Han syntes folk generelt burde "danse friare". Så han tilbragte mesteparten av tida liggande på dansegolvet, der han bukta seg som ein slange.
Ho stod på sida og rødma, visste ikkje kva ho var mest - sjenert eller sjokkert.
Så ho måtte finne ein avledningsmanøver, før ho begynte å grine av heile greia. Han var jo så rar.
- Bli med meg heim (Det var det enklaste ho kom på). - Eg kan ikkje, sa han. Eg kjem til å knytte meg til deg - hardt. Eg kjenner det på meg. Dessutan må eg opp klokka sju i morgon. Yoga og meditasjon i parken.
- Javel, sa ho, og trakk på skuldrane.
To månader seinare ringte det på døra klokka to om natta. - Eg har ombestemt meg.
Ho var skeptisk. Slapp han inn likevel. Han måtte vise henne noko. Viktig. Så han lasta ned ein song. Som ho måtte høyre. Det var ein teknosong. Den varte i over tjue minutt, og ho måtte høyre heile. For å forstå, liksom. Ho greide ikkje heilt å trekke ut det som var å forstå.
Då songen var over, såg ho på han: Du har kanskje noko meditering som må gjerast i morgon? Tidlig-tidlig, meiner eg?
- Jo, eg kom vel eigentleg på det no, sa han.
Så var dei einige.
Eg trur sannelig eg må begynne å skrive om folk sine menn igjen. Jammen lo eg godt når eg leita opp blant anna dette. Kven let seg intervjue? Eg har tid til helga!

2 kommentarer:
Herlighet, FOR en mann! haha.
Åja. Vedkommande fekk visst bilder av han i trusa på ein hest også. Så-eh..
Legg inn en kommentar