fredag, september 22, 2006

Herlighet, altså. Så mange hissige folk. Eg har visst vore grisedårlig til å oppdatere bloggen i det siste. Kvifor? Tja. 1. Naboen sitt nett har vore sørgelig dårlig i det siste, og sidan naboen sitt nett på ein måte også er mitt nett, ligg eg litt dårlig an. 2. Det skjer mykje. På skulen, sosialt, i huset mitt og i hovudet mitt. 3. Eg har vore sjuk (det er ein god grunn!) 4. Og sånt. Men no er eg her. Og eg skriv. Bergen er fin, fytti, eg er så glad for å vere her! Vakre, vene byen. Skulen min er gøy, eg har funne dei beste jentene og gjort dei til mine. Det er perfekt og bra. Vi har det i tillegg heilt pinlig kjekt på skulen, eg føler eigentleg at vi ikkje går på skule, det verkar så ulogisk at alt skal berre vere jippijei. Og tenk; i slutten av september, og eg går med skjørt og flipflops! Tipper alle turistane er rimeleg sjokkerte - dette er nok ikkje det dei hadde venta. Det hadde vel ikkje vi "fastbuande" heller. Men bevaremegvel kor vi set pris på det likevel! I dag har eg hatt fri, og vi har hengt i parken heile dagen. Seinare skal vi nok gjere akkurat det ein gong til. Kva anna kan vi gjere i dette deilige, deilige vêret?! Dette var den eine sida. Her er den andre. Eg saknar familien min. Eg saknar vennene mine som er langt unna og som eg sjeldan får treffe. Eg tenker på Vegard, mykje. Så eg søv merkelig for tida av desse og andre grunnar. Dette er ein merkelig, bittersøt haust. Eg vil nok ikkje gløyme den med det første. Men haustar er til for å merkast og huskast.

4 kommentarer:

Monica sa...

Det er alltid mange sider av den samme saken. Dette er konsekvensane av at vi vert eldre og flyttar på oss. Dette er konsekvensane av at vi begynte å tenke og slutta å sikle på spadane i sandkassa. Kva var eigentleg best og kva var eigentleg verst?

jeanette_s sa...

Eg skulle ønske eg forsatt sikla på spaden i sandkassa....den kjærleiken e ikkje te å halde ut. Ergo, før var alt mykje meir bekymringslaust og mannfolk hadde berre guttelus, derfor haldt vi oss langt unda dei. Det skulle eg ha forsatt me å gjort.

Sasi sa...

Saknar dei tider eg ikkje hadde eit økonomisk ansvar, då eg slapp å tenke på konsekvensar med å ikkje betale rekningar i tide eller parkere bilen på rett stad. Slapp i allefall å tenke på renteauking. Alt var såre enkelt og eg kunne bruke tiaren min på akkurat det eg ville..utan konsekvensar.

Anonym sa...

Søte jentene. La oss stikke og henge i ei sandkasse en dag!