mandag, juli 31, 2006

Ting er triste om dagen. Vegard, fine, gode Vegard, har fått beskjed om at kreften har spredd seg så mykje at legane har valgt å avslutte behandlinga. Denne beskjeden er foreløbig den siste i ein serie av mange, som gradvis har berre blitt dårligare og tristare for kvar gong. Eg har problem med å forhalde meg til det. Nettene er urolege, eg drøymer ein vill miks av draumar. Nokre der alt er som det var før, der Vegard er stor og sterk, har glød i huden og varme i auga, ler den rare og fantastiske latteren sin og forteller om dei fine jentene han har klint med i det siste. Og nokre draumar som er fulle av sjukdom og mørke. Der eg kan sjå korleis kreften har tappa han for glede og krefter. Der vi gret begge to, og ingen av oss veit korleis vi skal handtere det. Og så er det liksom slik det er. Bortsett frå at eg ikkje har snakka med Vegard på ei stund. Og veit ikkje korleis eg skal gripe det fatt. Eg har lyst å sjå han, klemme han og snakke med han. Spørre om han er redd, kva han tenker, korleis draumane hans er, om han framleis har nokre. Men vil ikkje trenge meg inn på eit område der han kanskje vil vere aleine. Uansett - Vegard - om du les dette: Du er i tankane mine heile tida. Eg er så veldig, veldig glad i deg. Eg håper at du finn glede i noko framleis, musikken og filmane dine. At du innimellom smiler, heilt ekte, og kan kjenne at du er glad - for noko eller i nokon - same kva, berre du ikkje kjenner kun på smerte.

fredag, juli 28, 2006

Has it always been this way? is it possible all this magic went unnoticed? Maybe things will start to change And life will turn a better page No more rain

mandag, juli 24, 2006

Eg har visst alltid sett ut som en rølpisramp.
Cecilie gjekk bananas i Førde i helga. Det var rapportert om hektisk sjekkaktivitet, høgfrekvent fnising og stort konsum av alkohol. Ho vart obsertvert luskande rundt Lia Turistheim, også kalla Førde Pensjonat i finare kretsar, seint natt til laurdag. Laurdag formiddag vart ho også observert, denne gangen av fullstendig sikre kjelder, med eit fårete glis om munnen idèt ho sette seg inn i ein blå bil av merket Suzuki på ein ikkje namngitt stad i nærleiken av Førde sentrum. Eg føler dette er noko omgjevnadane har godt av å få vite om, og eg er omlag fullstendig overbevist om at denne kvinna hadde det hakket betre då ho dro enn då ho ankom Førde. Om dette kjem av lykkerusen ein lett får av å omgåast meg ei heil helg, eller andre ytre faktorar eller personAR, må vi rett og slett berre spekulere i. Uansett - det var ei bra helg:)

torsdag, juli 20, 2006

Når det er sommar, over åtte grader og faktisk sol her i Førde. Da svulmar eit Trinehjarte av glede (og overrasking). I går var ein slik dag. Fine dagen. Så i tillegg fekk eg øl, kvalitetstid, fjas og skravling med Eli - "Eg tar saka" og pledd på verandaen på Pikant i solnedgang. Slikt kan man kalle ekte lukke! Å vakne dagen etter, derimot, klokka kvart på sju, ein litt stor smule urven i kroppen og vite at ein skal på jobb. Det vil eg ikkje akkurat kalle ekte lukke. Meir litt uflaks. Men eg tek støyten, ingen problem! For det var jammen verdt det!

mandag, juli 17, 2006

Etter å ha sett litt igjennom historikken på min kjære og aller heilagste blogg, innser eg at mai var ein ekstremt rotete månad, sånn visuelt sett. Eg beklagar på det sterkaste, men tek likevel ikkje avstand frå innhaldet. Her i garden står vi alle saman for det vi har gjort. Men det vi faktisk tek svært stor, lang og kraftig avstand frå, er slemme gutar som er fæle med jentene mine. Kva kan vi gjere med sånne svinepelsar? Eg er åpen for forslag. Alle er velkomne. Her skal det grillast og torturerast. Det beste forslaget får premie!
Folk som slår opp gjennom sms eller msn, som i tillegg er over 14 år, burde gjerast unemnelege ting med. Og det meiner eg frå djupet av mitt hjarte.

