torsdag, september 27, 2012

Ooooktober!


Oktober er rett rundt hjørnet, det er ein evighet sidan forrige innlegg, og eg har fått ein veldig søt kommentar frå Linn som ønsker blogging kvar dag. Akkurat dèt kan eg nok ikkje få til, men eitt skal du få, kjære. Nett no. Ei liste. Over mine favorittkunder dei siste vekene. Så lover eg faktisk å vere flinkare framover, om ikkje anna berre for å tilfredstille heimflytta Gjersetdalingar.
Eg klarer forresten ikkje rangere dei etter grad av glede dei gav meg, ettersom det er vanskelig å måle fullstendig. Men i tilfeldig rekkefølge, mange gløymt, få nevnt. Heilt motsatt av korleis det gjerast på Oscarutdelinga.

1. Mi høgt elska Else, som berre går under navnet Browniedamen. Som eg savner når det er lenge sidan eg har sett, og som eg kan våkne opp og tenke på, som deretter nesten alltid kjem smilande ned trappa timar seinare. Vi har ein gylden tråd mellom oss, tydeligvis, sjølv om ho er minst tjue år eldre enn meg. Ja, ho var innom i dag, og ja, ho hadde med seg brownies. Ho er ikkje berre flott, kul og utrulig godhjerta, men baker som ei gudinne.

2. Ei dame frå Solund som kom innom og stoppa nedanfor rulletrappa og sa: ÅH, HERLIGHET! her har det blitt fint! det såg jo heilt vilt ut her i gamle dager! er dette din fortjeneste? Alt det sa ho nesten uten å puste innimellom alt, med ekte entusiasme og alt. Eg blei så glad.

3. Gutten som er yngre enn meg som er innom av og til, som tydeligvis har store problem med å forholde seg til andre menneske. Som ser ubekvem, sjenert og redd ut. Som omtrent kviskrar alt han seier, og som ikkje klarer å ha augekontakt meir enn et halvt sekund per minutt.
Og eg blir så stolt av han, for han kjem likevel. For å kjøpe sengetøy og laken, og han greier det heilt fint.

4. Ein høg, mørk og kjekk ein som var innom i går, som eg ville ta med meg inn på lageret. Men altså, eg prøver jo å vere litt profesjonell.

5. Ho som glømte brillene sine for ei veke sidan, som alltid er så blid på ein Smørbukkaktig måte. Som kom innom igjen i dag og blei "helt sjokket over at eg husket det" når eg spurte om ho ville ha tilbake brillene sine.

Folk er fine. Bortsett fra ho som alltid er full og trur ingen merker det, som syns det bare skulle mangle at eg skal tørke opp spyet til den lille dritthunden hennes. Ho er ikkje heilt optimal.

Lånte bildet her.









5 kommentarer:

Tjukka sa...

D høyres ut so en herlig jeng av dei sjeldne:) å takker og bukker for dedikasjonen, ej gleda mej til en bloggfull haust, d e jo høysesong for slikt no, e d ikkje?;)

N sa...

Hurra! Spar litt brownies til meg neste gong o so MÅ du prøva å snikfotografera desse heltane med telefonen din sånn at eg får sjå! (kun mello, oss altså! dei vil ikkje bli misbrukt ;)

johanna sa...

jeg liker å se folk gjennom dine øyne. alle blir liksom så unike og fine med alle sine underligheter og sjarmerende skavanker. utenom hun fulle da, med spy-bikkja. æsj.

Anonym sa...

haha flaks du er litt proffesjonell:) kjempefint skreve som alltid. Tenk at du får dei minste lille detalja og det som kanskje ikkje höres så spennande ut interessant likevel. Du e så flink. Glede meg til boka
Anne Mari
(eg kan ikkje bevise at eg ikkje e en robot... umulig å publisere kommentaren min jo)

Trine sa...

Eg prøver, jo. Eg kan med handa på hjartet sei at det aldri har foregått snuskete aktiviteter på lageret! :)

Og, ja, det blir vanskeligare og vanskeligare å motbevise at vi er roboter.