onsdag, november 22, 2006

Vegard døydde natt til fredag 17. november. Anne Mari kom til Florø mandag kveld, så eg henta ho der. Godt å sjå ho igjen, og få snakke med ho om Vegard - ho som har kjent han alltid. I går hadde Vegard fylt 25 år, så vi var hos familien hans på besøk om kvelden. Alle søskena hans var heime, nokre andre av vennane hans. Det var fint å sjå dei alle saman, rart å sjå kor mykje det er av han i alle saman. Samtidig forferdeleg tungt å vere i hans heim, der eg alltid før har vore for å leike med Vegard. Så er han berre ikkje der lenger. Og vil heller aldri meir vere det. Begravelsen er på fredag. Det blir ein tung dag. Men eg trur det vil bli tydeleg kor mykje han betydde for så forferdeleg mange. Kor mykje han fekk gjort for folk. Men samtidig var det ikkje - no - vi skulle ta avskjed med Vegard. Det ville ha kome for tidleg uansett.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Kjære Trine

Så trist å høre om Vegard.
Selv om jeg heller ikke nå har ord som strekker til,
så vil jeg bare si at jeg tenker masse på deg. Det er vondt å bare sitte igjen med minnene av en god venn.

Varm klem, velaug

jeanette_s sa...

Eg tenke på deg kjære Trine.

Trur Vegard sette uendelig pris på å ha ein venn som deg.

Anonym sa...

vi tenker masse på alle dåkke som stod Vegard nær,ord blir så veldig fattige..
tenner et lys og sender våre varmaste tankar.
masse klemmer fra c & a.

Sasi sa...

Han fekk endeleg fred, men so ufatteleg at han skal måtte få fred NO, berre 25 år gammal. Det er når slikt skjer at ein skjønne kor skjørt livet er og at ein virkelig må leve mens ein kan. Der har i allefall eg nåke å lære. Tankane er med deg og alle som har det vondt no.

Anonym sa...

Håper det går fint med deg vennen, sjølv om dette er ubeskrivelig trist.

Anonym sa...

Ord vert svært fattige.
Eg tenkjer på deg.