mandag, desember 06, 2010

Det er litt synd i denne bloggen


For det første:

- Den har berre ein følger (Men takk for støtten, Ina!)

For det andre:

- Den får kanskje litt få innlegg for tida. Mogleg årsak til kun den eine følgeren.

For det tredje:

- Innlegga har vore litt gørre. Eg veit det.

Eller, dei to siste tyder iallefall på høg stemning i Gøteborg! Det var fint, deilig og fantastisk. Merkelig kor fort ein kjem ut av det dagleg-kjedelige og inn i feriemodus berre av å krysse grensa til nabolandet. Eg blir så glad av å henge med Anne Mari, min semi-svenske bestis. Og det er luksus å sjå kvarandre to gonger i løpet av eit halvt år. Gøteborg er ein nydelig, nydelig by, og Bent og eg klarte på mystisk vis aleine å snuse oss fram til dei finaste skattebutikkane og den beste kaffebaren mens Annemi og Charlie var på jobb.

A & C har brukt sommaren og hausten på å pusse opp ny leilighet, og har gjort ein fantastisk innsats. Heimen deira er fabelaktig - det gamle råloftet har peis og tusen meter under taket, gjesterommet har vidunderlig tapet dei sjølv har lagt på rund vegg - eg er imponert! Og begeistra.

Ingenting topper ei lang helg fylt av herlig selskap, god mat, masse vin og latter! Engergiboost av ypperste klasse.

No er det desember og kræsjlanding. Men eg har stjerner utanfor stovevinduet. Både over og under. Og det er det ikkje alle som har!

4 kommentarer:

beekeeper sa...

Det er litt synd på Trine.

For det første:
- Ho tror ho bare har en følger. Og det er jo bare tøys. Jeg titter innom skattekista rett som det er.

For det andre:
- Ho har det kanskje for travelt til å skrive på bloggen sin hver dag. Men desto mer stas når det først er noe der!

For det tredje:
- Bloggen hennes er veldig lite gørr. Jeg koser meg med alle innslag. Men tenker ofte at det er fryktelig langt mellom B-byen og O-byen i grunn...

Sasi sa...

Eg er jo fast følger Trine, berre godt skjult for omverda, kanskje eg berre blei ein snik.

Hoppar av glede for kvart nye innlegg!

Anonym sa...

Og eg som heilt har glömt at du har begynt å oppdatere bloggen igjen. For et NYDELIG inlegg! Det va så underbart å ver med deg og:) Du e fantastisk og nydelig og spesiell. Rett og slett den ultimate bestisen og det va så kjekt å ha dåkke her:) NUSS!

Anonym sa...

Å eg hadde heilt glömt at du har begynt å oppdatere bloggen igjen. Og for et NYDELIG innlegg! Det va så fantastisk å ha deg her og. Heilt undebart:) Du e ei stjerne som eg savne kvar dag. Takk for fantastisk besök. SKulle önske vi budde i samme by!