onsdag, mars 09, 2011

Vakkert


I anledning kvinnedagen sendte SVT1 ein dokumentar, "Women are heroes".  Filmen er laga av JR, ein fransk fotograf og gatekunstner. Han har saman med teamet sitt reist rundt i verda og portrettert kvinner i blant anna Rio, Kenya, India og Kamodsja. Kvinnene fortel historiene sine, sterke, forferdelige og vonde historier - men dei fortel også korleis dei har klart å reise seg og fortsette liva sine trass i undertrykkelse, vald og store tap og lidingar. Undervegs har JR laga gigantiske posterar og hengt i byane og nærmiljøa der kvinnene bur. Auga til kvinnene kunne sjåast på bygninger, tog, tak og murar. Dei blei sett av alle, og kvinnene sin stolthet over å bli både sett og høyrt var ekstremt rørande.




Filmen er vidunderlig vakkert filma, musikken er fantastisk, og sist, men ikkje minst vart eg umåtelig stolt og glad over å være ein del av alle verdas kvinner når eg såg denne filmen. Kombinasjonen av å være beintøff, sårbar og medmenneskelig er uslåelig. Og eg elsker JR som har gjort dette prosjektet. Sjå den om de kan!

Eg er forresten ikkje smart nok til verken å greie å legge ut trailerane ordentlig, eller fjerne linkane. Så der har de meg; woman of the web, not so much. Men søk opp "Women are heroes" på youtube, eller last ned heile og sett av ein kveld til tårer og gåsehud.

tirsdag, mars 08, 2011

Eg er kvinne,

og i dag er det min dag. Og alle andre kvinner, forsåvidt.

I utgangspunktet betrakter eg ikkje meg sjølv som kvinne. Ikkje dame heller. Men no når eg om litt bikker 30 år... Bør eg slutte å vere jente? Det siste eg vil er å ende opp blant dei som kaller seg "ei sprek jente på 63" i kontaktannonser. Men "dame"? Eg føler at ei dame bør gå i drakt. Og ha kort hår. Eg eig ingen drakt, og har heller ikkje særlig kort hår. Eg er faktisk såpass patetisk at min grad av lykkelighet minker i takt med lengden på håret. Men det er nok fordi eg aldri har hatt ordentlig sveis når håret mitt har vore kort. Med unntak av pottesveisen eg hadde som ettåring. Pottesveisen stilte riktignok ingen krav til meg når det kom til verken styling eller vedlikehold, så eg trur ikkje det teller. Eg skulle ønske eg var tøff nok til å bære kort hår med verdighet og livsglede. Men eg trur ikkje det hadde gjort meg meir kvinnelig. For sjølv om eg framleis berre er jente, er eg kvinne nok.

Og eg gleder meg sånn til å lufte alle jenteskoa mine når det blir mindre vind og regn! Dei står på rekke og rad og venter spent. Eg kan faktisk høyre dei sukke i utålmodighet og lengsel etter å svinse avgarde på brustein og dingle i handa når føtene mine skal gå på gras. Snart.