Vi har hatt varetelling på jobb i helga, og heile uka gjekk med på førebuingar. Endte opp med å telle alt fra agurkskiver til sokker både før og etter jobb. En - to - en - to - ferdig. Deilig å ha det overstått, jentene jobba som heltar alle saman, som vanlig. Så i formiddagdag klokka to var siste tall tulla og vi kunne gå heim.
Bergen viste seg frå si aller beste side i dag, litt kaldt, berre. Så eg pakka meg inn i boblejakke, skjerf, lue og votter og gjekk for å lufte vekk tall og tekstiler frå hjernen. Med Arcade Fire på ørene var eg egentlig litt mutt til sinns i starten, men det gjekk fort over. For her-lig-het kor deilig det var å vere ute i dag! Rundt Store Lungen var det nesten antydning til knoppar på trea! Iallefall om eg myste og la godviljen til. Og då eg snudde nasen tilbake mot byn hadde sola gått ned og himmelen var rosa og timen blå. Ved brannstasjonen er det byggekaos og fire gigantkraner midt i det heile som forstyrra utsikten litt. Men det var så vannvittig fint, og eg blei varm om hjartet og tenkte: Bergen; eg elsker deg, baksida av deg inkludert. Så vart eg skjelven i knea, kom på at eg hadde spist altfor lite, og gjekk heim med månen over meg, tynn som ei negl.
Bildet lånte eg her.