; "Mysteriet om stolen som forsvant--" Kjære nabo, vi beskylder ikke deg for å ha fjernet den flotte stolen rundt bordet i gangen i 1. etasje, -men kanskje vet du om noen som vet noe? (Det er ikke stolen som står i trappeoppgangen) Der var nemlig tre stoler her. Venter spent på om vi får se stolen på plass igjen. Styret i Madam Felle. Tidlegare i vinter vart det plassert fire gedigne og ufatteleg stygge stolar pluss bord midt i gangen der postkassene våre er. Ingen har nokonsinne brukt stolane, dei står i vegen når vi skal hente posten, så det er eit mysterium kven som er mesterhjernen bak verdas mest idiotiske møblering. Uansett, no er tydelegvis den eine stolen borte, og hadde eg ikkje visst bedre kunne det godt ha vore meg som hadde tatt den. Det er det altså ikkje. MEN, eg kan tenke meg at Fred og eg fort kan bli mistenkt, sidan vi frå før av har gitt uttrykk for misnøye for møblane, i tillegg til at skumle kvinnfolk (sikkert medsamansvorne, sjølvklart) heng rundt her midt på natta. Typisk min flaks, har nok dama med hunden som observerte dykk, allereie har lagt inn tips til styret. Så eg kan vel likegodt med ein gong stryke finkjolen og vente på innkalling til avhør i styret. Følg med i neste episode - eg gler meg!
Way up North i took my day all in all was a pretty nice day and I put the Hood right back where you could taste heaven Perfectly Feel out the summer breeze Didn`t know when we`d be back And I - I don`t I didn`t think We`d end up like Like this
Eg lova Ceilie at eg skulle skrive at vi var flinke som ikkje gikk så veldig ut i dag og ikkje fant på noko tull. Men no er eg ikkje heilt sikker på om vi var så flinke likevel. For klokka er jo 03.06 og eg skal på jobb i morgon klokka ti, eg har framleis sko på, og syng Blondie-songar for full hals, har lyst å gå med prinsessekjole og danse og kanskje stupe i vatnet utanfor. Det er definitivt noko som ikkje stemmer... Uansett så trur eg Cecilie og eg har vore flink til noko denne kvelden. Men eg har gløymt kva det var. Eg har ett bilde av Annemi og meg og et bilde som eg fant som eg ikkje veit heilt kva betyr.

fredag, februar 17, 2006

I dag når eg vakna, hadde eg fått 7 ubesvarte anrop på telefonen min, og 6 nye meldingar. Det var rett og slett ikkje måte på popularitet. Opphavet til dette starta tidlegare i går. Sasi og Jeanette skulle ut, og ville gjerne ha meg med. Slapp og trasig som eg er for tida, meldte eg meg ut og ville heller legge meg tidleg og i edru tilstand. Rett før eg la meg fekk eg ei melding fra Sasi, der ho skreiv at dei skulle komme på besøk til meg. Eg klarte ikkje å ta dette heilt alvorleg (av heilt opplagte årsaker, fulle folk tar ikkje bussen fra Minde, forbi sentrum og ut til Sandviken seint på kvelden ein torsdag når byen roper på dei). Men det hadde dei faktisk gjort, så på min veranda stod det ein liten plante (gudane må vite kvar dei hadde funne den på vegen), pluss eit brev skrive på ein H&M-kvittering. Der fortalte dei om bussturen ut, at det var skuffande at eg la meg så tidlig og at dei hadde klart å ha en "planteseremoni"der ute, sjølv utan meg. Fantastisk! Dåke er no jammen dei søtaste eg veit om, det var kjekt å vakne opp i dag! I samme anlendning, litt for seint, må eg ønske Jeanette velkommen i skattekista. Nydelege Jeanette som alltid har fine kle og fjonge sko og ser ut som ei filmstjerne. Ho seier omtrent aldri nei til å bli med på leik, dans og moro. Ho er ein kløppar til å drikke tequila utan å rope på elgen etterpå, og deltar svært aktivt når situasjonen tilseier at all frukt, stygge lysestakar og andre unyttige gjenstandar må kastast ut på gata, og det fort! Eg er glad eg ikkje er gut, for då hadde eg nok blitt forelska i Jeanette. Dersom vi hadde blitt kjærestar, hadde eg aldri turt å slå opp med henne, for eg vil helst ikkje at J skal vere sint på meg. Men eg hadde ikkje villa slå opp med deg uansett, altså. Putte inn to dårlige bilder tatt med mobil ein sein kveld i fjor haust.

onsdag, februar 15, 2006

Uff, det er så drit og teit å være lei seg, og ikkje heilt vite om det ein gjer er rett eller ikkje. Det føles idiotisk å ikkje få sove om natta, når ein var så sikker for litt sidan, men plutseleg kjennest det annleis. Føler eg har ei kald klo om hjartet, har aldri likt tanken på at folk og ting og kjensler skal forsvinne heilt, men veit jo at det berre er slik livet er. Men eg skulle likevel ønske det ikkje var sånn.