søndag, juli 16, 2006

Om eg hadde fått den kvelden igjen. Då du var akkurat slik du alltid har vore, og alltid burde fortsette å vere. Om eg visste at det kanskje var siste gangen eg såg deg slik. Deg, fullt og heilt - fantastisk, så fullstendig deg som det er mogeleg å få deg. Då ville eg aldri latt kvelden slutte. Eg ville halde deg vaken, med dårlege kort-triks, med turning og elendige fyllehistorier, eg ville ha stått tett inntil deg framleis, vi skulle hatt kvar vår øl i handa, som aldri vart tom. Vi skulle ha sett Garden State saman, vi skulle ha grått og ledd. Sett alle reprisane av Grand Prix medan vi åt makaroni (eg litt mindre entusiastisk enn deg til makaronien, vel å merke). Du skulle ha vist meg musikk eg ikkje har hørt før, som du visste at eg ville elske momentant. Vi skulle ha ledd av dei gamle avis-historiene våre. Prøvd å finne dei raude trådane i dei. Og kanskje i livet generelt. Men vi ville vite at vi ikkje fann nokon tråd uansett kor hardt og lenge vi leita. Og det er på ein måte der eg er no også. Eg kan ikkje forstå det. Dagen forsvann, vart brukt opp. Og det knuser hjartet mitt. Kvelden var perfekt allikevel. Om eg visste det skulle komme fleire slike, iallefall.

torsdag, juli 13, 2006

I dag innsåg eg brått at eg har kjøpt tre prikkete toppar og eitt prikkete undertøysett i løpet av fire dagar. Eg er sjuk. Eg treng hjelp. Eg må innleggast umiddelbart for av-prikking. For eg kjenner på meg at eg ikkje greier å stoppe av meg sjølv. Eg er for godt i gong no. Kom, Bob - lat oss gjere det saman!
Eg er sur. Oppgitt. Og har dessuten litt vondt i hodet etter for lite søvn. Så eg dreg frå denne byen! Men blir liksom nødt å komme attende. Allereie på søndag. Men det gjer vel ingenting. Men eg reknar med at alle blir med å leike på fredag? I den andre byen, der de veit:) På mandag skal eg vere glad. Ha slutta å ha vondt i hodet og å vere sur. Men sannsynligvis ha enda meir underskot på søvn.

tirsdag, juli 11, 2006

mandag, juli 10, 2006

Visst kan eg spele. Men ikkje godt. Og det veit du.

søndag, juli 09, 2006

Eg har ei etterlysing. Kvar befinn dette mennesket seg? Altså ho til venstre på bildet. Kotsasi: Var den nye leiligheten din så stor at du gjekk deg vill og ikkje fekk deg ut att? Fekk du til slutt kramper og omkom av å sjå på bildene av Pia Haraldsen på bloggen din? Er du så skremt ved tanken på at Jeanette, Synna og eg skal bu saman i Bergen, at du har gått i hi og kutta all kontakt med omverda? Har du blitt medlem av scientologikirka og er fullt opptatt av å hoppe i ein sofa og hyle høgt kor mykje du elskar Martin? Gje oss eit livsteikn, Sasi, både Netty og eg er usikre på om du framleis eksisterar. Eg berre sit her og kjenner på den rare haka mi så lenge, eg.

