onsdag, juni 21, 2006
Magesår..
Ikkje bare er eg forkjøla, har vondt overalt, i tillegg til å ha betennelse i ei helvetes visdomstann. I tillegg har eg nok et gryande magesår på gang.
Dette ligger nok i min natur å få, siden begge tantene mine har hatt det i tillegg til mamma. Og eg har sterke minner fra barndommen om ei bestemor som alltid spydde. Det var før alle mirakelkurane som tok vekk magesår, iallefall symptoma, på null komma niks.
I dag er Marte sin siste dag på ungdomsskulen, så ho skal få vitnemål og greier, sjølvsagt i ein heilag og særs høgtideleg seremoni. Mamma har ein tendens til å verte stressa på slike dagar. Stressa i ei betydning som eg trur kun fins her i dette huset. Ho vert hissig, ho vert høglydt, ho går veldig hardt, alle er dumme og alle burde gjort ting annleis. Eg blir gal, Marte vert forbanna og pappa gjer seg usynleg og gøymer seg i krokane.
På slike dagar må vi finne oss i å verte kjefta huden full av grunnar berre ho forstår. Og uansett kor mykje vi vil hjelpe, får vi ikkje lov, for kun ho gjer det bra nok. Og sjølv om ho syns at vi burde gjere ting annleis, fordi vi får så dårleg tid, er det alltid ho som vert ferdig sist. Og det er nok vår feil det også.
Kva er det med slike dagar som gjer mor mi til eit monster? For ho er jo så snill og søt til vanlig!? Eg er forvirra. Og ein smule fortvila. Og dette var sikkert dårlig gjort å utlevere mor mi på denne måten. Men det har ho jammen fortjent. For ho gjer meg magesår den dama der.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Eg trur nok alle mødre har slike tendensar, det è berre å ri stormen av og så blir det så bra når dei blir blide og avslappa igjen.
Eg sender deg eit bli-frisk-puss:)
Taakk:)
Ho har nok komt over det no. Når festen e over.
sånn har vi det og. spesiellt med at mamma alltid blir sist ferdig, ogso får vi jefta for at vi e seine... tyyypisk mødre!
Legg inn en kommentar