mandag, mai 24, 2010

I dag kjentes det ok igjen med te;

Eg føler eg kanskje var vel streng og mutt i går morges. Den teen fekk ufortjent tyn.

I dag stod eg opp tidlig, dusja og tok på meg fjeset heilt uten å skape meg. For klokka ni kom nemlig Sanna - kunstnarvenninne av Bent, (fantastiske bilder, sjå berre her: http://www.susannakajermo.se/) for å avlevere hunden sin Kompis, som eg skulle passe. Kompis er ein dansk-svensk gårdshund, berre kvalpen. Så dagen har vore prega av intens hopping, springing, litt biting og masse kos. Eg ønsker meg også ein Kompis!

Og, ja, planen var å sei noko bra om te i dag. For å veie opp for gårsdagen, liksom. Pukka-te er min favoritt, eg elsker alle smakane, noko som begynte å by på finansielle problemer ettersom at dei koster omtrent 70 kr i butikk. Det må jo seiast å vere i overkant råflott pris om ein har tenkt å drikke mykje (og det hadde eg tenkt). Så før jul sjekka eg heilt for moro skyld om det var mulig å bestille på nettet. Og sannelig! På pukkaherbs.com plukka eg alt eg kunne få for tohundre kroner i handlekurven. Nokre dagar seinare kunne eg hente ein gigantpakke i posten, og holdt på å le meg i hel når eg tok alle eskene utover kjøkkenbordet. Ikkje mindre enn 11 esker! Snittprisen blei dermed ein god del lavare enn i butikken. Eg følte meg ekstremt lur og veldig heldig. No er det snart på tide å bestille på nytt.

Så moralen er - te er godt, Trine er lur. Snakkas!

7 kommentarer:

Sasi sa...

Jammen virka det, no fekk eg også lyst på te, og ikkje minst fekk eg lyst til å bestille. Alltid like morro å få mykje for lite ;)

anja sa...

du får de på kipekee.no til 49,- per stk.:)

Trine sa...

Men direkte fra Pukka blir det jo ikkje 20 kroner pakken engang :) Ja, ein føler seg veldig spesiell når ein bestiller der, Sasi - fikk til og med ein mail der dei lurte på om pakken hadde komt fram, og om eg var fornøgd og generelt lykkelig. Og sånt. Skal bestille så snart eg får lønn, så kan vi ha te-fest! :)

Johanahata sa...

Så fantastisk! I <3 te. Jeg vil og bestille! :D

Johanahata sa...

Så fantastisk! Jeg vil og bestille. :D Du må ikke bli sur på te igjen- te gjør så godt den kan med å trøste, varme og gi kos når man trenger. I <3 te.

beekeeper sa...

Fantastisk tips, gode du ;)

Lene sa...

Ååååå! Så bra du skrev ned linken, for den har jeg lurt på lenge. Ble jo helt avhengig av de etter jeg fikk de til jul av deg. Takk snille-Trine!!! =D