søndag, september 19, 2010

Agnes - som levde i hundre år

Nesten som Tornerose, berre vaken. Det er ganske sprøtt å ha kjent nokon som vart så gamle. Enda sprøare at det var oldemora mi, og at ho var ein del av opphavet til det som vart bestemor mi, mamma, søstrene mine, meg. Maja og Leonard. At det nyaste mennesket eg kjenner aldri hadde vore til om det ikkje var for det eldste. Ikkje akkurat avansert matematikk, men det er så rart når ein tenker over det.

Oldemor opplevde og huska begge verdskrigane, det er jo heilt surrealistisk. At mannen hennar var på havet under krigen, at ho fødte tante Grete medan ho ikkje visste kvar han var eller om han eingong var i live. Dei høyrde ingenting frå han på fleire år, trudde han var død. Så plutselig stod han i døra og hadde ein treåring han aldri før hadde møtt. Må ha vore rimeleg høg "Ka farsken"-faktor på den augneblinken der.

Marthe-tremenning og eg overnatta hos oldemor for nokon år sidan, og tok oss den frihet å sjå i nattbordskuffene. Skulle nesten tru oldemor hadde rekna med det, for vi fann eit brev frå kvar av oss - skrivne med ustø barneskrift til Oldi for mange år sidan. Og så fann vi eit brev frå oldemor til oldefar, sendt under krigen. Brevet var igrunn overraskande daglegdags i formen det var skrive, litt sånn "ungan og sauan har det bra". Men likevel, vi kunne lese mellom linjene at ho prøvde å ikkje gjere han uroa over ting heime, og brevet nærast dirra av usagt kjærleik og redsel. Eg føler meg heldig som ikkje kan forstå korleis dei hadde det.

Oldemor var hardtarbeidande mor, husmor og aktiv politikar. Samtidig er ho mest sannsynlig den i familien eg har arva min kjærlighet til sko, vesker og skjerf frå. Vi snakker om ei dame som tok opp lån på åttitallet for å kjøpe ei veske i krokodilleskinn, som hadde ei skuff full av hansker og silkesjal og benytta kvar ei anledning til å svinse rundt i pelskåpa si.

Ho hadde nok kjærleik til alle og eg har aldri møtt nokon med mjukare hender. Etter å ha levd med mannen sin i femti år og deretter utan i tredve, unna eg ho kvile og forhåpentligvis møte han att ein stad. Men det er så rart at eg aldri skal sjå henne igjen.

6 kommentarer:

Sasi sa...

Gler meg til boka di kjem ut Trine.
Hoppar av glede kvar gang nye innlegg dukkar opp på bloggen din. Nyt å lesinga, du er så flink!

beekeeper sa...

Det skriver jeg under på også!
Og når var det du skulle melde deg på til skrivekunstakademiet i grunn?!

Trine sa...

Takk, søtinger!

Appelsin sa...

Fine folk, flink søster.
Eg trur tante Grete var litt eldre enn 3 år, var det ikkje i 45 han kom heim? (ho er fødd i 39)

Marthe sa...

Ååååh,æ har ikkje besøkt sia di på kjempelenge men så kom æ tel å tenke på den igjen.Åsså før en koselig overraskelse,å læs om ho oldemor.Æ huska åsså at ho hadde verdens varmaste å mjukaste hender å at ho hadde massevis av veske, skjerf å hanska.Før ei stramsn dama.Måtte flir godt av den krokodille veska,den har æ faktisk ikkje hørt før,moro.
Æ hadde heilt glømt at vi fant de brevan,det e et fint minne om ei fantastisk dama!!!
Æ huska kordan ho pønta sæ med korsett å kjola,alltid opprulla hår og glad i varm sjokolade :-)

ps: så flinkis du e tel å skriv.

Savna dæ.

Love M xx

Marthe sa...

Ååååh æ har ikkje besøkt sia di på kjempelenge men så kom æ tel å tenke på den igjen.Åsså før en koselig overraskelse,å læs om ho oldemor.Æ huska åsså at ho hadde verdens varmaste å mjukaste hender å at ho hadde massevis av veske, skjerf å hanska.Før ei stramsn dama.Måtte flir godt av den krokodille veska,den har æ faktisk ikkje hørt før,moro.
Æ hadde heilt glømt at vi fant de brevan,det e et fint minne om ei fantastisk dama!!!
Æ huska kordan ho pønta sæ med korsett å kjola,alltid opprulla hår og glad i varm sjokolade :-)

ps: så flinkis du e tel å skriv.

Savna dæ.

Love M xx