mandag, januar 07, 2008

HERREMINHATT OG DRA TIL SJØSS Vi hadde vel alle våre meir eller mindre vellukka batikk-eksperiment på ungdomsskulen. Hedda, for eksempel, hadde sikkert ein heil garderobe full av heimebatikkerte klede. Eg heiv meg også på karusellen og mekka ei lilla t-skjorte frå UNO med fiffig kvitt splætt-mønster. Batikken var overalt der ei stund, til og med mongo-Willy fekk med seg trenden og investerte i ein batikk-sarong i gåve til meg då han var på sydenferie. Denne spikra eg med stor iver opp i taket i mitt akk så alternative pikerom den gongen. Om ikkje dèt var nok, var mitt aller største ønske til femtenårsdagen ein brun sarong frå Fellini (den mest innovative klesbutikken i Førde på den tida, no ein "redd-meg-eg-er-tjukk"-butikk) med batikkflekkar i dei mest diffuse fargar. Til mi store entusiasme fekk eg den, tidleg ein iskald november, og valsa stolt rundt i den, herleg frekt matcha med pologenser og støvlettar med altfor kraftig såle. No observerer eg til mi store skrekk at batikk er i vinden igjen. Kva skjer med jorda!? Om ikkje den globale oppvarminga var skummel nok! Fanden heller.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hva er det du forteller meg frøken?! Er det på vei inn igjen?! Nå står ikke verden til påske...
Grøss og fy skam!