tirsdag, juli 04, 2006

Alle desse dagane... ...som ein gleder seg til. Som ein har merka skal komme i vekesvis før dei - endelig - kjem. Som julaftan. Som bursdagen din. Som den dagen då du skal treffe nokon du ikkje har sett på lengst, som du kanskje til og med er forelska i. Eller høyre bandet du har drøymt om heile livet spele - på ein dag med sol, øl og dei venene du held aller høgast. Desse dagane er dei opplagte. På same måte som fødselsdagane til alle i familien min og vennane mine er spesielle. Men nokre dagar ligg i sjela mi og utanpå kroppen min. Og når desse dagane nærmar seg, tenker eg kanskje ikkje så mykje på det. Kjenner berre ei murring i kroppen som eg ikkje klarer å plassere. Så, kanskje idèt eg vaknar, eller kanskje seinare på dagen, veit eg det plutseleg - det er jo i dag! Dagen. Eg har mange slike etterkvart. Og ein samlar seg vel opp mange slike i løpet av eit liv. Dei er vonde og som oftast dumme og triste. Dagen då mannen du aldri fekk har bursdag, den då Onkel døydde, då mamma hadde blitt sjuk, då F og eg fann ut at alt skulle vere over. Då noko levande ikkje skulle leve meir, den dagen då C hadde bursdag og alt skulle vere bra, så vart det bare dumt og forferdeleg. Dei må vel kanskje komme desse dagane, slik at ein skal skjønne betre at ein er heldig som har flest gode dagar.

mandag, juli 03, 2006

Til Heidi som tykte Regina såg litt ekkel ut; var dette bedre? Her har ho jo ein slags Cate Blanchett møter Tori Amos møter ei eller anna nydeleg parfymereklamedamelook. Og det kan iallefall eg like. You don’t know but that’s okay You might find me anyway Don’t you know that i Belong arm in arm with you, baby In a town that’s cold and gray We will have a sunny day Don’t you know that i Belong arm in arm with you, baby… I do not know Where does it go When it goes Suddenly though Everything’s slow And i miss you so Frå songen "Raindrops" som eg like så godt. Og, Heidimin, om du vil sjå kor fin ho er, i tillegg til å høyre fin song - kan du google ho og songen "us". Så får du sjå fin jente synge fin song og spele på eit piano med kjempestore tangentar. Regina skal spele på ein festival i Gøteborg på onsdag. Eg syns det er litt urettferdig at Anne Mari og Regina kan sjå kvarandre om dei vil, mens eg ikkje kan sjå nokon av dei.

lørdag, juli 01, 2006

SlappeTrine Eg har jammen vore ein slapp bloggar i det siste. Berre satt inn bilete og nesten ingen tekst. Men så har faktisk kjeks og Regina Spektor vore av hovudingrediensane i veka mi:). Så då! Eg har hatt huset aleine denne veka. Så eg har drive med Trineting, høyrd på Trinemusikk, hekla, sola meg, fått trekt den dumme drittvisdomstanna (au! Og, æsj, kor stooore tenner eigentleg er!), lest fin fiin bok og grått meg skvett i hel og har snakka med Anne Mari i telefonen endeleg. I går var Eli og Tore her. Vi prøvde oss først på å sitte på framsida ute. Vart overfalt av ein milliard mygg, det var heilt sjukt. Tore sa vi måtte flytte oss under taket, på andre sida. Myggen var nemlig redd for å fly under ting, så om ein hadde cowboyhatt ville myggen aldri stikke deg i fjeset. Eg syns det hørtes heilt teit ut, men det hjalp faktisk likevel. Så vi satt med tende lys, med pledd rundt oss og drakk oss regelrett snydens. Eli stakkar, hadde vakt på avisa, så ho var så heldig å overvære prosessen frå edru, brisen og til fullstendig sveiseblind. Det var ein strålande kveld, og kveldens sitat må vel berre vere "Ro meg heim". Uten at det trengs å utdjupast. Ellers skulle eg på date i dag egentleg, til Florø med båt for å ete fin middag på restaurant. Med ein mann så gammal at eg faktisk ikkje tør å skrive det her. Men eg frika fullstendig ut og trakk meg. Pingle, ja, men eg tvilar på det hadde hatt noko for seg uansett. Vurderer å opprette ein ny blogg, ein som er hemmeleg for diverse foreldre. Så kan eg skrive alle dei skitne detaljane om livet mitt som eg må utelate her. Eg gir beskjed gjennom ungdommeleg kodespråk kun forståeleg for dei under 35 når dette skjer:). Ha ei fin helg, alle!