fredag, juni 30, 2006
onsdag, juni 28, 2006
tirsdag, juni 27, 2006
Shit! Eg har funne verdas beste blogg! Ein verkeleg godbit av dei skjeldne! Hundre prosent rein lukke!
Iallefall for slike som meg, som berre elskar biletseriane frå Oscar, Grammy og alle dei fasjonable festane i Hollywood, men som også får gåsehud av fryd når eg får sjå bilder av appelsinhuden til Naomi Campbell, kvisene til Cameron Diaz og bilete der Sienna Miller har bomma totalt på dagens antrekk.
Ja, eg veit dette er ein smule patetisk, dette er også eit klart teikn på at eg har lite å gjere på jobb i dag, men kjære alle mine venner:
Her er linken, slå dykk laus og sett av minst eit par timar til denne sida!
http://gofugyourself.typepad.com/
mandag, juni 26, 2006
Du veit at det er sommar når...
... gårsdagens spysjuke pappa tek middagskvilen i hagesofaen, ein kan kjøpe solbriller til Majamor uten at det er fullstendig latterlig, ein kan ta Trine-Martebilde på verandaen uten å bli våt i håret og mors gamle spikkakloggar kan stå i fred i meir enn ein time utan å bli fylt til randen av regn.
Jippi!
søndag, juni 25, 2006
Kampvilje!
Eg vil gjerne sitte i eit tre utan mat i mange dagar om eg kan hindre at kattepusungar blir drepne (meir eller mindre brutalt, samme det!).
Når ein har katt, kan ein vel anten gje dei p-piller eller sterilisere dei om ein ikkje vil ha kattungar? For eg vert seriøst heilt vill og hysterisk av at folk tek så lett på å avlive nydelige nøster som denne.
torsdag, juni 22, 2006
Vi har besøk av Heidi og Maja.
Heidi var forkjøla då dei kom, det samme var Majsa. No har M spydd ein dag, Heidi har spydd heile denne natta. Eg har blitt smitta av forkjølelsen og ventar spent på å kaste opp. I tillegg til betennelse i tanna. Dette er over all forventning, kva vert det neste? Eg gler meg sånn at eg kanskje utviklar elveblest og utslett kun på grunn av dette!
Og no ser det ut som om finveret kjem.
:)
onsdag, juni 21, 2006
Magesår..
Ikkje bare er eg forkjøla, har vondt overalt, i tillegg til å ha betennelse i ei helvetes visdomstann. I tillegg har eg nok et gryande magesår på gang.
Dette ligger nok i min natur å få, siden begge tantene mine har hatt det i tillegg til mamma. Og eg har sterke minner fra barndommen om ei bestemor som alltid spydde. Det var før alle mirakelkurane som tok vekk magesår, iallefall symptoma, på null komma niks.
I dag er Marte sin siste dag på ungdomsskulen, så ho skal få vitnemål og greier, sjølvsagt i ein heilag og særs høgtideleg seremoni. Mamma har ein tendens til å verte stressa på slike dagar. Stressa i ei betydning som eg trur kun fins her i dette huset. Ho vert hissig, ho vert høglydt, ho går veldig hardt, alle er dumme og alle burde gjort ting annleis. Eg blir gal, Marte vert forbanna og pappa gjer seg usynleg og gøymer seg i krokane.
På slike dagar må vi finne oss i å verte kjefta huden full av grunnar berre ho forstår. Og uansett kor mykje vi vil hjelpe, får vi ikkje lov, for kun ho gjer det bra nok. Og sjølv om ho syns at vi burde gjere ting annleis, fordi vi får så dårleg tid, er det alltid ho som vert ferdig sist. Og det er nok vår feil det også.
