
Vegard døydde natt til fredag 17. november. Anne Mari kom til Florø mandag kveld, så eg henta ho der. Godt å sjå ho igjen, og få snakke med ho om Vegard - ho som har kjent han alltid.
I går hadde Vegard fylt 25 år, så vi var hos familien hans på besøk om kvelden. Alle søskena hans var heime, nokre andre av vennane hans. Det var fint å sjå dei alle saman, rart å sjå kor mykje det er av han i alle saman. Samtidig forferdeleg tungt å vere i hans heim, der eg alltid før har vore for å leike med Vegard. Så
er han berre ikkje der lenger. Og vil heller aldri meir vere det.
Begravelsen er på fredag. Det blir ein tung dag. Men eg trur det vil bli tydeleg kor mykje han betydde for så forferdeleg mange. Kor mykje han fekk gjort for folk. Men samtidig var det ikkje - no - vi skulle ta avskjed med Vegard. Det ville ha kome for tidleg uansett.