søndag, mai 23, 2010

Eg har ikkje lyst på te.



Eg gidder ikkje å dusje. Eg vil ikkje ha sjokolade. Eg vil ikkje at Bent sin genser skal få meg til å sjå så kort ut. Eg vil ha lange bein. Eg vil at håret mitt skal tørke superfort, at sminken legg seg på av seg sjølv, og at eg ikkje har krøller lenger. Eg veit at eg ønska meg det når eg var liten og hadde hår stritt som strikkepinner, men eg angrer no. Eg vil ikkje gå ut og vite at alle ser lang vei at eg var lettere kanakkas i går. Eg må ha, eg må ha, solbriller på. Og da kreves det faktisk sol. For eg vil ikkje vere ei av dei som går med solbriller i overskya vær. Og eg vil iallefall ikkje vere ei sånn som går med solbriller inne.

Eg skulle egentlig ønske meg ei meir positiv innstilling i dag. Får dusje, føne håret, glatte det (eller faktisk drite i det), ta ein kopp te mens eg sminker meg (berre litt), ta på meg noko anna enn Bent sin genser, spise ein sjokoladebit, ta solbrillene i veska og stikke på 7/11 og sjå om dei har velvilje og godt humør til salgs. Tar kanskje til takke med Ben&Jerry-is om førstnevnte er utsolgt.

3 kommentarer:

Molly sa...

Nnngh! "Husk at noen er glad i deg". Ps: Eg like korte best, med eller uten livsglede. Og te e jo på en måte litt ehkelt.

Trine sa...

Eg er glad for at "noen" er glad i meg! Og helst at det er deg, for eksempel!

nathalia sa...

Eg er lykkelig over linken til bloggen din! Har savna denne sida, og i dag kost meg masse med å oppdatere meg på nytt. I tillegg så fekk eg veldig lyst på te hjå deg!

P.S. I LOVE YOU