
Tida er inne for nye lister. Har eg hørt. Dei vert ikkje så lange denne gangen. Dei skal vere korte, men aktuelle. Here goes:
Utgår:
Folk som MÅ sitte vedsiden av meg på bussen og høre på tekno. Høgt
Fylleangst/fyllesjuke
Håndklestøv i hjernen. Faktisk inne i hjernen, altså
Lillebrødre som nektar å komme ut
Manglande entusiasme. Generelt
Negativitet
Regn, særlig type yr, som er eit litt for velkjend fenomen om dagen
Stiv nakke
Å ta einannan for gitt
Å innsjå at fylleangst/fyllesjuke kun er min eigen feil
Inngår:
Arcade Fire
Barn som vert fødde. Spesielt eit barn (du veit sjølv kven du er)
Blomar ein finn på gata, ute i september, som ein kan ha i håret
Fine folka som eg er frykteleg glad i
Haruki Murakami
Kashmir
Kalde, klare haustdagar. Utan yr
Kjæresten (du er også under fine folk)
Maja
Månadens einaste frilaurdag
Stjernehimmelen på Tonsåsen
Søster i byen
2 kommentarer:
Om ikkje lillebror tek hintet no så veit ikkje ej!
Sjønna at dei siste dagane he verka kraftig inn på listene dine. Kan d stemme at du va en smule fyllesjuk på torsdag? Etter en blomsterfin dag ute me tøsene;)
Og herved lanserast ei enda kortare liste, fra ei som er noko frustrert og lei...:
Utgår:
Masteroppgåve-skriving.
Inngår:
Nye innlegg på fantastiske bloggar.
Og Alt anna!
Legg inn en kommentar