torsdag, november 22, 2007

TYPISK MEG Å VERE MUTT - Ta ein titt på denne linken: http://vibb.no/Company.asp?CompanyID=9502 Jasså, kjære Nusse, så du har vore innom jobben min "utallige ganger"? Kor mange gonger er dét, eigentleg? Utallig mange, altså? Fleir enn du kan telle? Kor langt kan du telle? KAN du eingong telle? Og kven heiter liksom Nusse? For eit dustenamn. Eg har spurt svært mange (utalleg mange, faktisk) etter at eg fekk vite om denne anmeldinga kva slags ord dei vil beskrive meg med om dei får bruke berre eitt. Ingen sa noko om at eg er særleg mutt. Søte, vakre Nusse - trass i at du har vore innom utallige gonger, har vi aldri sett deg. Men om du kjem innom igjen, skal vi iallefall stå klare med butikksmila våre klistra fast og gje deg all informasjon vi sit inne med av fingerkrokar, rekekrokar, spennstenger, teleskopstenger, vi skal forklare deg korleis viskose vert framstilt, kor mykje bomull krympar, vi skal sei at det er heilt greit at du tek gardinene utav pakken for å sjå nærare på mønsteret og stoffet - du kan til og med få ei trådsnelle med på kjøpet, Nussemussesmusse! Neida, eg er verken snurt eller sur over denne helvetes Nusse. Eg er berre litt mutt. Seriøst, altså.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Nusse.?!? for et navn. ikkje hør på ho. eg er kjempe fornøgd med sørvisen! d skal eg jammen sei når eg møter nusselige nusse på min vei.

gardinene blei veldig bra. kom å sjå.

jeanette_s sa...

Frekke kvinnfolk! Ho har neppe jobba i ein butikk sjølv, og veit ikkje kor travelt det kan vere når alle skal ha ein liten bit av deg.
Synst du e flink eg!

Anonym sa...

Ja,seriøst also..domme,domme, ku-nusse!
Mamman og pappan min syns du va kjekke dei, og dei har jo handla me deg heeilt nylig! :)

Sasi sa...

hahaha...
dama har jo sinnsjukt med fritidsproblem, gidde å skrive noko slikt på ei side eg ikkje visste eksisterte.
Jajaminsann.

Anonym sa...

hehe..for ei snurpetøs:-)
nusse....pfft...
å så mutte da liksom..hehe..
syns nesten det va litt komisk eg..
mymymymymy..
lol

Anonym sa...

Langt fra nusselig fra nusse..
Ü hoho..

Anonym sa...

Ey!! Hvem sa at kunden har alltid rett. Hun har jo det, hvis hun har følt det slik. Tror ekspeditrisene i denne butikken er skikkelig sure altså...:)