fredag, mai 04, 2007

Den kom, det samme gjorde eg. Iallefall på Platekompisen. "American Doll Posse" har blitt med i gjengen av alle dei andre Toriplatene. And I Love it! Sjølv om det skal nevnast at eg ikkje heilt har hørt den inn enda. Dette har vore nok ei helvetesveke, men fjortentimers dagar på skulen for å gjere ferdig kontoroppgåva. I tillegg var eg hos tannlegen og fekk sprengt ut ei teit visdomstann på mandag, og etter det har eg vore meir eller mindre konstant i paralgin forte-rus. Det var vondt. Og Netta har nokre svært flatterande bilder frå første mai der kinnet mitt ser ut som om det inneheld ein halv middag eg har glømt å tygge. Eg veit ikkje om folk framleis les denne bloggen, eller om alle kun befinn seg i Facebookverda. Eg er iallefall litt her. Litt der. Og - heldigvis - i den verkelege verda.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg er her - alltid parat til å trøste Svampebob.

Monica sa...

Eg les denne bloggen! Etter ei lita tid på facebook trur eg nesten at eg boikottar det nesten. Den verkelege verda er betre!

Anonym sa...

Buhuuheheeh, svampebob, det er meg!:)