søndag, februar 12, 2006

Gratulerer med morsdagen søte, snille, mamma! Mamma er allergisk mot internett. I jula introduserte eg henne for begrepet "å google" nokon, som eg gjer ganske ofte. Eg fortalte henne at om det sto noko om henne på internett, ville kven som helst finne det ut ved å søke på namnet hennar. Først vart ho sjokkert, og spurte om eg trudde at det faktisk stod noko om ho der inne. Eg sa at eg ville ikkje akkurat tru det. "Nei, for eg vil faktisk ikkje vera inne på intarnette!", sa mamma. Men no er du det likevel;-). Mamma vil at alle skal vere snille med kvarandre, at alle songar skal handle om fine ting og vere kvikke utan å bråke, ho seier at vi ikkje får sjå på skumle ting på tv, klarar aldri å vere vaken ein heil film(iallefall sjeldan). Mamma er drit-tøff og klarte å bli heilt frisk når ho fekk kreft, og klarer å smile og le sjøl når ho har vondt i heile kroppen og må halte rundt istadenfor å springe på tur når det er det ho helst vil. Mamma er vår helt og stjerne, synger merkelige songar og lagar rare lydar for å framheve ulike poeng betre. Ho har alltid lure råd og triks på lur, og er alltid den første vi vil vere med når vi treng trøst - for ho er jo MAMMA! Mamma har ein bil som alle på merkelig vis klarer å krasje borti. Mamma blir bare bedre og bedre for kvar dag. Her les mamma rar-bok-med-lyd-bok til Maja. *Lalalalalalalalalala*

lørdag, februar 11, 2006

Vil bare opplyse alle om at eg har sett meg nødt til å bytte om fra bokmål til nynorsk på denne bloggen. Eg har jo skrive nynorsk heile livet, så eg kjende at det vart litt feil på bokmål. I dag tenkte eg å vise fram den tidlegare nevnte "skumle skog-med-heks-sangen" så alle kan sjå kor skummel, fin og fantastisk den er. Det er Inger Hagerup som har skrive den. Jeg vet en skog med drømmesvarte trær Den som går dit - må alltid være der. Der er det ingen fugler - ingen sol; men bregner vifter over ormebol. Der lokker fluesoppens svarte liksvøpsølv, og revebjellens røde fingerbøll. Der henger månens falske gull-gonggong, over et hus av underlig fasong; Det er et pepperkakehus hvor meget skjer; Der bor en heks - Jeg sier ikke mer.....

tirsdag, februar 07, 2006

Hoihoi, alle mine skatter! Vi har fått beøk av en frekk liten pappa! Han vet tydeligvis ikke hvem han ypper med her, kaller oss småfrø og pludrende babes... Jeg bringer her et lite utdrag: "MEN: Hvem har Blue på VINYL? Hah! Det har sine fordeler å være "Gamlis"!! Hvem var født da Beatles slo gjennom?? Hvem kunne telle til 1034 under Woodstock-festivalen, og hvem hadde examen artium FØR Blue-LP'en ble gitt ut?" OK! Pappa, som du allerede vet, er jeg jo din datter og har i den anledning fått med meg et par av dine gen i min fot og rundtomkring. Ergo, jeg lar meg ikke pille på nesen av verken deg eller andre: - Jeg kan knabbe blue-plata anytime, jeg vanker faktisk i samme stue som deg innimellom, så ikke vær for sikker på at du har den lenge! - Du var kanskje født da Beatles slo gjennom, det må jeg gå med på. MEN: Jeg slapp i det minste å gå kledd som på bildet ovenfor, takk og priis slapp jeg også å måtte forelske meg i sånne menn(ikke det at du gjorde det heller da, men...). - Hvorfor i alle dager drev du og talte når du faktisk kunne ha dratt på Woodstock-festivalen? Hvem gidder egentlig å telle til 1034 uansett? - Examen artium er egentlig bare en bille, også kjent som en spunk i Pippi. Når det er sagt, er faktisk pappa en kjernekar. Han er en racer på gitaren, har lært seg alt helt selv, og har tre døtre som er hans største fans. Om ikke pappa hadde tatt kontroll da vi skulle utvikle vår musikksmak, kunne vi fort ha endt opp med å digge Neil Sedaka (altså om mamma fikk bestemme). Pappa har gitt oss livlig fantasi, humor og kreativitet. Han skremmer fremdeles vettet av meg når han tar på seg robotlyd (dzzzzt-dzzzzt), jeg blir fortsatt griseredd når han synger den skumle skog-med-heks-sangen og jeg ler ennå like mye hver gang han spiller falskt og tullete på gitaren sin. Om ikke pappa hadde vært pappa(og mamma vært mamma også), hadde jeg mest sannsynlig vært et kjedelig og fargeløst menneske. Kanskje hadde jeg sunget kjempefalskt, syns Vikingarna var en super gruppe og vært så dårlig til å tegne at jeg måtte bruke linjal for å tegne en blomst. Takk, snille pappa for at jeg slapp det!

