torsdag, juni 28, 2007

Eg befinn meg omtrent akkurat her. Det inngaar. Har kun betalt for nett til ca akkurat no. Saa eg maa visst utgaa. Ville berre informere.

torsdag, juni 14, 2007

Frå 30 grader og eit konstant behov for å ligge i lunkent vann og bade i helga - til SNØ, vind og bitande kulde i dag... Gudane i Valdres må vere galne.

onsdag, juni 13, 2007

Herlige Agnete - Bursdagsjenta.


Vi var nemleg i barneselskap, på søndag, i sola. Ordentleg bursdag, med pølser, kake og dei vakraste papptallerkane ein kan tenke seg. Min var fabelaktig, med kattepus - i rosa og sølv, med matchande kopp til. Gutane fekk Batmaneffektar, såklart.

Agnete, niesa til Arne fylte fire år, høgtideleg demonstrert med fire strake fingre i lufta og tommelen gøymd i handa. Den må ho spare til neste år.

Når vi kom var ho sjenert, sa såvidt hei, men sendte stjålne blikk i vår retning då Bent smurte meg med solkrem. Vi forsøkte å få igang ein samtale, men det gjekk mest i einstavingar der ho sprada rundt i handbrodert kjole frå Mexico og heva seg over oss, liksom. Ho visste jo sjølv kor nydeleg ho var.

Plutseleg likevel, etter vi hadde spist og Bent forsvann for ei stund, hadde eg ein hengiven fireåring på sida av meg. Som strauk meg over armane med varme, klissete hender og sa: Du har solkrem på, du. Så hadde vi blitt venner, trengde berre ei pølse i lompe å varme oss opp på. Agnete kjende på håret mitt, konstaterte at det var varmt og glatt, tok på smykket mitt, det var visst veldig fint, så såg vi kvarandre djupt i auga og eg sa ho hadde dei vakraste og lengste augevippene eg hadde sett i mitt liv.

Så sette ho seg på fanget mitt og vi hadde derved medlemskap i kvarandres fanklubb.


Tenk - eg er på ferie. På ein stad der eg kan bade når eg vil, i vatnet som ligg tre meter frå husveggen. Der sola skin, humlene flyr døsne rundt hovuda våre, der salig kaos herjar inni og utanfor huset. Der ting vert leita etter dagen lang; men det gjer ikkje noko, dei får dukke opp når dei gjer det. I eit hus som er så fullt av skattar, at eg kunne vore her i hundrevis av dagar og likevel oppdage nye kvar einaste dag. Eg er på ferie i ei ekte skattekiste, og det er ein fin stad å vere.

søndag, juni 03, 2007


Eg vil her publisere eit av dei aldeles bedårande breva eg fekk av Vegard i gamle dagar. Han var minst like sær som meg når vi gjekk på ungdomsskulen. Deilig å ha nokon å vere i same båt saman med, når ein bobla over av sære tankar og kjende seg som den mest einsame og rare personen i verda. Ikkje rart eg var så glad i han.

Dette brevet fekk eg like før vi skulle på ein svært velorganisert hyttetur til Dvergsdalen, der vi nok - beklager mamma og pappa - fekk det til å høyrest ut som ein tur i regi av Deciding. Eh.. Det var det vel altså ikkje akkurat. Eg føler eg kan lese mellom linjene i dette brevet at Vegard ikkje syns det var så kult at eg skulle dra på rølpistur med alle hunkane i koret. Vel - here it goes:

"Hei Trine.

Eg må sei eg vart imponert over deg. Ja Ja, hyttetur! Det blir sikkert skikkelig morosamt. Men husk å vere forsiktig, og ikkje drikk altfor mykje. For du må jo ha litt kontroll. Nei, eg greier meg fint utan alkohol. Men det betyr ikkje at eg synest det er nullt av dokke å drikke. Eg går ut fra at dokke sjølv veit kor kult det er. Men sjølv likar eg ikkje tanken på å seie og gjer ting eg ikkje har kontroll over. Ja, eg er litt kjedeleg.

Eg gleder meg som ein gris til volleyballturneringa. Vi satsar på ein andreplass. B blir kanskje litt for harde. Eg har utruleg vondt i ryggen i dag, men eg håper eg blir bra til i morgon. Skal du spille?

Blir du med til Oslo i sommar. Kult! Bra du sa ja, det blir kult. Nei, no vart eg kanskje litt vell ivrig, typisk meg. Før blei eg faktisk kalt Ivrige Vegard.

Fy flate så god du var til å massere (eg meinare det). Berre synd du blir så fort sliten. Meir på andre sida altså.

(side 2:)

ANFINN MYKLEBUST

Milevis med stein og sand
store kulper full av slam
Der bur Anfikk Myklebust
I eit hus av raudbrunt rust
Senga hans er full av mus
Doen hans er kremmerhus
Middagen hans består av rotte
Han hadde innsett at han måtte
tvinge i seg rottelår
etter middag gulper Anfinn rottehår
Ingen veit at Anfinn minnest
Ingen vil Anfinn Myklebust minnest

Det var eit flott dikt eg skreiv no, til deg. Versegod. Viste du forresten att når mamma skal på do begynner ho å kneppe opp buksa 10 meter fra dodøra.

Mamma snaut også nasa si, ved middagsbordet. Mamma gjer det litt meir vanskeleg å få ein normal barndomm. Samme med pappa og hans lillefinger pilling i nasa når han ser på tv. Det verste er at DEI klagar på kvifor dei ikkje kunne få normale ungar. Det er jo dei som har gjort oss slik. Helsing Vegard Skaaheim. Fy faen kor snill du er."

Eg kan ikkje sei anna enn at breva frå Vegard er av mine aller mest dyrebare skattar.
Stakkar lille bloggen. Det må vere trist å vere deg om dagen. Eg skal gjere det godt att, sjå - eg har allereie begynt! Eg kan lage ei liste, for eksempel. Over kvifor du så uanstendig og ufortjent har blitt offer for manglande skriving og ekstremt lite merksemd: 1. Facebook (eg veit det, eg er ein fæl og tarveleg svikar, og eg angrar sjølvsagt) 2. Skule (bør heilt klart vere godkjent årsak) 3. Sol (eg skjønar om denne er vanskeleg å svelge. Men kjære skattekiste, jobb litt med saken, er du snill?) 4. Død maskin, bildet forsvann, og ikkje eingong min brilliante supernerd av ein far greier å reparere den (dette er jo ein heilt ekte grunn, faktisk) 5. Kjæreste (Han er komen for å bli - deal with it!) 6. Diverse hotte chicks Alt dette er trass alt det som legger basen for at eg har noko å skrive om her. Så eg reknar med vi allerede har lagt dette bak oss, eller hur, Skattekiste?