søndag, mars 15, 2009

No skal vi sjå. Om eg framleis greier blogge Etter over eitt år. Har eg framleis eit såpass interessant liv at det kan skrivast om det? Ved nærare ettertanke har eg vel som oftast skrive om det, uansett kor uinteressant kvardag eg har. På over eitt år - har eg lært noko nytt? Har det skjedd noko? Lat meg lage ei liste. Dette har skjedd: - Eg har fått ny nevø, som no er over eitt år og kan sei Hei i ein dørstoppar, når han lét som den er ein mobiltelefon. - Eg har blitt sambuar. Dette var stort, etterlengta og veldig gøy. - Eg har blitt sjef - plutselig, intenst og hektisk. - Eg har fått langt hår, klippa lugg, angra, spart den ut igjen, klippa lugg, angra igjen. No får eg den snart i hestehalen, så alt er klart for ein sommar utan svett panne. - Eg har gifte bort Anne Mari, vore i Göteborg, Helsingborg, København, Valdres og Praha. - Til sommaren skal eg til New York - eit resultat av ein overveldande premie eg vart tildelt under forrige jobbsamling. Dette var berre eit assortert utdrag. Det har strengt tatt skjedd ein heil del meir. Dette har eg lært: - At kvardagar er deilige, sjølv om dei kan sjå kjedelige ut, både nært og på avstand. - Nokre jenter kjem aldri til å innsjå at dei ikkje skal bruke hudfarga strømpebukse. Det må eg berre lære meg å leve med. - Eg kan være både streng og sint, utan at verda går under og folk vender ryggen til meg. Dei vert berre lettare sjokkert til å begynne med. - Det er visst på tide å kjøpe steinvaska jeans igjen. Eg kjem til å nekte ei god stund til. Når eg til slutt ikkje greier la vere lenger, kjem ei viss storesyster til å le så ho tisser på seg om ho nokongong oppdager dette. Ein mjuk start. Eg skal begynne å blogge igjen. Eg gler meg allereie.

2 kommentarer:

Sasi sa...

Hipp hipp hurra!
Dette var ein særs god ting ☻
Eg gler meg!

Anonym sa...

oioioi
endelig liv i leiren
fint at du blogga igjen
:-)
myspys