mandag, oktober 31, 2011
HURRAAAAAA!
Eg erklærer herved bursdagsuka mi for åpna! Søndag blir eg 30 år, og det føles så latterlig at eg ikkje kan forstå det. Men det skal feires!
Bilder lånt herfra.
søndag, oktober 09, 2011
Søndag; eg liker deg.
Bent trossa været og gjekk ut for å kjøpe nybakt brød. Lang frokost med aviser, kaffi og egg er alltid ein slager i min verden. Rød og eg hadde vurdert fjelltur, men ettersom det regna i kryss på vindua mine, sendte eg ho ein sms og sa at eg nekta. Ho var enig. To timer på Dromedar over meir kaffi og gulrotkake med favorittrødhåringen min var ei smart prioritering.
... Og alt dette skjedde når eg var tjueni. Beklager fokuset på tall. Eg veit det ikkje betyr noko.
... Og alt dette skjedde når eg var tjueni. Beklager fokuset på tall. Eg veit det ikkje betyr noko.
tirsdag, oktober 04, 2011
Ho gjer det igjen og igjen, ho Maria.
Mena, altså. Ho er ei av desse som berre får det til, og eg beundrer det veldig. Å lage såre, vakre sangar gang på gang, som kjennes ekte og tåredryppande og veldig private uten at ein tenker "no får du gjeee deg", eller som Bent seier; "slutt å syt".
Eg håper det er sant det som sangane og tekstane hennar får meg til å føle, nemlig at ho Maria Mena er ei skikkelig bra dame.
Dette bildet av henne får meg nesten til å dåne, og gir assosiasjonar både til Svanesjøen og Carrie Bradshaw på senga i Paris. Eg lånte det her.

Abonner på:
Innlegg (Atom)