fredag, september 07, 2007

Ny liste - Ting å gjere medan ein ventar på at ein fødsel skal vere over. (For sidan kroppen min er koko og full av sympati-fødselsmerter, er soving heilt klart på lista over ting som utgår) 1. Sjå på detektimen. 2. Starte på Kung-fu-hustle, men slutte midt i, sidan ein ikkje greier å følge med i handlinga. 3. Spinne rundt på H & R sitt nye flossteppe. 4. Vurdere å sjå Six feet under, men innsjå at ein vil verte desto meir emosjonelt forstyrra. 5. Flette alt håret på hovudet med bittesmå fletter kun beståande av tre hårstrå kvar. 6. Ha stor tru på at fletteprosjektet vil få tida til å gå fortare. 7. Innsjå at punkt 5 og 6 var utruleg dårlege punkt og gje opp. 8. Leite etter neglelakk. 9. Innsjå at punkt 8 også var elendig, sidan Heidi ikkje er kjend for å lakke neglene. Ikkje Rune heller, forsåvidt. 10. Skrive i bloggane (som de kan sjå). 11. Vurdere å om-organisere bokhylla. 12. Tenke på om ein skal organisere alfabetisk eller etter farge. 13. Bli enig med seg sjølv om sistnevnte. 14. Drite i heile greia. 15. Ønske at nokon var vakne, nokon som ville syns det er kjekt å snakke med lettare frenetisk jente om søstera sin fødsel i minst fem timar, eller eventuelt til begge sovnar. 16. Sminke seg sjølv så mykje at ein ser ut som ein drag-artist. 17. Fjerne alle spor av punkt 16. 18. Sjekke ut alle jentene på iform.no, og verte sjokkert av at det går an å sjå slik ut og samtidig faktisk vere jente. ...eg kunne fortsatt, men eg reknar med alle har skjønt poenget. Eg ventar, og vert sakte sinnsforvirra undervegs. Kanskje eg skal satse på at punkt 19 vert å legge seg og faktisk greie å sovne!

2 kommentarer:

Sasi sa...

Eg veit ikkje kossen du klarte det, men det har du no gjort på ein eller anna finurlig måte...:) Rart kossen ein blir så fucka av slike situasjonar.
Gratulerer!

Anonym sa...

..Venter på oppdateringer...
..Venter på oppdateringer...
..Venter på oppdateringer...
..Venter på oppdateringer...
..Venter på oppdateringer...
..Venter på oppdateringer...
..Venter på oppdateringer...
..Venter på oppdateringer...

...waiting for syncronization..
...waiting for syncronization..

...TIMEOUT!!