tirsdag, mai 08, 2007

Min første jobb var på Førde Fargehandel. Der jobba eg med ein drøss med menn, som gjorde hobby av å få meg til å rødme mest mogeleg ved å slenge meir eller mindre morsomme og slibrige kommentarar til ein små-usikker femtenåring. Eg kom over det, og fekk etterkvart ei skarpare tunge sjølv, greide til og med ved eit par anledningar å få dei til å rødme dei også. Men det var ikkje det eg skulle skrive om no. For eg kom på ein ting i går, noko så fint at det kunne ha vore i ein film, iallefall i mitt hovud. Åge har jobba på Fargehandelen i ein halv evighet, heilt sidan han var tjue eller noko, og nett kom heim frå eit par år som sjømann. For mor hans syns han trengde å få seg vekk litt. Eg trur han var ein rampis - i litt stor grad, liksom, før han drog iallefall. Ein kan framleis sjå signala, men berre på ein komisk og fin måte, han er trass alt ein vaksen mann no. Iallefall; når Åge var på havet, var han innom Vietnam, faktisk under krigen. Han fall pladask for landet og folka der, og fekk seg etterkvart både eit stort kontaktnett og ei rønne av eit hus, i Hanoi, trur eg. Så kvar vinter drog han dit, på "ferie". Han hjalp folk med ditt og datt, bygde litt her, mekka litt der. I tillegg til å vere litt på fylla og hente seg litt inn igjen etter ein lang regnhaust i Førde. Ein av gongane han var på ferie, vart han så grenselaust irritert på alle menna i nabolaget. Dei berre hang rundt og gjorde ingenting, sa Åge, dei berre satt i skuggen dagen lang og venta på at konene skulle lage middag til dei, før dei drakk uidentifiserbar alkohol (kanskje sånn slangevin Åge var så elskverdig å introdusere meg til - men det er iallefall ei anna historie), heilt til dei slokna og dagen var over. Så søte, søte Åge, gjorde dette; Han leigde ein diger bil, ga beskjed til alle menn i nabolaget at dei fekk greie seg sjølv ei stund, og tok med seg kvinner og born for å vise dei havet. Sjølv om havet ikkje var langt unna, hadde ingen av dei sett det før, og alle sammen var heilt ville av begeistring. Dei leigde tre-fire bungalowar på stranda og var der i fire dagar. Åge stod for matlaginga, og sat ellers berre og betrakta dei leike rundt på stranda og i sjøen frå terassen sin. Så drog dei attende til byen, og alt var som før, sa Åge. Eg trur ikkje det var det. Eg trur dei alltid vil ha desse dagane som eit stort og kostbart minne, og Åge forstår ikkje eingong kor fint det var det han gjorde for dei. Og det gjer det berre enda finare.

7 kommentarer:

Anonym sa...

og du skriv så fint....


hilsen han som liker deg best !

Anonym sa...

Jeg er særs enig med han som liker deg best!
Og Åge er en fin mann...Vi vil ha flere av han!
:)

Anonym sa...

Lure på om eg kanskje skal gifte meg med Åge, eg.

Anonym sa...

Takk, takk, ein må vel skrive fint om fine folk;)

Men molly, åge e litt gammel for deg.

Anonym sa...

For ei fin historie!
Eg har ikkje lest bloggen din på lenge lenge, har vore altfor opptatt med skule, jobb, brannmenn, sol og anna. Men no har eg kosa meg og lest i ein halvtime :)Masse fine bilde og masse kjekt å lese!

Monica sa...

Åge er ein kjernekar.

Sasi sa...

For ein fantastisk fin mann!