mandag, februar 06, 2006

Her kommer litt informasjon til hun som lurte på hvordan folk egentlig får seg ut, sånn egentlig: 1. Vær mett, helst litt glad og omtrent uthvilt (altså ikke helt dødsliten, men ikke nøvendigvis energizerkaninen). 2. Smink deg før inntak av alkohol begynner. Du kan godt pusse litt på sminken, men etter inntak av fem alkohol-enheter eller mer, må ALL sminke unngåes (om du ikke vil ende opp som vist over). 3. Hold musikknivået høyt og heftig, unngå Toris mest molefunkne, musikk med tydelig trist og miserabelt budskap og Celine Dions beste (sistnevnte bør vel egentlig unngåes uansett situasjon). Madonna, Pleasure, Kaizers, Bigbang, til og med Britney er BRA for dansefot! 4. Drikk vann og spis chips. 5. Om du klarer å huske sist du hadde en superbra fest, legg deg på omtrent samme alkoholinntak. 6. Om du husker sist dårlige fest, (noe du sikkert ikke gjør) legg lista maaange hakk under. 7. Om du kjenner deg dårlig er det ikke nødvendigvis for sent. Finn en god venn å rope fint på elgen med, trøst hverandre så godt dere kan. 8. På med lipgloss og off you go!!!! Easy, peasy, lemonsqueezy:D
Sasi skal til pers! Det er merkelig å tenke på at jeg har levd nesten hele livet uten å kjenne Sara Kotsasi Mun. Som Cecilie var Sara litt skummel og utilregnelig i starten. Om det hadde med meg å gjøre, eller rett og slett hennes anstrengte forhold til sin daværende samboer er ennå uklart. Sara likte tequila en gang i gamle dager. En kveld likte hun det rett og slett litt for godt. Nå liker hun det ikke så særlig godt lenger. Jeg kan også styre min begeistring for tequila, faktisk etter akkurat den samme kvelden. Sasi derimot liker jeg fantastisk godt, både med og uten tilbehør, om det nå er rødvin eller gulrotkake. Vi har en mengde ting til felles; jeg kan nevne noen. Vi liker Tori Amos. Vi vil aldri la andre enn Kristine klippe og tafse på håret vårt, og ser heller ut som vepsebol på hodet enn å bruke andre frisører. Vi liker barnebrus og voksenrus. Vi er kattekvinner. Det er vår bok. Det er vel en alvorlig "understatement" å si at vi bare "liker" Kaizers.. Da vi var på konsert med dem i høst, fikk jeg se en side av Sasi jeg trodde kun var forbeholdt Martin. Hun var en anelse hyperaktiv, og på et visst punkt var jeg redd hun skulle omkomme av ren ekstase og hyperventilering. Heldigvis, vi kom fra det med livet i behold begge to, og nå kan til og med Saras kunst nytes på Fusion kaffebar. Jeg er din groupie!!!!

søndag, februar 05, 2006

Skjønner ikke problemet, noen ganger går alt som smurt, mens andre ganger funker ingenting. Det blir som å smøre skiene sine med honning og sirup istedenfor med Swix og stearin og smør. Ja, om det skal være bra, da. Faktisk så er det drita kjedelig å gå på ski uansett.
This is a love I cant defend, this is a primitive love - the dangerous kind, this is a love that will bring me to my knees... Jeg gjorde som jeg sa; jeg gikk ut, jeg måtte ut og drikke meg full. Etter at jeg hadde blitt full, gikk jeg ut sammen med Cecilie. Vi var omtrent like fulle, og kjente på oss at om vi ikke dansa skikkkeli masse, kom det til å gå gale. Så vi gjorde det. Dansa skikkeli, skikkeli masse. DJ`en ville som vanlig ikke spille Madonna, selv om vi prøvde flest mulig skitne triks og lata som vi var veldig mange forskjellige mennesker som ville høre hennes nye singel, helt tilfeldigvis to sekunder etter hverandre. Dumme DJ, lei av jobben sin. Vegard; hva betyr "Sommersault" egenlig?? Uansett; "you get my feet back on the ground", og jeg gleder meg til å se deg til neste uke. Vil jo helst ikke at dette skal bli en fylleblogg, men tusen takk til alle dere som får beina mine på bakken, og enda mer takk til dere som fortsetter å la meg sveve i lufta.