I morgon drar Sara og eg til Tromsø for å feire trettiårsdagen til Kristine. Eg gleder meg som ein unge, har magen full av sommarfuglar og har til og med pakka allerede. Pakka smart, til og med.
Siden alle kjolane mine kjennes oppbrukte, var eg på leit etter ein ny i går. På tom mage. Det gjekk ikkje opp for meg at det var ein dårlig plan før eg stod foran speilet på H&M og grein fordi eg ikkje skjønte kor armane skulle inn og ut av eit altfor avansert kjolehelvete som berre var lagd for å gjere livet mitt vanskelig.
Prøvde igjen i dag, ikkje altfor lenge etter lunch. Og fann ein snadderfin som ikkje eingong er svart!
Ettersom eg er omtrent 25% nordlending, kjenner eg suget i magen etter å dra til nord kvar sommar, men eg har ikkje vore der sidan før bestemor flytta til Larvik for fjorten år sidan.
Då sykla eg langt og fort i midnattsola på bestemor sin gamle, grønne sykkel, blei overfalt av måker og kjente at livet var stas.
Det blir nok mindre sykling i helga, men desto meire stas! Om Kristine spanderer nordlys blir eg fra meg av lykke. Men det er kanskje ikkje nordlyssesong? Det må eg finne ut av.
(Mulig eg må trekke tilbake det med smart pakking, forresten. Men altså, fem par sko til tre dager kan plutselig bli nødvendig.)