Kva er det med slike dagar som gjer mor mi til eit monster? For ho er jo så snill og søt til vanlig!? Eg er forvirra. Og ein smule fortvila. Og dette var sikkert dårlig gjort å utlevere mor mi på denne måten. Men det har ho jammen fortjent. For ho gjer meg magesår den dama der.
søndag, juni 18, 2006
lørdag, juni 17, 2006
Kva står skrive i Trine si panne?
and then there's those other things
which for several reasons we won't mention
everything about them is a little bit stranger
a little bit harder
a little bit deadly
it isn't very smart
tends to make one part so broken-hearted
Dette er frå ein song av Rufus Wainwright, som heiter Sigarettes and Coffee. Som handlar om ting han treng og har lyst på. Eg har derimot ikkje lyst på desse tinga.
torsdag, juni 15, 2006
Dagens fråga; Korleis vite at ein er i live og har det bra no til dags?
Her kjem svara (kven skulle trudd det):
- Eg har fine songar på Ipoden, les Frou Frou, Death cab for cutie, the shins, og ein song som heiter "bright smile, dark eyes". Og alltid, alltid, min Tori.
- Det var sol og varmt ein dag, eg kunne ligge på stranda innsmurt i kokos-olje og ikkje fryse. (Det er sant!)
- Toblerone i kjølen!!! JA!
- Nye gullsko!
- Brun kropp
- Fikk gå i bryllup, på årets finaste dag, til jølsters vakraste brud, fikk gå med fine sko, gullveske og ha på meg masse gullstæsj.
- Fikk også drikke gin og vin i godt selskap, med perfekt lunch:)
- Eg fikk style og sminke ein gut før bryllupet. Eg er så HELDIG!
- Kan spise is når eg vil - det er jo sommar!
- Skal få sjå og leike med alle desse menneska i næraste framtid:
Heidi, Maja, Sasi, Netty, Eli, Cecilie, Velaug, Caroline, Anne Mari, forhåpentligvis Kristinemor også. Kort oppsummert er dette alle mine favorittar!
- Eg sovnar til Martha Wainwright om natta, den fine franske songen. Ikkje fullt så kjekt at eg også vaknar til den samme songen, passelig i ørska, sånn i firetida. (Dette veit eg at Caroline kjenner til, og får spasme og kløe berre ved tanken på dette.)
- Eg har fått lage masse smykker i det siste, til og med fått sydd litt!
Kva kan eg sei? No jenter og andre, fortell Trine kva som gjer dykk lukkelege for tida. Og eg skal ikkje ha nokon ironiske kommentarar om å vaske lugubre hotellrom, okei Jeanette?
lørdag, juni 10, 2006
fredag, juni 09, 2006
Pink bullets
I was just bony hands as cold as a winter pole
You held a warm stone out new flowing blood to hold
Oh what a contrast you were
To the brutes in the halls
My timid young fingers held a decent animal.
Over the ramparts you tossed
The scent of your skin and some foreign flowers
Tied to a brick
Sweet as a song
The years have been short but the days were long.
Cool of a temperate breeze from dark skies to wet grass
We fell in a field it seems now a thousand summers passed
When our kite lines first crossed
We tied them into knots
And to finally fly apart
We had to cut them off.
Since then it's been a book you read in reverse
So you understand less as the pages turn
Or a movie so crass
And awkardly cast
That even I could be the star.
I don't look back as much as a rule
And all this way before murder was cool
But your memory is here and I'd like it to stay
Warm light on a winter day.
Over the ramparts you tossed
The scent of your skin and some foreign flowers
Tied to a brick
Sweet as a song
The years have been short but the days go slowly by
Two loose kites falling from the sky
Drawn to the ground and an end to flight.
Dette er ein song eg likar kjempegodt. Teksten er så fin og rar, og vert sjølvsagt
aller best når ein høyrer songen samtidig. Gjer det! Dei som syng den heiter
The Shins. And I love them!:)
Tilbake frå sjuden...
Og vi har hatt det så fint! Eg skal fortelle meir ein anna gang, tenkte å få med bildene på samme tid, og dei har eg ikkje no.
Mitt første spørsmål når eg returnerte til heimlandet er som følger;
Kva tenker Christina Aguilera når ho går på fest i denne sminken? Kva er greia med rouge i håret, som forresten ser slimete og litt grønnaktig ut? Kan nokon vere så venlege å finne ein ny stylist til henne? Eg melder meg frivillig!
Abonner på:
Innlegg (Atom)